Lov om vegar (veglova)

Type Lov
Publisering 1964-01-01
Status I kraft
Departement Samferdselsdepartementet
Kilde Lovdata
Endringshistorikk JSON API

Kap. I. Inndeling og nedlegging av vegar.

§ 1.

Offentlig veg er veg eller gate som er open for allmenn ferdsel og som blir halden ved like av stat, fylkeskommune eller kommune etter reglane i kap. IV. Alle andre vegar eller gater blir i denne lova å rekne for private.

Til veg blir òg rekna opplagsplass, parkeringsplass, haldeplass, bru, ferjekai eller anna kai som står i beinveges samband med veg eller gate.

§ 1 a.

Formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Det er ei overordna målsetting for vegstyremaktene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken og ta omsyn til grannane, eit godt miljø og andre samfunnsinteresser elles.

§ 2.

Offentlige vegar er riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar.

– – –

Departementet kan gi nærare føresegner om gruppering og klassifisering av offentlige vegar.

§ 3.

Alle vegar som var riksvegar etter den tidligare veglova, er riksvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Etter at fylkeskommunen – i Oslo kommunen – har uttala seg, kan departementet ta opp fylkesveg, kommunal veg eller privat veg som riksveg.

§ 4.

Alle vegar som var fylkesvegar eller bygdevegar etter den tidligare veglova, er fylkesvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen ta opp kommunal veg eller privat veg som fylkesveg.

§ 5.

Alle vegar som utan å vere tatt opp som bygdevegar etter den tidligare veglova, var haldne ved like av ein kommune, er kommunale vegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Kommunen kan gjere vedtak om å ta opp privat veg som kommunal veg. Jamvel om slikt vedtak ikkje er gjort, er ein veg å rekne for kommunal veg når kommunen har tatt over vedlikehaldet etter reglar i plan- og bygningslova.

§ 6.

Vedtak om bygging av offentlig veg gjer Stortinget for riksveg, vedkomande fylkeskommune for fylkesveg og vedkomande kommune for kommunal veg.

§ 7.

Etter at fylkeskommunen – i Oslo kommunen – har uttala seg, kan departementet gjere vedtak om at riksveg skal leggjast ned eller gjerast om til fylkesveg eller til kommunal veg.

Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen gjere vedtak om at fylkesveg skal leggast ned eller gjerast om til kommunal veg.

Kommunen kan gjere vedtak om at kommunal veg skal leggast ned.

Vedtak etter første og andre ledd kan likevel ikkje settast i verk utan at vegen oppfyller tekniske krav etter nærare retningsliner gitt av departementet.

§ 8.

Blir offentlig veg nedlagt, kan vedkomande styremakt gjere vedtak om at veggrunnen heilt ut eller delvis skal nyttast til anna offentlig vegføremål eller til føremon for ferdsla eller dei vegfarande. Som føremon for ferdsla eller dei vegfarande vert òg rekna at bruer, murar, vegstykke eller andre delar av vegen etter vegstyremakta sitt skjønn er verneverdig slik at den bør haldast ved like for komande slekter.

Nedlagd offentleg veg som ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, kan vedkommande styremakt legge ut til bruk som privat veg etter denne lova.

Blir offentlig veg nedlagt, og veggrunnen ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, og vegen heller ikkje blir utlagt til privat veg, har eigar av eigedom som støyter til vegen rett til å krevje veggrunnen lagt til eigedomen sin mot vederlag etter skjønn, eller dersom ny veg skal byggast over eigedomen hans, mot frådrag etter skjønn i vederlaget for eigedomsinngrep til slik veg. Støyter fleire eigedomar til vegen, skal moglig tvist om fordelinga avgjerast ved skjønn.

Kap. II. Vegstyremaktene.

§ 9.

