Lov om burettslag (burettslagslova)
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1. Verkeområde. Definisjonar
§ 1-2. Ansvarsavgrensing
§ 1-3. Tilknytte lag
§ 1-4. Bustadaksjeselskap
§ 1-5. Forbod mot diskriminering
I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved diskriminering gjeld likestillings- og diskrimineringsloven.
§ 1-6. Meldingar mv.
§ 1-7. Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
Kapittel 2. Stifting av burettslag. Innskot. Avtalar med utbyggjar o.a.
I Stifting
§ 2-1. Stiftingsdokument
§ 2-2. Minstekrav til vedtektene. Føretaksnamn
§ 2-3. Minstekrav til stiftingsdokumentet elles
Stiftingsdokumentet skal elles opplyse om namn eller føretaksnamn, adresse og fødsels- eller organisasjonsnummer for stiftarane, tida for innbetaling av andelane og om kven som skal vere første styre og første revisor for laget.
§ 2-4. Forbod mot særlege rettar
Det kan ikkje takast inn vilkår i stiftingsdokumentet omoppgjer av andelar med anna enn pengar,om plikt for laget til å dekkje stiftingsutgiftene,at laget skal ha plikt til å overta eignedelar eller bli part i avtale,at nokon skal ha særlege rettar eller fordelar i laget på grunnlag av stiftinga.
oppgjer av andelar med anna enn pengar,
om plikt for laget til å dekkje stiftingsutgiftene,
at laget skal ha plikt til å overta eignedelar eller bli part i avtale,
at nokon skal ha særlege rettar eller fordelar i laget på grunnlag av stiftinga.
§ 2-5. Opningsbalanse
§ 2-6. Byggje- og finansieringsplan
§ 2-7. Stifting av laget
Stiftarane skal datere og signere stiftingsdokumentet. Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er andelane teikna og laget stifta. Stiftingsdokumentet kan opprettast på papir eller gjennom elektronisk løysing for stifting av burettslag godkjend av Føretaksregisteret.
§ 2-8. Betaling av andelane
§ 2-9. Melding til Føretaksregisteret
II Innskot
§ 2-10. Innskot
§ 2-11. Sikring og betaling
III Avtalar med bustadbyggjelag eller annan utbyggjar o.a.
§ 2-12. Eige av opp til alle andelane
Eit bustadbyggjelag eller ein annan yrkesutøvar, medrekna organisasjonar og offentleg verksemd, som skal stå for erverv eller oppføring av bustader for burettslaget, kan eige opp til alle andelane i laget.
§ 2-12 a. Forbod om avtale om rett til bustad
Det er forbode å inngå avtale mellom yrkesutøvar som nemnt i § 2-12 og kjøpar om rett til bustad som er knytt til, eller skal knytast til andel i burettslag, dersom kjøparen ikkje kan eige andelen etter §§ 4-1 flg.
§ 2-13. Avtale mellom utbyggjar og forbrukar
IV Fellesgjeld
§ 2-14. Maksimalgrense
Er det fastset i byggje- og finansieringsplanen at laget skal ha fellesgjeld, skal fellesgjelda ved stiftinga ikkje utgjere meir enn 75 prosent av kostnadsoverslaget i byggje- og finansieringsplanen, jf. § 2-6. Ei låneavtale som fører til at fellesgjelda går over grensa i første punktum, er ugyldig for den overskytande delen.
§ 2-15. Krav til fellesgjeld
Ved stifting av burettslag skal fordelinga mellom storleiken på den delen av fellesgjelda som kvar andelseigar skal nedbetale gjennom felleskostnadene og det dei skal finansiere sjølve, jf. § 2-6 fjerde ledd, vere prosentvis lik for alle andelane i laget. Den einskilde andelseigar kan likevel få rett til å nedbetale sin del av fellesgjelda dersom burettslaget og finansinstitusjonen, som har gitt felleslånet, har avtalt ein slik rett for andelseigarane.
§ 2-16. Opplysningar
Før avtale om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, vert inngått, skal yrkesutøvar som nemnt i § 2-12 opplyse kjøparen om rente- og avdragsvilkår, løpetid og andre vilkår av vesentleg betyding for nedbetaling av fellesgjelda.
