Lov om tomtefeste
Kapittel I. Allmenne føresegner
§ 1. Kva lova gjeld
Lova her gjeld feste (leige) av grunn til hus som festaren (leigaren) har eller får på tomta.
Inn under lova går òg bruksrett til grunn som skal nyttast til veg, bilplass, hage eller liknande i samband med hus på festetomta. Dette gjeld òg særlege bruksrettar som bortfestaren har over framand eigedom og overlet til festaren, så langt det er tale om rettshøvet mellom festaren og bortfestaren.
Om høvet til grunneigaren der bortfestaren er leigar av grunnen, gjeld føresegnene i § 42.
Lova gjeld ikkje grunnleige der hovudføremålet er anna enn hus og bruk i samband med hus.
§ 2. Særleg om tilhøvet til nye og eldre festeavtaler
Lova gjeld for festeavtaler anten dei er inngått før eller etter at lova her tek til å gjelde, om ikkje noko anna er sagt i lova eller går fram av samanhengen. Festeavtaler som er inngått etter at lova her tek til å gjelde, er kalla nye festeavtaler.
Der det er sagt i lova eller går fram av samanhengen at føresegnene berre gjeld for nye festeavtaler eller for festeavtaler inngått etter 1975, gjeld føresegnene òg for eldre festeavtaler som vert lenga med ei avtale etter desse tidspunkta.
§ 3. Utvida geografisk område
Lova gjeld for Svalbard, Jan Mayen, Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Mauds Land berre i den mon det er fastsett av Kongen ved forskrift.
§ 4. Tilhøvet mellom lova og avtaler
Ingen kan avtale eller gjere gjeldande vilkår i strid med føresegnene i lova, utan når dette er sagt i lova eller går fram av samanhengen.
§ 5. Festeavtale
Avtale om tomtefeste skal gjerast skriftleg. For nye festeavtaler skal det seiast i avtala om festet gjeld tomt til bustadhus, tomt til fritidshus eller tomt til anna føremål, og tomteverdien skal opplysast.
Partane vert likevel rekna å ha bunde seg i høve til kvarandre når det er ytt og motteke vederlag for festet, eller når festaren i samsvar med ei munnleg avtale har teke over festet utan motsegn frå bortfestaren ved å ta til med arbeid på tomta eller på annan måte. Kvar av partane har i så fall krav på å få avtala sett opp skriftleg.
Så snart partane har gjort avtale, skal bortfestaren gjera det som trengst for å setje fram krav om turvande matrikkelføring. Om kostnadane med dette og med gjennomføring av avtala elles, gjeld avhendingslova § 2-6 tilsvarande, så langt ikkje noko anna fylgjer av det som er avtalt.
Paragrafen her gjeld berre avtaler inngått etter 1975.
§ 5 a. Forbod mot festehøve på utbygde eigartomter
Det kan ikkje skipast feste på utbygde eigartomter når bygningane på tomta i hovudsak skal nyttast til bustad. Dette gjeld likevel berre om avhending av tomta kan sameinast med eigarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale.
Retten kan under omsyn til tilhøvet mellom partane, fordelinga av skuld og tilhøva elles lempe plikta festaren har til å betale festeavgift når det er skipa feste i strid med føresegnene i fyrste ledd. Partane kan avtale at slik avgjerd skal høyre under skjønn.
§ 6. Avtale om lån og tilskott
Avtale om lån som vilkår for festeretten er ikkje bindande for festaren. Er lånet heilt eller delvis ytt, kan festaren krevje det attende.
Det same gjeld om tilskott (innfestingssum) som vilkår for festeretten. Det kan likevel avtalast at festaren skal yte tilskott svarande til påkostnaden, dersom bortfestaren etter avtala skal opparbeide veg, leggje vatn- eller kloakkleidning eller gjere andre tiltak til nytte for festetomta, eller bortfestaren skal koste slike tiltak som er eller vert gjort av kommunen eller andre. Dette gjeld òg for tiltak som bortfestaren har gjort eller kosta i tida før avtala. Skal bortfestaren sjølv utføre arbeidet eller delar av dette, eller bortfestaren sjølv har utført det i tida før avtala, kan bortfestaren rekne inn eit rimeleg vederlag for arbeidet i tilskottet. Kongen kan i forskrift gje føresegner om fordelinga av påkostnaden der opparbeidinga eller gjennomføringa av tiltaket skjer under eitt for eit større område med fleire festetomter.
Paragrafen her gjeld berre avtaler inngått etter 1975.
§ 6 a. Bruk av elektronisk kommunikasjon
Krav i eller i medhald av lova her om at melding, oppseiing, krav eller liknande skal gjerast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon mellom partane om dei er samde om det.