Statens vegvesen med eit Vegdirektorat er vegstyremakt for riksvegar, under leiing av ein vegdirektør. Departementet gir nærare føresegner om korleis Statens vegvesen skal vere organisert, og kva styringsområde det skal ha. Departementet kan gi føresegn om at styremakt som Statens vegvesen har til å gjere vedtak som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av bestemte riksvegar, skal leggjast til eit statleg utbyggingsselskap for veg. Statens vegvesen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av riksvegar, skal leggjast til fylkeskommunen og kommunen.

Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av fylkesveg, skal leggjast til Statens vegvesen og kommunen.

Vegstyremakt for kommunale vegar er kommunen.

§ 10.

Statens vegvesen, eit statleg utbyggingsselskap for veg med oppgåver etter § 9 første ledd, fylkeskommunen og kommunen, har eit sjølvstendig ansvar for samfunnstryggleik og beredskap for høvesvis riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Statens vegvesen har ansvar for nasjonale oppgåver som gjeld samfunnstryggleik og beredskap, nasjonalt register for vegdata og trafikkinformasjon for offentleg veg.

Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner om ansvar og samarbeidsplikt etter første ledd.

§ 11.

For forvaltningsavgjerder etter denne lova gjeld reglane i forvaltningslova.

Vegdirektoratet er klageinstans for vedtak gjort av eit statleg utbyggingsselskap for veg dersom ikkje anna følgjer av tredje ledd. Departementet kan i forskrift gi føresegner som fråvik føresegna i første punktum.

Statsforvaltaren er klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar.

Statens vegvesen er klageinstans der styremakt er lagd til fylkeskommunen eller kommunen ved forskrift etter § 9 første ledd fjerde punktum.

Fylkeskommunen er klageinstans der styremakt er lagd til Statens vegvesen eller kommunen ved forskrift etter § 9 andre ledd andre punktum.

Kap. II A. Tilsyn med riksveg.

§ 11 a. Vegtilsynet

Vegtilsynet skal føre tilsyn med at Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg oppfyller dei pliktar som følgjer av § 11 b.

Departementet fastset instruks for Vegtilsynet.

§ 11 b. Plikt til å ha og bruke styringssystem m.m.

Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane.

Departementet kan i forskrift gi utfyllande reglar om plikta etter fyrste ledd.

§ 11 c. Opplysingsplikt

Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg skal innanfor fastsett frist gi dei opplysingane og dokumenta som Vegtilsynet krev. Det same gjeld entreprenørar, konsulentar og andre som utfører oppgåver eller som elles samhandlar med Statens vegvesen eller det statlege utbyggingsselskapet for veg. Vegtilsynet kan bestemme i kva for form opplysingane skal bli gitt.

Opplysingsplikten gjeld berre dei opplysningane som Vegtilsynet finn naudsynte for å kunne utføre oppgåvene sine etter lova.

§ 11 d. Pålegg om retting

Vegtilsynet kan pålegge retting innan ein fastsett frist dersom tilsynet viser avvik frå plikta til å ha og bruke styringssystem i medhald av § 11 b.

Kostnadene ved å gjennomføre pålegget skal dekkast av den ansvarlege verksemda.

§ 11 e. Tvangsmulkt

Dersom pålegg etter § 11 d ikkje er følgt innan fristen, kan Vegtilsynet treffe vedtak om tvangsmulkt.

Tvangsmulkta kan fastsettast som ei laupande mulkt eller som eit beløp som forfell ved kvart brot. Tvangsmulkt lauper ikkje dersom etterleving blir umogeleg og årsaka til dette ikkje ligg hos den ansvarlege.

Tvangsmulkta si storleik fastsetjast med omsyn til kor viktig det er at pålegget blir gjennomført, og kva for kostnader det truleg fører med seg.

Ilegging av tvangsmulkt kan påklagast særskilt.

Departementet kan gi utfyllande reglar om fastsetting av tvangsmulkt.

Kapittel II B. Personopplysningar.