Kapittel 3. Andelskapital
§ 3-1. Storleiken på andelane
§ 3-2. Endring av talet på andelar
§ 3-3. Forsvarleg drift
Kapittel 4. Andelseigarar, overgang av andelar m.m.
I Andelseigarane
§ 4-1. Hovudregelen om eige av andel
Om ikkje anna følgjer av kapittelet her, kan kvar andelseigar berre eige ein andel, og berre fysiske personar kan vere andelseigarar. I § 5-2 er det reglar om sameige i andel.
§ 4-2. Juridiske personar o.a. som kan eige andelar utan omsyn til vedtektene
§ 4-3. Juridiske personar o.a. som kan eige andelar etter vedtektene
Det kan fastsetjast i vedtektene at stat, fylkeskommune, kommune, bustadbyggjelag, institusjon eller samanslutning med samfunnsnyttig føremål og dessutan arbeidsgivar som skal leige ut bustad til sine tilsette, kan eige opp til tjue prosent av andelane i tillegg til andelar som kan eigast etter § 4-2 første ledd.
§ 4-3 a. Juridiske personar som kan tilby avtale om leige til eige eller deleige
Med leige til eige er det i denne lova meint avtale mellom ein juridisk person og ein eller fleire fysiske personar om leige av bustad, der den eller dei fysiske personane innanfor ein tidsbestemt periode har rett til å kjøpe bustaden.
Med deleige er det i denne lova meint avtale om delt eigarskap av ein bustad mellom ein juridisk person og ein eller fleire fysiske personar, der den eller dei fysiske personane har rett til å kjøpe heile bustaden. Den eller dei fysiske personane må eige minst 50 prosent av bustaden og ha ein eksklusiv bruksrett til heile bustaden.
Departementet kan gi forskrift om at juridiske personar som tilbyr bustad med avtale om leige til eige eller deleige, kan eige opp til 50 prosent av bustadene i laget. Slik forskrift skal stille nærare vilkår til avtalane om leige til eige og deleige. Forskrifta kan fastsetje at ein kommune kan eige ein større andel enn 50 prosent av bustadene i laget.
§ 4-3 b. Forelding av kjøpsrett ved avtale om leige til eige og deleige
Når ein person har fått tilbod om kjøp av bustad som nemnt i § 4-3 a første eller andre ledd, blir retten til å tre inn i kjøpsavtalen ikkje forelda før akseptfristen som er angitt i kjøpsretten, er gått ut. For krav med grunnlag i ein inngått kjøpsavtale gjeld reglane i foreldelsesloven.
II Eigarskifte og vilkår for eigarskifte
§ 4-4. Eigarskifte og vilkår
Ein andel kan skifte eigar utan andre vilkår enn det som følgjer av § 4-1 eller anna lovføresegn eller av vedtektsføresegn som har fått tilslutning frå eigarane av dei andelane det gjeld. Vilkår for eigarskifte kan ikkje vedtektsfestast utan at det er sakleg grunn til det. Vedtektsføresegn eller avtale som hindrar eige som nemnd i § 4-2, er ikkje gyldig.
§ 4-5. Godkjenning av ny andelseigar
§ 4-6. Gebyr o.l.
For arbeid med eigarskifte og eventuell godkjenning, kan laget krevje eit vederlag på opp til fire gonger rettsgebyret av den som avhender andelen. Det kan ikkje gjerast avtale om at andre enn den som avhender andelen, skal betale vederlaget.
§ 4-7. Forbod mot tidsavgrensing o.a.
Vedtektsføresegn som går ut på at den som lovleg er blitt eigar av ein andel, har plikt til å avhende andelen, er ikkje gyldig anna enn for tilfelle med vesentleg mishald (jf. § 5-22), tilfelle der avhending er sett som vilkår for erverv av ny andel, og tilfelle der ein andelseigar i eit tilknytt burettslag melder seg ut av bustadbyggjelaget.
III Pålegg om sal. Tvangssal
§ 4-8. Pålegg om sal
§ 4-9. Erverv av andel ved tvangssal
IV Utløysing av andelseigar
§ 4-10. Utløysing
V Forkjøpsrett
§ 4-11. Reglar om forkjøpsrett
Føresegnene i §§ 4-12 til 4-21 gjeld dersom det følgjer av vedtektene at andelseigarar eller andre har forkjøpsrett når ein andel skiftar eigar. Føresegnene kan fråvikast i vedtektene om ikkje anna er sagt.
