Lov om barn og foreldre (barnelova)

Type Lov
Publisering 1982-01-01
Status I kraft
Departement Barne- og familiedepartementet
Kilde Lovdata
Endringshistorikk JSON API

For ny barnelov sjå lov 20 juni 2025 nr. 40 (i kraft frå den tid Kongen fastset).

Kapittel 1. Fødselsmelding

§ 1. Fødselsmelding.

Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.

Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.

I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.

§ 1 a. (Oppheva)

Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet

§ 2. Kven som er mor til barnet.

Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.

Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

§ 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap

Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.

Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.

Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.

Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.

§ 4. Erklæring av farskap eller medmorskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

Faren skal erklære farskapen skriftleg, anten digitalt til arbeids- og velferdsetaten eller ved personleg frammøte forjordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel,folkeregistermyndigheita,tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, ellerutsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet.Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Ved digital erklæring må både mor og far identifisere seg elektronisk på ein sikker måte. Den digitale erklæringa er berre gyldig dersom barnet vert født i Noreg.

jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel,

folkeregistermyndigheita,

tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller

utsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet.

Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.

Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

Er det naudsynt for å fastslå farskapen til eit barn født i utlandet, kan myndigheita be om ei eigna prøve til DNA-analyse for barnet og for han som vil erklære seg som far, dersombarnet, mora eller han som vil erklære seg som far, ikkje kan godtgjere identiteten sin, ellerdet er grunn til å tru at det for å få norsk statsborgarskap til barnet er gitt urette opplysningar om kven som er far.Det er òg eit vilkår at opplysningane i saka elles ikkje gir grunnlag for med rimeleg sikkerheit å fastslå farskapen. Dersom DNA-analyse godtgjer at mannen ikkje kan vere far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Det same gjeld om han avslår ei oppmoding om DNA-analyse.

barnet, mora eller han som vil erklære seg som far, ikkje kan godtgjere identiteten sin, eller

det er grunn til å tru at det for å få norsk statsborgarskap til barnet er gitt urette opplysningar om kven som er far.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i femte ledd.

§ 4 a. Medmorskap til barnet

Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelege ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, erklæring eller dom.

Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Reglane om etablering og endring av farskap i §§ 6 til 9 og kapitla 3 og 4 gjeld så langt dei høver for fastsetjing og endring av medmorskap.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.

§ 5. Ansvaret for det offentlege for å få fastsett foreldreskap

Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.

Dersom ein utanlandsk farskap eller medmorskap ikkje vert lagt til grunn etter § 85, har det offentlege ansvar etter første stykket.

Det offentlege skal klargjere kven som er mor til barnet når dette ikkje er kjent.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

§ 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane

Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

§ 6 a. Barnet sin rett til å få kunnskap om sin biologiske far

Barnet har frå det fyller 18 år rett til å skaffe seg kunnskap om kven som er den biologiske faren, jf. andre stykket, utan at dette endrar farskapen.

Barnet kan krevje at Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev pålegg om å levere eigna prøve til DNA-analyse etter § 11 første stykket, og har rett til å få vite resultatet av analysene. Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegget, kan retten gjere vedtak etter § 24 tredje stykket.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann erklærer farskap

Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann erklærer farskapen i samsvar med § 4, når erklæringa er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Ei slik erklæring gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er far til barnet. Dersom barnet er fylt 18 år, kan farskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.

§ 8. Farskapen eller medmorskapen kan ikkje prøvast i andre saker

Domstolar eller styringsorgan kan ikkje prøve farskapen eller medmorskapen i andre saker enn nemnt i §§ 6 og 7. Domstol eller styringsorgan kan ikkje i andre saker leggje til grunn at ein mann er faren eller ei kvinne medmora utan at det er fastsett etter lova her.

§ 9. Vilkåra for å seie dom i farskapssak.

Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.

Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.

Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.

Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.

Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.

Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker

§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten

Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Erklærer han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Erklærer han farskapen, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles skal arbeids- og velferdsetaten handsame saka vidare.

Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet.

Departementet peikar ut tilskotsfut.

§ 11. Sakshandsaminga i arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om at dei og barnet skal gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. I særlege tilfelle kan den som kan vere far, bli pålagd å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født.

Arbeids- og velferdsdirektoratet skal oppmode den mannen som analysen utpeikar som far, til å erklære farskapen.

Døyr barnet kort tid etter fødselen eller andre sterke grunnar talar for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet leggje bort saka når mora er samd i det.

Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap eller slektskap.

§ 12. (Oppheva)
§ 13. Når saka går til retten m.m.

Arbeids- og velfersdirektoratet skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom han som er oppgjeven som far, ikkje har erklært farskapen eller mora ikkje har godteke ei erklæring skriftleg, og saka ikkje er lagd bort etter § 11 tredje stykket.

Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og han heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet sende saka til retten på nytt dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.

Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.

§ 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.

For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstolloven og tvisteloven.

§ 15. Kva for domstol saka høyrer under.

Saka skal reisast ved det alminnelege vernetinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til den oppgjevne faren.

Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

§ 16. Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak.

I ei farskapssak kan andre tvistemål berre takast opp når dei gjeld ei følgje av farskapen eller av farskapssaka.

§ 17. Partane i saka.

I farskapssaker er både barnet, mora og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka.

Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part.

Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskriv gjere han til saksøkt.

§ 18. Setteverje for barnet.

Er det ikkje oppnemnd verje for barnet, skal retten syte for oppnemning av setteverje når mora ikkje gjev opp kven faren er, eller når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har gjeve opp.

§ 19. Tilseiing om stemning og innkalling.

Ved tilseiing for nokon etter domstollova § 181 skal namnet på andre partar berre gjerast kjent når retten fastset det av særlege grunnar.

§ 20. (Oppheva)
§ 21. Forklaring frå partar og vitne.

Både mora og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne.

Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga.

I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til vesentleg tap av sosialt omdøme eller anna vesentleg velferdstap for vedkomande, jf. tvisteloven § 22-9.

Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr.

§ 22. (Oppheva)
§ 23. Fråvering.

Saka stoggar ikkje om nokon av partane eller alle partar let vere å møte.

Forklaring som er gjeve under saksførebuinga, kan lesast opp under hovudforhandlingane der vedkomande ikkje møter, om ikkje særlege grunnar taler mot.

§ 24. Prøvetaking og DNA-analyse

Retten kan gje mora, barnet og kvar mann som er part i saka, pålegg om å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Kommunelækjaren peiker ut ein lækjar som har plikt til å ta dei prøvene som trengst.

Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale.

Lèt nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til prøvetaking og DNA-analyse, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar for prøvetaking.

§ 25. Dom utan hovudforhandling.

Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partane skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan at hovudforhandling ligg føre.

Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap.

§ 26. Heving av saka

Retten kan heve saka i orskurd nårein mann erklærer i samsvar med § 4 at han er far til barnet, ellerden oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.

ein mann erklærer i samsvar med § 4 at han er far til barnet, eller

den oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.

§ 27. Utvida rettskraft.

Ein rettskraftig dom i ei farskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle tilhøve der farskapen har noko å seie.

§ 28. Særreglar for ankesaker

Alle partane i saka på første rettssteget held fram å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 25 første stykket, er likevel berre part når retten eller nokon av dei andre partane dreg han inn i saka. Tyder opplysningar som kjem fram i ankesaka på at nokon annan kan vere faren, skal retten anten gjere han til part i prosesskrift eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.

§ 28 a. Særreglar om gjenopning

Dersom det ikkje låg føre ein DNA-analyse i saka, kan ei rettskraftig avgjerd krevjast gjenopna utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Vert det kravd gjenopning, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse. Når DNA-analysen ligg føre, gjeld regelen i § 25 første stykket.

I andre farskapssaker gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre stykket for å krevje gjenopning av saka.

§ 29. Kostnaden med saka.

Staten ber den kostnaden som retten har med saka, også kostnaden med å få tak i opplysningar som retten finn naudsynte.

Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.

§ 29 a. Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar

Reglane i dette kapitlet gjeld sak for domstolane om ein slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn farskap.

I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.

Reglane i domstolloven og tvisteloven gjeld så langt ikkje anna er sagt.

§ 29 b. Kven som kan vere part i slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.

For å vareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Retten skal gje melding til Arbeids- og velferdsetaten om saka og om nokon av partane ikkje møter.

Når det er naudsynt for å oppfylle pliktene etter § 5 tredje stykket, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise sak om kven som er mor til barnet.

Dersom nokon som påstår å vere lengre ute i slekt har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og til å anke eller krevje gjenopning av saka.

Døyr ein part før dom er sagt, kan dei næraste slektningane i rett opp- eller nedstigande line til den avlidne halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagt, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar om dommen rører ved interessene deira, anke eller krevje at saka vert gjenopna.

§ 29 c. Stillinga til verja

Verja kan ikkje reise slektskapssak for ein person under verjemål som har fylt 15 år, utan samtykke frå personen med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke fører med seg.

§ 29 d. Utvida rettskraft

Rettskraftig dom i ei slektskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle høve der slektskapen har noko å seie.

Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lengre ut i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingane hans eller hennar dersom vedkommande er gått inn i saka eller varsla om ho.

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.