§ 11 f. Handsaming av personopplysningar

Vegstyremaktene etter kapittel II og tilsynsmyndigheita etter kapittel II A kan handsame1 personopplysningar2 når det er naudsynt for å utføre oppgåver gitt i eller i medhald av lova her, eller for å oppfylle internasjonale plikter under verkeområdet til lova. Det same gjeld eit statleg utbyggingsselskap for veg som er tildelt oppgåver i medhald av § 9 første ledd.

Departementet kan gi forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegner om formålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, korleis opplysningar skal handsamast, vilkår for eventuell utlevering, bruk av datahandsamar, krav til sletting og krav til samanstillingar av personopplysningar til bruk for forsking og statistiske formål.

Kap. III. Planlegging, anlegg og vedlikehold av veg.

§ 12.

Planlegging av riksveg, fylkesveg og kommunal veg skal skje etter reglane om planlegging i plan- og bygningslova.

§ 13.

Departementet gir føresegner om anlegg av offentlig veg (vegnormalar).

§ 14.

Når Stortinget har gjort vedtak om bygging eller utbetring av riksvegar, kan Vegdirektoratet fastsette at vedkomande kommune skal syte for eigedomsinngrep etter §§ 49 og 50, jfr. § 60, og for å få gjort arbeidet på riksvegstrekningar som ligg i kommunen. Arbeidet skal gjerast i samsvar med godkjent plan.

§ 15.

Når fylkeskommunen har gjort vedtak om bygging eller utbetring av fylkesveg kan fylkeskommunen fastsette at vedkomande kommune skal syte for eigedomsinngrep etter §§ 49 og 50, jfr. § 60, og for å få gjort arbeidet på fylkesvegstrekningar som ligg i kommunen. Arbeidet skal gjerast i samsvar med godkjent plan.

§ 16.

Departementet gir nærare føresegner om drift og vedlikehald av offentlig veg. Departementet avgjer i tvilstilfelle med endelig verknad kva som skal reknast som vedlikehald.

§ 17.

Vegdirektoratet kan fastsette at riksvegstrekningar i ein kommune skal haldast ved like av kommunen.

§ 18.

Fylkeskommunen kan fastsette at fylkesvegstrekningar i ein kommune skal haldast ved like av kommunen.

Kap. IV. Vegutgifter.

§ 19. (Oppheva)
§ 20.

Staten ber utgiftene til planlegging, bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksvegar, her òg utgiftene til eigedomsinngrep. Eit statleg utbyggingsselskap for veg ber desse utgiftene for riksvegar som selskapet har ansvaret for. Fylkeskommunen ber desse utgiftene for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

Det som er fastsett i første ledd er ikkje til hinder for at vegstyremaktene i særlege høve blir samde om ei nærare fastsett fordeling når det gjeld utgifter til planlegging, bygging og utbetring av veg.

Syter ein kommune for utgifter etter denne paragrafen, gitt med pålegg frå stat eller fylke med heimel i §§ 14, 15, 17 eller 18, skal dei utgiftene kommunen har, refunderast etter retningsliner som departementet fastset.

§ 21.

Paragrafen her gjeld avtalar mellom vedkomande vegstyremakt og det selskapet som skal finansiere og stå for utbygging av ein offentleg veg, og stå for drift og vedlikehald av vegen i minst ti år etter at han er opna for trafikk.

Paragrafen gjeld berre dersom det følgjer av avtalen at minst halvparten av selskapet sitt vederlag skal betalast etter at vegen er opna for trafikk, og at dette vederlaget skal betalast i samsvar med avtalen fram til selskapet si plikt til å drifte og vedlikehalde vegen tek slutt.

Om det vert opna konkurs i selskapet sitt bu, har konkursbuet ikkje rett til å tre inn i ein avtale som nemnt i paragrafen her.

Departementet kan gje føresegner om utfylling og gjennomføring av paragrafen her.

§ 22.