§ 4-12. Rettsovergang til nærståande og enkelte andre
§ 4-13. Utløysing av forkjøpsretten
§ 4-14. Kven som skal gjere forkjøpsretten gjeldande
Det er berre laget som kan gjere forkjøpsretten gjeldande på vegner av forkjøpsrettshavarane.
§ 4-15. Frist for å gjere forkjøpsretten gjeldande
§ 4-16. Løysingskravet
§ 4-17. Om rettar og plikter
§ 4-18. Løysingssummen
§ 4-19. Angrefrist
Har bustaden ikkje vore tilgjengeleg for synfaring før fristen for å bruke forkjøpsretten er ute, kan forkjøpsretthavaren seie seg ubunden av løysingskravet innan to veker etter at bustaden blei overteken. Seier forkjøpsrettshavaren seg ubunden i samsvar med første punktum, fell lagets ansvar for betaling av løysingssummen bort. Føresegnene i paragrafen her kan ikkje fråvikast.
§ 4-20. Omgjering
Avtale som utløyser forkjøpsretten kan avhendaren gjere om med verknad for forkjøpsrettshavaren inntil laget har fått melding om at andelen har skifta eigar.
§ 4-21. Forholdet mellom laget og forkjøpsrettshavarane
§ 4-22. Gebyr
Kapittel 5. Bustadene
I Buretten
§ 5-1. Hovudregelen om buretten
Kvar andel gir einerett til å bruke ein bustad i laget og rett til å nytte fellesareal til det dei er tenkte eller vanleg brukte til, og til anna som er i samsvar med tida og tilhøva.
§ 5-2. Sameige i andel
II Overlating av bruken til andre
§ 5-3. Overlating av bruken
Andelseigaren kan ikkje utan samtykke frå styret overlate bruken av bustaden til andre ut over det som følgjer av §§ 5-4 til 5-6.
§ 5-4. Overlating av bruken når andelseigaren sjølv bur i bustaden
Ein andelseigar som sjølv bur i bustaden, kan overlate bruken av delar av bustaden til andre. I tillegg kan andelseigaren overlate bruken av heile bustaden til andre i opptil 30 døgn i løpet av året.
§ 5-5. Overlating av bruken for opp til tre år
Med godkjenning frå styret kan andelseigaren overlate bruken av heile bustaden til andre for opp til tre år dersom andelseigaren sjølv eller ein person som nemnt i § 5-6 første ledd nr. 3, har butt i bustaden i minst eitt av dei to siste åra. Godkjenning kan berre nektast dersom brukarens forhold gir sakleg grunn til det. Godkjenning kan nektast dersom brukaren ikkje kunne blitt andelseigar.
§ 5-6. Overlating av bruken med særleg grunn
§ 5-7. Søknad om godkjenning
Har laget ikkje sendt svar på ein skriftleg søknad om godkjenning av brukar innan ein månad etter at søknaden er komen fram til laget, skal brukaren reknast som godkjend.
§ 5-8. Andelseigarens ansvar
§ 5-9. Pålegg om flytting
§ 5-10. Bortfall av bruksrett
III Andelseigarens bruk, vedlikehald o.a.
§ 5-11. Bruken av bustaden og eigedommen
§ 5-11 a. Rett til å setje opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil
Ein andelseigar som disponerer eigen parkeringsplass på eigedomen til burettslaget, har med samtykke frå styret rett til å setje opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil i tilknyting til parkeringsplassen. Samtykke kan berre nektast om det ligg føre ein sakleg grunn til det.
Ein andelseigar som har rett til å parkere på eigedomen til burettslaget, men utan å disponere ein eigen plass, kan krevje at det blir sett opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil. Styret skal etterkome kravet med mindre det ligg føre ein sakleg grunn til å nekte. Styret avgjer kvar ladepunktet skal setjast opp.
