Lov om odelsretten og åsetesretten (odelslova)

Type Lov
Publisering 1975-01-01
Status I kraft
Departement Landbruks- og matdepartementet
Kilde Lovdata
Endringshistorikk JSON API

Kap. I. – Kva som kan odlast (odlingsjord).

§ 1. Kva det kan hevdast odel til. Definisjonar

Odelsrett kan hevdast til fast eigedom som nemnt i § 2. Slik eigedom blir kalla odlingsjord. Den som eig odlingsjord når odelshevdstida går ut, blir kalla odlar.

Eigedom som det kviler odel på, blir kalla odelsjord.

§ 2. Krav til arealstorleik

Ein eigedom blir rekna som odlingsjord når fulldyrka eller overflatedyrka jord på eigedomen er over 35 dekar, eller det produktive skogarealet på eigedomen er over 500 dekar.

Med til arealgrunnlaget blir rekna eigedomen sin del i realsameige.

§ 3. Grunn til bergverk, fabrikk og andre industrielle føretak

Odel kan ikkje hevdast på grunn som er teken i bruk til bergverk, fabrikk og andre industrielle føretak, når grunnen er etla til å tene det industrielle føremålet. Her tek ein og omsyn til slik framtidig utviding som det er rimeleg å rekne med.

Må eit industrielt føretak etter sitt slag og sin storleik reknast som tilhøyrsle til ein jordbrukseigedom, følgjer det same reglar som eigedomen elles.

§ 4. Vatn, foss, elv, bruksrett og sameigepart

Særskilt odelsrett kan ikkje hevdast til eit vatn, ein foss eller ei elv. Det same gjeld bruksrett over framand eigedom.

Odelsrett kan heller ikkje hevdast til sameigepart, med mindre parten ligg til særskilt registrert grunneigedom.

§ 5. Område med reguleringsplan

Når eit område ved reguleringsplan er lagt ut til utbygging og anlegg, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur eller til forsvaret, kan grunn i området ikkje odlast.

Kongen kan ta avgjerd om at dette og skal gjelde område som ved reguleringsplan er lagt ut til andre føremål enn dei her nemnde, bortsett frå landbruksområde.

§ 6. Skjønn for å avgjere om ein eigedom er odlingsjord

Når det kan vere tvil om ein eigedom er odlingsjord, kan den som har rettsleg interesse i det, få avgjort spørsmålet etter reglane om skjønn, jf. lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker kapittel 1. Innkalling til skjønnet kan skje i samsvar med reglane i lov 18. desember 1959 nr. 1 om mortifikasjon av skuldbrev mv. § 7 andre ledd.

Kap. II. Odelsvilkår knytt til hevdstid og slektskap

§ 7. Odelshevdstid

Odelsrett får odlaren når han har vore eigar med full eigedomsrett i 20 år.

Hevdstida blir rekna frå den dagen hevdaren blir eigar med full eigedomsrett. Når ikkje anna er opplyst, reknar ein at han blei eigar då heimelen hans blei tinglyst.

Har eigaren ikkje annan heimel enn eigedomshevd, vinn han odel samstundes med at eigedomshevda er fullført.

§ 8. Kven som har odelsrett

Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel. For etterkomarar av sameigaren med odelsrett krevst det likevel ikkje at foreldra eller besteforeldra som har odelsrett har ått heile eigedomen.

For at ein etterkomar av odlaren skal ha odelsrett, må han være fødd før jorda gjekk over til nokon som ikkje har odelsrett. Blir eigedomen løyst på odel, får både barn av løysingsmannen og barn av odelsrettshavarar lenger ute i rekkja odelsrett, endå om dei er fødde etter at jorda gjekk ut av slekta. Kjem eigedomen tilbake til seljaren før foreldingsfristen er ute, blir det rekna som om den ikkje har vore ute av eiga hans.

§ 9. Odelsrett til barn født utanom ekteskap og adoptivbarn

Barn får odelsrett etter faren og farsslekta når farskapen er fastsett slik at han gir grunnlag for arverett etter § 7 første stykket i arvelova.

Adoptivbarn har same odelsrett etter adoptivforeldra som barn etter sine foreldre, jfr. likevel § 12. Odelsrett som eit barn som blir adoptert har i si eiga slekt, fell bort ved adopsjonen.