Om det vert opna konkurs i eit statleg utbyggingsselskap for veg, har buet ikkje rett til å tre inn i selskapet sine avtaler med staten om utbygging, drift og vedlikehald av riksvegar.

§ 23. (Oppheva)
§ 24. (Oppheva)
§ 25. (Oppheva)
§ 26.

Har minst 2/3 av dei interesserte eigarar eller brukarar av matrikulert jord eller annen fast eigedom gitt tilsegn om å yte tilskott til bygging eller utbetring av fylkesveg eller kommunal veg med arbeid eller pengar eller på annen måte, og har dei gjort vedtak om å dekke minst halvparten av det tilskottet som kommunen eller fylkeskommunen har rekna med frå dei interesserte, har alle interesserte plikt til å skyte til ein tilmålt part til tiltaket, slik at også resten blir dekt. Det skal avgjerast ved skjønn korleis det tilskottet som vantar frå dei interesserte skal delast mellom dei.

Ingen kan påleggast eit større tilskott enn det som svarar til den nytten som skjønnet finn at han vil ha av vegen, i tilfelle med frådrag for det frivillige tilskottet hans. Når det nemnde omsynet er tatt, kan det ved fastsetting av det tvungne tilskottet også takast omsyn til den økonomiske evna åt den tilskottspliktige. Spørsmålet om kven som skal reknast å vere interessert i vegen, skal avgjerast ved skjønn.

Kommunen ber utgiftene til underskjønn etter denne paragrafen.

§ 27.

Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsetje at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsetje storleiken på avgiftene, og setje vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. Bompengane kan nyttast til alle tiltak som denne lova gir heimel for. Dessutan kan dei nyttast til investeringar i faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på jernbane, inkludert sporveg og tunnelbane.

Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsetje særskilde ordningar for bompengar i byområde, med takstar som er tilpassa dei særskilde behova i området, ut frå omsyn til transportløysingane i området, bruken av arealet, lokalmiljøet eller liknande. Ut frå behova kan det fastsetjast takstar som er baserte på køyretøya si vekt, påverkar val av reisemiddel, varierer ut frå tida på døgnet, varierer ut frå dei ulike køyretøya sine miljøeigenskapar eller liknande. Føresegnene om vilkår og bruk av bompengar i første ledd gjeld tilsvarande. Som del av ein plan om eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengar nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

Departementet kan i forskrift fastsetje mellombelse endra bompengetakstar til bruk i avgrensa periodar innanfor eksisterande bompengeordningar i byområde når det er fare for og ved overskriding av grenseverdiane for konsentrasjon av forureining i luft utandørs fastsett i forskrift med heimel i forurensningsloven § 9. Bruken av takstane føreset vedtak av kommunen og fylkeskommunen. Inntekter frå dei endra takstane skal gå til å nedbetale dei prosjekta som er prioriterte i bompengeordninga det gjeld. Departementet kan i forskrifta likevel fastsetje føresegner om at inntekter frå dei endra takstane kan bli brukt til tiltak for å få ned trafikken i perioden det gjeld.

Med samtykke frå departementet kan rett til å krevje inn bompengar pantsetjast. Ei slik pantsetjing omfattar den rett pantsetjaren har til den eller dei eigedomane der det ligg eller skal liggja bomstasjon eller til eigedom som har samanheng med drifta av bompengeinnkrevinga. Panterett i rett til å krevje inn bompengar får rettvern ved å tinglysast i grunnboka på den eller dei eigedomane som er nemnde i førre punktum. Andre fordringshavarar enn panthavaren har ikkje rett til dekking i retten til å krevje inn bompengar.