Krav i eller i medhald av lova her om at ei avtale skal settast opp skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon dersom partane er samde om det.
Kapittel II. Festetid, oppseiing, lenging
§ 7. Festetid ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus
For nye festeavtaler og avtaler som er lenga etter § 33 gjeld feste av tomt til bustadhus og fritidshus til festet vert sagt opp av festaren eller tomta vert innløyst.
For festeavtaler inngått etter 1975, men før lova her tek til å gjelde, er festetida 80 år, dersom det ikkje er avtalt lengre tid eller feste utan tidsavgrensing, eller avtalt at festet fell bort ved innløysing eller oppseiing frå festaren.
For festeavtaler inngått før 1976 gjeld det som er fastsett i avtala om festetid.
§ 8. Festetid for feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus
Så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt, gjeld feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus utan tidsavgrensing og på oppseiing med like rett for partane.
For festeavtaler inngått etter 1975 gjeld feste av tomt til fabrikk- eller forretningsbygg for 80 år, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.
§ 9. Oppseiing
Ved feste på oppseiing er oppseiingsfristen to år, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Kortare oppseiingsfrist enn seks månader er ikkje bindande for festaren. Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus er kortare oppseiingsfrist enn to år ikkje bindande for festaren.
Oppseiinga skal vere skriftleg.
§ 10. Lenging av åremålsfeste til anna enn bustadhus og fritidshus
Eit åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal eller som går ut til ei fastsett tid) til anna enn bustadhus eller fritidshus som ikkje er sagt opp skriftleg seinast to år før festetida er ute, vert lengd på oppseiing med lik oppseiingsrett for partane og elles på same vilkår som før, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller må reknast å fylgje av festeføremålet. Dette gjeld òg festeavtaler der det er avtalt rett til fornying, om ikkje festaren til tid som nemnt har sagt frå skriftleg at festaren ikkje vil fornye festet eller bortfestaren skriftleg krev festevilkåra endra.
Så lenge partar i eit festehøve som nemnt i fyrste ledd tingar om nye festevilkår, gjeld dei tidlegare festevilkåra jamvel etter at festetida er ute, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.
Kapittel III. Festeavgift
§ 11. Forbod mot urimeleg høg festeavgift
Det kan ikkje avtalast eller krevjast ei festeavgift som er urimeleg høg i høve til det som vanlegvis vert betalt på staden ved nye feste av liknande tomter på liknande avtalevilkår.
§ 12. Forskotsbetaling av festeavgift
Er ikkje anna avtalt, kan bortfestaren krevje at festeavgifta skal betalast på forskot for eitt år om gongen.
§ 13. Fråskiljing av krav på festeavgift
Retten til bortfeste eller til å krevje festeavgift kan ikkje skiljast frå eigedomsretten til festetomta, utan når det gjeld krav på forfalne terminar og når det gjeld framfeste.
§ 14. Panterett for og innsøkjing av festeavgift
Bortfestaren har panterett i festeretten og i byggverk på tomta for skuldig festeavgift dei tre siste åra. Er det sagt i festeavtala at bortfestaren skal ha slik panterett, gjeld tinglysingslova § 21 tredje ledd tilsvarande, slik at panteretten går føre alle rettsstiftingar i tomta som skriv seg frå festaren. Pantelova § 1-4 gjeld ikkje for slik panterett.
Krav på festeavgift er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 15. Regulering av festeavgift
Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje at festeavgifta blir regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan festeavtala vart inngått. Har festeavgifta vorte regulert, er det den avgifta som lovleg vart innkrevd etter forrige regulering, som kan bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan det tidspunktet. Har partane tvillaust avtalt at festeavgifta skal stå uendra, eller har dei avtalt ei lågare regulering enn det som fylgjer av endringa i pengeverdien, gjeld denne avtala istaden.
For andre festehøve enn tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått, om dei ikkje tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra eller dei har avtalt regulering på anna måte.
Avgiftsregulering etter fyrste og andre ledd kan skje kvart tiande år, om ikkje anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje fastsetje at reguleringa skal skje oftare enn kvart år.
Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer til 2 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller dei husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp om året for kvart dekar tomt eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien ville gje. Høgstebeløpet er 9 000 kroner justert ved kvart årsskifte etter 1. januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette høgstebeløpet gjeld òg der tomta er mindre enn eitt dekar. Bortfestaren må setje fram kravet innan tre år etter at festetida er ute. Retten til å regulere festeavgifta etter leddet her gjeld ikkje om det er avtalt ein rett for festaren til lenging, og det fylgjer av avtala at bortfestaren ikkje har rett til regulering av festeavgifta utover det som fylgjer av endringa i pengeverdien.