§ 5-12. Vedlikehald o.a. frå andelseigaren
§ 5-13. Andelseigarens skadebotansvar i høve til laget
§ 5-14. Krav mot bakre ledd
Laget kan gjere sitt krav som følgje av mishald gjeldande mot ein tidlegare avtalepart som har gjort avtalen som ledd i næringsverksemd, i same mon som krav på grunn av mishald kan gjerast gjeldande av andelseigaren eller annan avtalepart.
§ 5-15. Skadebotansvar i høve til andre andelseigarar
§ 5-16. Ansvar ved eigarskifte
IV Lagets vedlikehaldsplikt o.a.
§ 5-17. Vedlikehald o.a. frå laget
§ 5-18. Skadebotansvar for laget og bakre ledd
V Dekning av felleskostnader
§ 5-19. Fordeling av felleskostnader
§ 5-20. Panterett for felleskostnader
VI Bortfall av bruksretten
§ 5-21. Oppseiing frå andelseigaren
§ 5-22. Salspålegg frå laget
§ 5-23. Fråviking
§ 5-24. Øydelegging ved brann o.a.
§ 5-25. Konkurs. Tvangssal og anna eigarskifte for eigedommen
VII Sikring mot tap av felleskostnader
§ 5-26. Sikring mot tap av felleskostnader
§ 5-27. Krav til tilbydaren
Berre føretak som har løyve til å drive skadeforsikrings- eller finansieringsverksemd, kan tilby sikring etter § 5-26.
§ 5-28. Krav til produktet
Departementet gir nærare forskrifter om krav til produktet, og kan i den samanhengen gi føresegner som vik frå forsikringsvirksomhetsloven og finansforetaksloven.
§ 5-29. Oppseiing
Oppseiing av avtale om sikring etter kapitlet her skal vedtakast av generalforsamlinga. Dersom avtale om sikring stiller vilkår om bruk av ein særskilt forretningsførar, må oppseiing av avtale om forretningsførsel også vedtakast av generalforsamlinga.
§ 5-30. Marknadsføring og informasjon
Berre sikring etter §§ 5-26 til 5-29 kan marknadsførast som sikring mot tap av felleskostnader ved sal av andelar i burettslag. Andre ordningar kan heller ikkje marknadsførast på ein måte som gjer at dei kan forvekslast med å vere sikring etter §§ 5-26 til 5-29.
Kapittel 6. Rettsregistrering
§ 6-1. Registrering i grunnboka
§ 6-2. Rettsregistrering
§ 6-3. Vilkår for registrering
§ 6-4. Registreringstidspunktet
§ 6-5. Hovudreglar om prioritet
§ 6-6. Unntak frå prioritetsreglane o.a.
§ 6-7. Særreglar for panterett
For panterett som ikkje er tinglyst elektronisk, gjeld ikkje føresegnene i § 6-5 for avhending av panteretten til eige eller pant eller for utlegg i panterett.
§ 6-8. Prioritetsendringar
§ 6-9. Oppstigingsrett
Når ikkje anna er avtala eller følgjer av stiftingsgrunnlaget eller av § 6-10, stig etterståande rettar opp utan endring av den innbyrdes prioriteten, i den grad ein rett med betre prioritet fell bort ved innfriing.
§ 6-10. Opplåning og ombyting av panterett
§ 6-11. Rettsvern ved konkurs og akkord
§ 6-12. Prioritet i tilfelle av registreringsfeil o.a.
§ 6-13. Manglar ved medkontrahentens heimel o.a.
§ 6-14. Forelding av rettsvern
§ 6-15. Klage
For klage på avgjerder av registerføraren gjeld reglane i tinglysingslova så langt ikkje noko anna er fastsett i kapitlet her.
§ 6-16. Gebyr
§ 6-17. Skadebotansvar
Kapittel 7. Generalforsamlinga
I Allmenne reglar
§ 7-1. Mynde
Generalforsamlinga har øvste myndet i laget.