§ 10. Odelshevdstid ved eigarskifte i hevdstida

Går eigedomen før odelshevdstida er ute over til ein ny eigar som i rett nedstigende line ættar frå den førre eigaren, kan eigartidene reknast saman. Tilsvarande gjeld når eit adoptivbarn tar over odlingsjord etter adoptivforeldra.

Odelshevd stoggar ikkje om ein eigar fører eigedomen tilbake til ein tidlegare eigar som han ættar frå. Det same gjeld ved avhending mellom sysken eller til barn av sysken, når avhendaren har overtatt eigedomen frå nokon som han ættar frå. Det som her er sagt gjeld og overgang ved tvangssal eller arv.

§ 11. Tinglysing av odelsfridom før hevdstida er ute

Når eigar av odlingsjord tinglyser fråsegn om at eigedomen skal vere fri for odel, stoggar odelshevda. Ny hevd tar til når denne eller seinare eigar tinglyser at fråsegna skal slettast som hefte på eigedomen.

Gjeld det eigedom under samodling av ektemakar eller sambuarar (jfr. § 15), lyt dei begge skrive under fråsegna og i tilfelle fråsegn om sletting.

Kap. III. – Om odelsrekkefølgja.

§ 12. Odelsrettshavarane sin prioritet

Av etterkomarane til odlaren går eldre sysken føre yngre med seg og si line, om ikkje anna går fram av eller blir fastsett med heimel i denne lova. Dette gjeld uansett kjønn og når etterkomarane er fødde.

Adoptivbarn går inn i den vanlege odelsrekkefølgja, men med prioritet etter adopsjonstidspunktet. Er adoptivbarnet ektemaken eller sambuaren sitt særkullsbarn, kan barnet likevel ikkje få dårlegare prioritet enn det hadde før adopsjonen.

§ 13. Ektemakar og sambuarar sin prioritet når dei samodlar

Når jord er odla av ektemakar eller sambuarar i ekteskapsliknande forhold etter § 15 tredje eller fjerde stykket, får dei lik odelsprioritet. Har dei barn saman, får desse betre odelsrett enn særkullsbarn som den eine eller begge måtte ha. Mellom særkullsbarna går odelen etter § 12.

Ved skifte av felleseige mellom ektemakar får den av dei som samodla jord blir utlagd til prioritet framfor den andre. Har dei ikkje fellesbarn, men kvar av dei har særkullsbarn, får barna til den av ektemakane som får jorda utlagt, betre odelsrett enn barna til den andre. Har denne ektemaken og etterkomarane hans ått jorda i 20 år, fell odelen i den andre lina bort.

Andre stykket gjeld tilsvarande når jord samodla etter § 15 fjerde stykket blir tatt over av ein av sambuarane.

§ 14. Odelsprioritet når odelsjorda består av fleire eigedomar

Mellom sysken og deira liner gjeld føreretten til odelsjord berre ein eigedom.

Den som frå nokon av foreldra eller frå slektningar elles i rett oppstigande line har tatt over ein eigedom som fyller krava til odlingsjord, har ikkje førerett til fleire odelseigedomar, så lenge yngre sysken eller deira liner ikkje har fått kvar sin. Det same gjeld når nokon frå eigne sysken eller sysken av foreldra har tatt over eigedom som han har odelsrett til. Slik er det også der nokon av etterkomarane hans har tatt over eigedom frå slektningar i rett oppstigande line eller frå sysken av han.

Likt med overtaking som nemnt blir rekna at slik eigedom er løyst på odel eller kjøpt på tvangssal.

Odelsrett kan likevel gjerast gjeldande etter dei vanlege reglane, dersom rettshavaren tilbyr dei yngre syskenlinene å overta den første eigedomen for ein pris som blir fastsett ved skjøn. Han har rett til å gå frå tilbodet etter at prisen for begge eigedomane er endeleg fastsett.

Dersom det er fleire eigedomar etter at kvar line har fått sin, går føreretten etter prioritetsrekkefølgja i § 12, jfr. § 13, og reglane ovafor i denne paragrafen.

Kap. IV. – Odelsvilkår knytt til eigedom som blir samodla av ektemakar eller sambuarar

§ 15. Odelsvilkår knytt til eigedom som blir samodla av ektemakar eller sambuarar

Ein ektemake vinn ikkje odelsrett til ein eigedom som den andre ektemaken har odelsrett til før ekteskapet eller får nedervd odelsrett til under ekteskapet, og heller ikkje til eigedom som den eine av ektemakane eig før ekteskapet utan at han har odelsrett til den.