Partane kan krevje ny regulering av festeavgifta etter fjerde ledd når det er gått 30 år frå førre regulering etter denne føresegna.
Vert partane ikkje samde om ny festeavgift, og dei ikkje har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer avgjerda under skjønn.
Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av partane krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminar.
Når ei festeavgift – eller høgstebeløpet – etter lov eller avtale skal bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien, skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Ved regulering sidan festeavtala vart inngått i festehøve frå før 1865, skal ein regulere festeavgifta ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.
Ved regulering etter fjerde ledd kan festeavgifta setjast høgare enn høgstebeløpet i fjerde ledd tredje til femte punktum i den grad det er naudsynt av omsyn til vernet bortfestaren har etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen fyrste tilleggsprotokoll artikkel 1. Det same gjeld ved regulering etter femte ledd.
Kapittel IV. Råderett
§ 16. Fysisk råderett
Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus har festaren same fysiske råderett over festetomta til bruk innanfor festeføremålet som ein eigar har, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Er det avtalt at festaren ikkje kan hogge ned tre på tomta, kan festaren likevel krevje at bortfestaren i rimeleg mon tek bort tre som hindrar utsikt eller på annan måte er til ulempe, og setje seg imot hogst av tre som bør verte ståande for trivnaden si skuld. Er det ikkje sagt noko i avtala om storleiken på tomta (punktfeste), gjeld føresegnene i andre punktum for eit areal på eitt dekar (daa), medrekna der huset eller husa står og høveleg avrunda etter tilhøva på staden.
Ved feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus har festaren rett til å bruke tomta i samsvar med føremålet med festet, slik tida og tilhøva krev. Festaren må ikkje nytte rådveldet sitt slik at det vert uturvande til skade eller ulempe for bruken av tomta etter at festet er avvikla. Er tomta festa bort på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, gjeld fyrste ledd fyrste punktum tilsvarande.
§ 17. Overføring av festerett
Festaren har rett til å føre festeretten over til ein annan så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller festeføremålet.
Har bortfestaren teke atterhald om forkjøpsrett ved overføring av festerett og bygning, gjeld lov av 9. desember 1994 nr. 64 om løysingsrettar §§ 8 og 9.
Andre ledd gjeld tilsvarande dersom bortfestaren har teke atterhald om godkjenning ved overføring av festerett til tomt til bustadhus og fritidshus. Godkjenning til overføring av festerett kan elles berre nektast når det er sakleg grunn til det. Nektinga skal grunngjevast. Har festaren ikkje motteke skriftleg grunngjeve avslag innan to månader etter at det vart søkt om godkjenning, vert samtykke rekna som gjeve.
Er det ikkje naudsynt med bortfestarens godkjenning for overføring av festeretten etter tredje ledd fyrste punktum, jf. andre ledd, skal festaren likevel varsle bortfestaren om kven festeretten er overført til. Inntil slikt varsel er gjeve, kan bortfestaren krevje den forrige festaren for festeavgift sjølv om festeavgifta gjeld for tida etter overføringa.
Føresegnene i denne paragrafen gjeld tilsvarande ved tvangssal. Tingretten set frist for bortfestaren til å kome med fråsegn, og avgjer om den nye festaren skal godkjennast.
§ 18. Pantsetjing av festerett
Festaren har rett til å pantsetje festeretten og dei byggverk festaren har eller får på tomta, så langt ikkje anna fylgjer av lovbod eller avtale om avgrensing i retten til overføring. Pantsetjinga må gjelde både festeretten og noverande og framtidige byggverk.
Avtale om avgrensing i retten til overføring av festeretten så lenge tomta står ubygd hindrar ikkje pantsetjing for byggelån eller tvangssal for slikt pant.
Vert festaren eigar av tomta, går tinglyst panterett i festet over til å gjelde panterett i tomta (grunnen) frå den tid då festaren får tinglyst eigarheimel, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.
§ 19. Stifting og omskiping av råderettar
Festaren kan stifte slike særlege råderettar for andre over tomta som med omsyn til bruksmåte, omfang og tidsavgrensing ligg innanfor den råderetten festaren sjølv har, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.
Festaren og bortfestaren kan krevje omskiping av særlege råderettar som bortfestaren eller andre har i festetomta etter føresegnene i lov av 29. november 1968 om særlege råderettar over framand eigedom §§ 5 og 6, jf § 8. Festaren kan krevje avskiping av slike rettar etter føresegnene i same lova § 7, jf § 8. For avgjerda om omskiping eller avskiping gjeld §§ 18 og 19 i same lova tilsvarande.