§ 7-2. Møterett
§ 7-3. Fullmektig. Rådgivar
II Møte i generalforsamling
§ 7-4. Ordinær generalforsamling
§ 7-5. Ekstraordinær generalforsamling
III Innkalling til generalforsamling
§ 7-6. Innkalling til generalforsamling
§ 7-7. Saker som skal takast med i innkallinga
§ 7-8. Om kva saker generalforsamlinga skal og kan behandle
Generalforsamlinga kan ikkje gjere vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga, om ikkje alle andelseigarane i laget samtykkjer, og ikkje anna følgjer av særleg lovføresegn. At saka ikkje er nemnd i innkallinga, hindrar likevel ikkje atden ordinære generalforsamlinga avgjer saker som etter lova eller vedtektene skal takast opp på kvar ordinær generalforsamling,den ordinære generalforsamlinga avgjer krav om gransking som nemnd i § 7-14,det blir valt styremedlemmer der nokon står på val,det blir vedteke å kalle inn ny generalforsamling til å avgjere framlegg som er gjorde i møtet.
den ordinære generalforsamlinga avgjer saker som etter lova eller vedtektene skal takast opp på kvar ordinær generalforsamling,
den ordinære generalforsamlinga avgjer krav om gransking som nemnd i § 7-14,
det blir valt styremedlemmer der nokon står på val,
det blir vedteke å kalle inn ny generalforsamling til å avgjere framlegg som er gjorde i møtet.
IV Møtereglar
§ 7-9. Møteleiing. Protokoll
§ 7-10. Røysterett. Habilitet
V Fleirtalskrav
§ 7-11. Fleirtalskrav
§ 7-12. Vedtektsveto
Med tilslutning frå alle andelseigarar kan det fastsetjast i vedtektene at ein tredjeperson skal godkjenne endring av desse vedtektsføresegnene for at endringa skal vere gyldigføresegn som gjeld vilkår for å vere andelseigar i laget,føresegn om forkjøpsrett til andel i laget,føresegn om pris ved overføring av andel,føresegn etter leddet her om godkjenning av vedtektsendring.
føresegn som gjeld vilkår for å vere andelseigar i laget,
føresegn om forkjøpsrett til andel i laget,
føresegn om pris ved overføring av andel,
føresegn etter leddet her om godkjenning av vedtektsendring.
§ 7-13. Misbruk av mynde
Generalforsamlinga kan ikkje gjere noko vedtak som er skikka til å gi visse andelseigarar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre andelseigarar eller laget.
VI Gransking
§ 7-14. Framlegg om gransking
§ 7-15. Avgjerd i tingretten
§ 7-16. Granskingsrapporten
Kapittel 8. Styre og forretningsførar
I Styre. Arbeidet i styret
§ 8-1. Styre
Laget skal ha eit styre. Styret skal ha minst tre medlemmer. Berre myndige personar kan vere styremedlemmer.
§ 8-2. Val av styremedlemmer
§ 8-3. Tenestetid. Avsetjing
§ 8-4. Vederlag
Eventuelt vederlag til styremedlemmene skal fastsetjast av generalforsamlinga.
§ 8-5. Styremøte
Styreleiaren skal syte for at styret held møte så ofte som det trengst. Ein styremedlem eller forretningsføraren kan krevje at styret blir kalla saman. Styreleiaren avgjer om sakene skal behandlast i fysisk møte eller på annan måte. Alle styremedlemmene kan krevje fysisk møte.
§ 8-6. Vedtak
§ 8-7. Møteleiing. Protokoll
§ 8-8. Oppgåver for styret
Styret skal leie verksemda i laget i samsvar med lov, vedtekter og vedtak i generalforsamlinga. Styret kan ta alle avgjerder som ikkje i lov eller vedtekter er lagde til andre organ.
§ 8-9. Vedtak som krev samtykke frå generalforsamlinga
Styret kan ikkje utan at generalforsamlinga har gitt samtykke med minst to tredjedels fleirtal, gjere vedtak omombygging, påbygging eller andre endringar av bygg eller grunn som etter tilhøva i laget går ut over vanleg forvaltning og vedlikehald,å auke talet på andelar eller å knyte andelar til bustader som før har vore tenkt brukt til utleige, jf. § 3-2 andre ledd,sal eller kjøp av fast eigedom,å ta opp lån som skal sikrast med pant med prioritet framfor innskota,andre rettslege disposisjonar over fast eigedom som går ut over vanleg forvaltning,tiltak elles som går ut over vanleg forvaltning, når tiltaket fører med seg økonomisk ansvar eller utlegg for laget på meir enn fem prosent av dei årlege felleskostnadene.