Det same gjeld eigedom som ein ektemake får under ekteskapet som arv eller gåve, og eigedom som blir hans særeige. Likeeins gjeld det odlingsjord som går inn i fellesbuet etter at nokon av foreldra til den eine ektemaken har påbyrja, men ikkje fullført odelshevd. Likt med foreldre reknar ein andre som etter § 10 kan rekne saman eigartidene.

Jord som ein ektemake i felleseige elles blir eigar av under ekteskapet, skal i høve til denne lova reknast for å vere ført inn i buet av begge ektemakane saman. Når slik eigedom høyrer til felleseiga i heile hevdstida, hevdar dei odelsrett for seg sjølve og for fellesbarn og særkullsbarn, jfr. § 13. Døyr ein av ektemakane før hevdstida er ute, får likevel fellesbarn og særkullsbarn odelsrett når den attlevande fullfører odelshevda.

Når sambuarar i ekteskapsliknande forhold blir eigarar av ein eigedom med like partar og sameiget varer i heile hevdstida, hevdar dei odelsrett for seg sjølve og for fellesbarn og særkullsbarn. Døyr ein av sameigarane før hevdstida er ute, får likevel fellesbarn og særkullsbarn odelsrett når den attlevande fullfører odelshevda. Som sambuar etter dette stykket reknar ein den som fyller vilkåra i arvelova § 2 tredje ledd.

Kap V. – Særskilt om makeskifte og om odelsrett i sameigehøve.

§ 16. Makeskifte og kjøp av tilleggsjord

Når eigedomar seg i mellom byter jordstykkje eller teigar utan mellomlag, går kvar teig inn under odel eller odling på den eigedomen teigen blir høyrande til. Det same gjeld om det blir gjeve eit mellomlag som etter måten er så lite at teigane i røynda må reknast for å være jamgode.

Det som her er sagt gjeld tilsvarande om ein teig blir bytt med ein råderett over ein annan eigedom.

Når jord ved jordskifte blir overført frå ein eigedom til ein annan, eller bruksrett blir avløyst med eit grunnstykkje, gjeld det som er sagt i første stykket tilsvarande.

Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir lagt til når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord. For odelsjord må i tillegg foreldingstida vere ute.

§ 17. Oppløysing av sameige

Blir sameige i odelsjord oppløyst med deling mellom sameigarane, får kvar av dei odelsretten til det stykket han får utlagt. Dette gjeld endå om stykket er større enn det som skulle falle på han etter høvestalet i sameiga, og anten odelen hans før galdt ein part eller heile eigedomen.

Blir sameiga oppløyst ved tvangssal, kan dei tidlegare sameigarane ikkje løyse eigedomen frå tvangssalgskjøparen eller rettsetterfølgjarane hans. Er kjøparen ein sameigar som tidlegare hadde odelsrett berre til ein part, får han odelsrett til heile eigedomen. Ein utanforståande med betre odelsrett til eigedomen har same løysingsrett som før.

§ 18. Overføring av sameigepart

Blir sameigepart overførd til ein annan sameigar som har odelsrett til sin part, får overtakaren odelsrett til den parten han tar over, når den overførde parten tidlegare var odelsfri eller det ikkje er gjort steg til løysing innan foreldingsfristen.

Kap. VI. – Kven odelsrett kan gjerast gjeldande mot og allmenne avgrensingar i løysingsretten

§ 19. Mot kven ein kan gjere odelsrett gjeldande

Odelsrett kan gjerast gjeldande både mot framande og mot odelsrettshavarar lenger ute i odelsrekkja. Odelsrett kan òg gjerast gjeldande på skifte, jf. arvelova § 108 og ekteskapslova § 66 andre stykket.

Ingen odelsrettshavar kan løyse odelsjord frå si eiga mor eller sin eigen far før odelsrettshavaren har fylt 18 år.

Den som har avhendt odelsjord, har ikkje løysingsrett mot kjøparen eller rettsetterfølgjaren hans, med atterhald for der jorda er fråseld eigaren ved tvangssal.

§ 20. Kjøpstilbod ved sal til ein som ikkje har best odelsrett, eller til ein utan odelsrett

Vil ein eigar avhende odelsjord, eller delar av odelsjorda, til ein som ikkje har best odelsrett, eller til ein som ikkje har odelsrett, og dei er samde om vilkåra, kan han gi tilbod om å gå inn i kjøpstilbodet på dei avtalte vilkåra til ein eller fleire av dei som har odelsrett.