Kapittel V. Mishald og mishaldsverknader
§ 20. Betaling av festeavgift ved forseinka oppfylling frå bortfestaren
Får ikkje festaren råderett over tomta til avtalt tid, og dette ikkje skuldast tilhøve som festaren svarar for, pliktar ikkje festaren å betale festeavgift før frå det tidspunktet festaren får den råderetten han eller ho skal ha etter lov og avtale. Gjeld forseinkinga berre ein del av tomta, har festaren krav på høvesvis avslag i festeavgifta for den tida forseinkinga varer. Festaren pliktar likevel ikkje å betale festeavgift dersom festaren ikkje kan utnytte den delen festaren har fått råderett over til festeføremålet.
§ 21. Hevingsrett for festaren ved forseinka oppfylling frå bortfestaren
Ved vesentleg forseinka oppfylling frå bortfestaren kan festaren heve festeavtala.
§ 22. Skadebot ved forseinka oppfylling frå bortfestaren
Festaren kan krevje skadebot for tap som fylgje av forseinking, med mindre bortfestaren godtgjer at forseinkinga ikkje skuldast feil eller forsøming frå bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for.
§ 23. Manglar ved tomta
Det ligg føre mangel ved tomta dersom tomta ikkje har dei eigenskapane som festaren har grunn til å rekne med ut frå festeavtala, opplysningar gjevne av bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for og tilhøva elles. Festaren kan likevel ikkje gjere gjeldande som mangel noko festaren burde ha oppdaga ved ei vanleg undersøkjing.
At tomta er mindre enn festaren rekna med, er ikkje nokon mangel utan når arealet er vesentleg mindre enn opplyst av bortfestaren eller bortfestaren har bore seg særs klanderverdig åt.
§ 24. Krav på retting av manglar
Festaren kan krevje at bortfestaren rettar manglar ved tomta innan rimeleg tid etter at krav om retting er sett fram, dersom mangelen kan rettast utan urimeleg kostnad eller ulempe for bortfestaren. Bortfestaren kan på si side krevje å få rette manglar som festaren har gjort gjeldande, når retting ikkje vil vere til vesentleg ulempe for festaren og vert utførd innan rimeleg tid.
Når det ligg føre rettingsplikt etter fyrste punktum i fyrste ledd utan at bortfestaren oppfyller plikta, kan festaren krevje skadebot for kostnader han eller ho har hatt med å få mangelen retta.
§ 25. Avslag i festeavgifta ved manglar
Festaren kan krevje eit høvesvis avslag i festeavgifta tilsvarande verdiminken som mangelen fører til for festaren.
§ 26. Heving ved manglar
Ved vesentleg mangel kan festaren heve festeavtala. Er tomta blitt forringa etter at festaren fekk råderetten, er det eit vilkår for heving at forringinga anten skuldast tilhøve som festaren ikkje har vågnaden for eller at festaren yter vederlag for verdiminken.
Festaren tapar retten til å heve dersom festaren ikkje gjev bortfestaren melding om heving innan rimeleg tid etter at festaren vart kjent med eller burde vorte kjent med mangelen.
§ 27. Skadebot ved manglar
Festaren kan krevje skadebot for tap festaren får på grunn av manglar ved tomta, med mindre bortfestaren godtgjer at mangelen ikkje skuldast feil eller forsøming frå bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for.
§ 28. Rettsmangel
Dersom festaren på grunn av rettsmanglar hjå bortfestaren ikkje får den råderetten over tomta som festaren etter lov og avtala skal ha, gjeld føresegnene i §§ 20, 24, 25, 26 og 27 tilsvarande.
Festaren kan alltid krevje skadebot for tap som skuldast rettsmanglar som var der på avtaletida og som festaren ikkje kjende til eller burde ha kjent til.
§ 29. Anna mishald frå bortfestaren
Ved anna mishald frå bortfestaren, gjeld føresegnene om manglar tilsvarande, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.
§ 30. Mishald frå festaren
Ved vesentleg mishald frå festaren kan bortfestaren heve festeavtala, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Det kan ikkje avtalast at bortfestaren skal kunne heve utan at mishaldet er vesentleg.
Etter at festaren har bygd hus på tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, kan bortfestaren ikkje heve på grunn av at festaren forsømer å betale festeavgifta i rett tid. Det same gjeld i andre festehøve når tomta er festa bort for 99 år eller meir eller på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren.
Tap og kostnader som skuldast mishald frå festaren kan bortfestaren berre krevje skadebot for når festaren har vore aktlaus.
§ 31. Reklamasjonsfrist
⋯
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.