ombygging, påbygging eller andre endringar av bygg eller grunn som etter tilhøva i laget går ut over vanleg forvaltning og vedlikehald,
å auke talet på andelar eller å knyte andelar til bustader som før har vore tenkt brukt til utleige, jf. § 3-2 andre ledd,
sal eller kjøp av fast eigedom,
å ta opp lån som skal sikrast med pant med prioritet framfor innskota,
andre rettslege disposisjonar over fast eigedom som går ut over vanleg forvaltning,
tiltak elles som går ut over vanleg forvaltning, når tiltaket fører med seg økonomisk ansvar eller utlegg for laget på meir enn fem prosent av dei årlege felleskostnadene.
II Forretningsførar
§ 8-10. Forretningsførsel
§ 8-11. Forretningsførsel for tilknytte burettslag
Avtale om forretningsførsel med bustadbyggjelag som burettslaget er knytt til, kan opp til ti år etter at burettslaget er stifta, vere uoppseieleg eller ha lengre oppseiingsfrist enn seks månader. Slik avtale kan ha vilkår om at oppseiing berre kan skje dersom generalforsamlinga i burettslaget gir samtykke til det med to tredjedels fleirtal, og bustadbyggjelaget har fått høve til å uttale seg skriftleg om spørsmålet til kvar andelseigar i burettslaget seinast samtidig med innkalling til generalforsamlinga.
§ 8-12. Nedsetjing av vederlag. Heving
III Forvaltning av midlar
§ 8-13. Forvaltning av midlar
IV Inhabilitet. Misbruk av posisjon o.a.
§ 8-14. Inhabilitet
Ein styremedlem må ikkje vere med i behandlinga eller avgjerda av noko spørsmål som medlemmen sjølv eller nærståande har ei klar personleg eller økonomisk særinteresse i. Det same gjeld for forretningsføraren.
§ 8-15. Misbruk av posisjon i laget o.a.
V Representasjon og fullmakt
§ 8-16. Representasjon og fullmakt
Kapittel 9. Revisjon
§ 9-1. Revisor
Eit burettslag skal ha ein eller fleire statsautoriserte eller registrerte revisorar.
§ 9-2. Val av revisor
Generalforsamlinga skal velje ein eller fleire revisorar, og kan velje ein eller fleire vararevisorar.
§ 9-3. Bortfall av oppdraget
§ 9-4. Nyval av revisor
§ 9-5. Revisjonsmelding
Revisor skal gi revisjonsmelding til generalforsamlinga for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende seinast to veker før den ordinære generalforsamlinga.
§ 9-6. Revisor er med i generalforsamlinga
Revisor skal møte i generalforsamlinga når det skal behandlast saker som gjer dette nødvendig. Ut over dette har revisor rett til å møte i generalforsamlinga.
Kapittel 10. Samanslåing og deling av burettslag
§ 10-1. Samanslåing av burettslag
§ 10-2. Plan for samanslåinga og godkjenning av planen
§ 10-3. Melding til Føretaksregisteret og kreditorvarsel
§ 10-4. Motsegn frå kreditor
§ 10-5. Gjennomføring av samanslåinga
§ 10-6. Deling av burettslag
§ 10-7. Plan for delinga og godkjenning av planen
§ 10-8. Melding til Føretaksregisteret, kreditorvarsel og motsegn
Føresegnene i §§ 10-3 og 10-4 gjeld tilsvarande.
§ 10-9. Gjennomføring av delinga
Kapittel 11. Oppløysing av burettslag
§ 11-1. Vedtak om oppløysing
§ 11-2. Avviklingsstyre og generalforsamling
§ 11-3. Melding til Føretaksregisteret
Vedtak om å oppløyse laget skal meldast til Føretaksregisteret straks vedtaket er gyldig og avviklingsstyre er valt. Meldinga skal innehalde opplysningar om medlemmene av avviklingsstyret.
§ 11-4. Kreditorvarsel
§ 11-5. Stillinga for laget under avviklinga
§ 11-6. Avviklingsbalanse o.a.