Eigaren kan gi tilbod etter fyrste stykket sjølv om det ikkje ligg føre avtale med ein namngjeven person. Gir eigaren tilbod som nemnd i andre stykket første punktum, gjeld § 20 a tilsvarande.

Eigaren er ikkje bunden til å selje til nokon som har sagt seg viljug til å gå inn i kjøpstilbodet.

Reglane i første, andre og tredje stykket gjeld tilsvarande for tingretten eller ein bustyrar under offentleg skifte som vil gi slikt tilbod. For tilbod sett fram av tingretten eller bustyrar, gjeld også reglane i §§ 20 a til 20 c.

§ 20 a. Frist og formkrav mv.

Ein eigar eller bustyrar som set fram kjøpstilbod som nemnt i § 20, kan setje ein frist for den som får tilbodet, til å seie ifrå om han vil gå inn i tilbodet. Fristen kan ikkje setjast kortare enn to månader rekna frå det tidspunktet tilbodet har kome fram til odelsrettshavaren.

Tilbod og svar skal vere skriftleg. Tilbod og svar kan likevel gjerast ved bruk av elektronisk medium dersom eigaren og den som får tilbodet, er samde om det.

Er det mindreårige eller personar som heilt eller delvis manglar rettsleg handleevne mellom dei som det er aktuelt å gi eit slikt tilbod, skal tilbodet også sendast statsforvaltaren.

§ 20 b. Konsekvensar av ikkje å gå inn i kjøpstilbodet, halde tilbodsfristen og å fremje krav om atterhald

Dei som avslår kjøpstilbodet, eller som ikkje svarar innan fristen, kan ikkje løyse odelsjorda når jorda innan to år rekna frå tilbodsfristen gjekk ut blir avhenda på dei vilkår som var fastsett i tilbodet, og desse vilkåra lyt reknast som reelle og sakleg velgrunna. Har den som tek over odelsjorda odelsrett, blir den som fekk tilbodet ståande etter den som overtek og hans line i odelsrekkja.

Det blir ikkje rekna som avslag på tilbodet om det i svaret blir tatt atterhald om at vederlaget må fastsetjast i samsvar med reglane i odelslova § 49.

§ 20 c. Kostnader ved takst

Har den som har motteke tilbod etter reglane i §§ 20 til 20 b, kravd takst over eigedomen, jf. § 20 b andre stykket, ber han kostnadene i samsvar med reglane i skjønnslova § 42 første og andre stykket. Men er eigaren ikkje viljug til å selje til takstbeløpet, ber eigaren kostnadene der takstbeløpet er lågare enn tilbodsbeløpet. Ved angrep på taksten gjeld skjønnslova § 42 tredje stykket.

§ 21. Løysingsnekt når samtykke til løysing vil vere klårt urimeleg

Vil ein odelsrettshavar løyse ein eigedom på odel frå ein yngre bror eller syster som har overtatt den av foreldra, kan retten nekte løysing, når det etter det som ligg føre ville vere klårt urimeleg om den eldre fekk drive den yngre bort. Omsyn kan mellom anna takast til om den eldre har vore fråverande i lenger tid og driv eit anna yrke som han gjennom skulegang eller praksis har utdana seg for, medan den yngre har vore heime og hjelpt til på garden og må reknast for skikka til å drive den.

Odelsløysing kan også i andre tilfelle nektast mot ein eigar med eller utan odelsrett, når det ville vere klårt urimeleg om løysingsmannen fekk drive eigaren bort.

Når ein odelsrettshavar krev eigedomen utlagt til seg på skifte, og slikt utlegg vil vere klårt urimeleg i høve til ein annan loddeigar med dårlegare odelsrett, kan retten ta anna avgjerd ut frå dei synsmåtar som er nemnde i første stykket. Saka skal i så fall handsamast i søksmåls former.

§ 22. Fråskild tomt, regulerte område og sameigepartar

Fråskild tomt til bustadhus, forretningsbygg, industriføretak, lager, naust, garasje eller liknande kan ikkje løysast på odel. Det same gjeld grunn som går inn under § 5, med mindre den på løysingstida er brukt til jordbruksføremål og ein må rekne med at dette vil halde fram dei næraste 15 åra.