Selskap eller andre juridiske personar som er gitt fullmakt frå departementet til å krevje inn bompengar, kan handsame personopplysningar når det er naudsynt for å utføre denne oppgåva. Det same gjeld selskap eller andre juridiske personar som utfører tenester på bompengeområdet i medhald av forskrift til denne lova, og når Statens vegvesen utfører oppgåver på bompengeområdet. Personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 nr. 1 kan berre handsamast etter første og andre punktum dersom det er strengt naudsynt ut frå formålet med handsaminga. Dei som har heimel etter første og andre punktum til å handsame personopplysningar, kan levere ut opplysningar til tredjepartar når internasjonale rettsakter eller avtaler som Noreg er bunde av, opnar for ei slik utlevering.

Departementet kan gi forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegner om formålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, korleis opplysningar skal handsamast, vilkår for eventuell utlevering, bruk av datahandsamar, vilkår for handsaming av sensitive personopplysningar, krav til sletting og krav til eventuelle samanstillingar av personopplysningar til bruk for forsking og statistiske formål.

Departementet kan i forskrift fastsetje generelle føresegner om takstar etter første og andre ledd og føresegner om plikta til å betale bompengar.

§ 27 A.

Under spesielle geografiske tilhøve og når dei lokale tilhøva elles ligg til rette for det, kan departementet med samtykke frå Stortinget fastsette at det skal krevjast inn finansieringstilskot på omsetting av drivstoff til motorvogn og fastsette storleiken på tilskotet. Tilskotsmidlane kan berre nyttast til finansiering av bygging av offentleg veg.

Departementet gjev nærare føresegner om gjennomføringa av denne paragrafen.

§ 28.

Dersom andre enn stat, fylkeskommune eller kommune har ei særskilt plikt til å yte tilskott til anlegg eller vedlikehald av offentleg veg, skal føresegnene i denne lova ikkje gjere noko endring i dette. Føresegnene i § 20 gjer inga endring i den plikt som etter eldre lokale reglar i einskilde kommunar måtte kvile på eigarane av tilstøytande grunn til å syte for snørydding o.l. på fortau.

Kap. V. Byggverk m.m., avkjørsle, gjerde og grind.

§ 29.

Langs offentleg veg skal det vere byggegrenser fastsette med heimel i denne lova, dersom ikkje anna følgjer av arealdel av kommuneplan eller reguleringsplan etter plan- og bygningsloven. Byggegrensene skal ta vare på dei krava som ein må ha til vegsystemet og til trafikken og til miljøet på eigedom som grenser opp til vegen og medverke til å ta vare på miljøomsyn og andre samfunnsomsyn.

Byggegrensene skal gå i ein avstand på 50 meter frå riksveg og fylkesveg og 15 meter frå kommunal veg. For gang- og sykkelveg er avstanden 15 meter (anten vegen er riksveg, fylkesveg eller kommunal veg). Føresegnene i dette leddet gjeld dersom ikkje anna følgjer av føresegnene i tredje, fjerde og femte ledd. Avstanden skal reknast frå midtlina i høvevis kjørebana, eller gang- og sykkelvegen. Har vegen åtskilde kjørebaner, eller er det tvil om kva som bør reknast for midtline, avgjer vegstyremakta kva line avstanden skal reknast frå.

Departementet kan for særskilt fastsette riksvegstrekningar sette større eller mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 100 meter. For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsette strekningar sette ein større avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 50 meter.

For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsett strekning sette byggegrensa til ein mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje mindre enn 15 meter.

Ved kryss i plan mellomoffentlege vegar,offentlege vegar og andre vegar som er opne for allmen ferdsle,offentlege vegar og jarnveg eller sporveg,skal byggegrensa følgje den rette lina mellom punkt på midtlina åt vegane (jernbana, sporvegen) 60 meter frå skjeringspunktet åt midtlinene ved kryss med riksveg og fylkesveg og 40 meter frå skjeringspunktet ved andre kryss. I særskilde høve kan vegstyremakta fastsette ei anna byggegrense for det einskilde krysset. Høyrer dei kryssande vegane ikkje under same vegstyremakt, tar den høgste av desse styremaktene avgjerd i saka.

offentlege vegar,

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.