Grunn som går inn under § 4 kan berre løysast på odel i samband med løysing av ein eigedom grunnen er utskild frå.

§ 23. Løysingsrett ved skifte av tilhøva

Eigedom som etter skifte av tilhøva ikkje lenger fyller vilkåra for odlingsjord etter § 2 i denne lova, kan ikkje løysast på odel.

§ 24. Løysingsrett til særskilt skyldsett småbruk

Eit særskilt skyldsett småbruk, som med samtykkje frå landbruksmyndigheita er skilt ut frå eit større bruk og som det er bygt hus på, kan ikkje løysast med heimel i odelsrett til hovudbruket. Ny odel til småbruket kan vinnast når vilkåra for odling ligg føre. Blir småbruket fråskilt til nokon som frå før har odelsrett til hovudbruket, blir odelsretten for overtakaren og hans line ståande ved lag.

§ 25. Odelsfråskriving

Ein odelsrettshavar kan ikkje overføre retten sin til ein annan. Men han kan skriftleg binde seg, anten andsynes einskilde eller i det heile, til ikkje å gjere den gjeldande.

§ 26. Løysingsrett for barn fødde etter avhending eller odelsfråskriving

Den som har avhendt ein eigedom, og difor etter reglane i § 19 tredje stykket ikkje har løysingsrett, eller som har skrive frå seg løysingsretten etter § 25, overfører ikkje større rett enn han sjølv har til barn fødde etter avhendinga eller fråskrivinga.

Kap. VII. – Om bu- og driveplikt.

§ 27. Utsetjing av sak om odelsløysing eller offentleg skifte ved søknad om konsesjon eller fritak frå driveplikt

Når det i samband med odelsløysing eller offentleg skifte blir søkt om konsesjon fordi buplikta ikkje skal oppfyllast, eller om fritak frå driveplikt, skal retten utsetje den endelege avgjerda i saka til konsesjons- eller fritaksspørsmålet er avgjort.

§ 28. Odelsløysing og tilbakesøkjing ved brot på bu- og driveplikt

Dersom ein odelrettshavar ikkje oppfyller vilkår om buplikt etter konsesjonslova § 5 andre stykket, eller driveplikt etter jordlova § 8, kan andre odelsrettshavarar innan fem år etter at overtakinga fann stad, søkje eigedomen løyst på odel utan hinder av om eigaren måtte ha betre odelsrett.

Har eigaren fått eigedomen ved odelsløysing, kan også saksøkte i løysingssaka søkje eigedomen tilbake når vilkår om bu- og driveplikt ikkje blir oppfylte. Det same gjeld om eigaren, før tidsfristen etter første stykket er ute, avhender eigedomen til nokon som ikkje har odelsrett. Som avhending blir også rekna forpakting eller annan liknande total bruksrett. Krav om tilbakesøkjing etter dette stykket står tilbake for odelsrettshavarane sin løysingsrett etter første stykket.

Når odelsløysinga eller tilbakesøkjinga er fullført, fell odelsretten for den tidlegare eigaren bort. Er odelsløysinga eller tilbakesøkjinga fullført av nokon som ikkje høyrer til den tidlegare eigaren si line, fell odelsretten bort også for denne lina.

§ 29. (Oppheva)

Kap. VIII. – Odelsfrigjering.

§ 30. Når stat eller kommune har tatt over odelsjord

Dersom staten eller ein kommune har tatt over eller vil ta over odelsjord, og særlege grunnar taler for at odelsrett ikkje bør vere til hinder, kan Kongen ta avgjerd om odelsfrigjering.

Det kan setjast som vilkår at jorda innan ein nærare fastsett frist blir tatt i bruk til det påtenkte føremålet, eller at førebuande arbeid med sikte på dette blir sett i verk innan ei viss tid. Går den fastsette fristen ut utan at vilkåra er oppfylte, kan jorda løysast på odel, og vanleg foreldingsfrist, jfr. § 40, går frå dette tidspunktet. I dette tilfelle blir også dei som er fødde etter at jorda gjekk ut av slekta rekna for å ha odelsrett, så framt dei etter reglane i §§ 8 og 9 elles ville hatt det.

§ 31. (Oppheva)
§ 32. Oreigning, oreigningsliknande tilfelle og makeskifte

Når ein eigedom blir oreigna, fell eldre odelsrett bort, med unntak for slike særlege tilfelle der odelsretten kan sameinast med oreigningsføremålet.

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.