§ 11-7. Dekning av skyldnadene
§ 11-8. Omgjering av eignedelar til pengar
§ 11-9. Deling eller utbetaling
§ 11-10. Endeleg oppløysing
§ 11-11. Etterutlodding
Det som måtte tilfalle laget av summar som er sette av etter § 11-9 andre ledd, utdeling til andelseigarar som ikkje blir heva, og det som elles måtte vise seg å tilhøyre det oppløyste laget, skal loddast ut på etterskot. Er summen så liten at han ikkje står i forhold til ulempa eller kostnaden med ei etterutlodding, kan avviklingsstyret i staden bruke han til velgjerd, til humanitære føremål eller til beste for miljøet.
§ 11-12. Ansvar for udekte skyldnader
§ 11-13. Omgjering av vedtak om oppløysing
Kapittel 12. Skadebot
§ 12-1. Skadebotansvar
§ 12-2. Lemping
Skadebotansvar etter § 12-1 kan lempast etter skadeserstatningsloven § 5-2.
§ 12-3. Vedtak om å fremje lagets krav
§ 12-4. Krav på vegner av laget
§ 12-5. Ansvarsfritak
Har generalforsamlinga gjort vedtak om ansvarsfritak eller om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan laget likevel fremje krav grunna på omstende som generalforsamlinga på vesentlege punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysningar om da vedtaket blei gjort.
§ 12-6. Konkurrerande krav
Andelseigarar, kreditorar eller andre som har lidt tap fordi laget er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med laget, og deira krav står tilbake for lagets krav.
§ 12-7. Andre krav på vegner av laget
Føresegnene i §§ 12-4 og 12-5 gjeld tilsvarande for lagets krav på tilbakeføring etter § 3-3 tredje ledd.
Kapittel 13. Ymse føresegner
§ 13-1. Teieplikt
§ 13-2. Saksbehandlinga i tingretten o.a.
§ 13-3. Fristrekning
§ 13-4. Tvistar
Avtale om at tvist mellom andelseigaren og laget skal avgjerast ved skilsdom eller med endeleg verknad elles av eit organ utanom domstolane, er berre gyldig dersom avtalen er gjord etter at tvisten oppstod.
§ 13-5. Omdanning av bustadaksjeselskap
Kapittel 14. Ikraftsetjing. Overgangsreglar
I Ikraftsetjing
§ 14-1. Ikraftsetjing
II Overgangsreglar
§ 14-2. Tilknytte lag
I burettslag som etter tidlegare gjeldande reglar er tilknytte eit bustadbyggjelag, gjeld desse særreglane:Det skal reknast som eit vilkår for å vere andelseigar at vedkomande er andelseigar i bustadbyggjelaget, og laget skal reknast som eit tilknytt lag etter § 1-3, om ikkje anna blir fastsett i vedtektene med samtykke frå bustadbyggjelaget.Eldre vedtektsføresegn om at endring av vedtektene ikkje er gyldig utan samtykke frå bustadbyggjelaget, gjeld berre for endring av vedtektsføresegner som nemnde i § 7-12 dersom endringa blir vedteken etter at lova her blei sett i kraft.Forretningsføraravtale mellom bustadbyggjelag og tilknytt burettslag som er gjord før lova tok til å gjelde, og som etter sitt innhald er uoppseieleg i meir enn fem år eller berre kan seiast opp på visse vilkår, kan burettslaget seie opp med seks månaders varsel når det er gått fem år frå lova her blei sett i kraft, og minst ti år frå burettslaget blei stifta. Oppseiing kan berre skje dersom generalforsamlinga i burettslaget gir samtykke til det med to tredjedels fleirtal, og bustadbyggjelaget har fått høve til å uttale seg skriftleg om spørsmålet til kvar andelseigar i burettslaget seinast samtidig med innkalling til generalforsamlinga.Tingretten kan setje ei oppseiing etter nummer 3 til side dersom oppseiinga vil verke urimeleg, og bustadbyggjelaget har reist søksmål innan 30 dagar etter at skriftleg oppseiing kom fram til laget.
Det skal reknast som eit vilkår for å vere andelseigar at vedkomande er andelseigar i bustadbyggjelaget, og laget skal reknast som eit tilknytt lag etter § 1-3, om ikkje anna blir fastsett i vedtektene med samtykke frå bustadbyggjelaget.
Eldre vedtektsføresegn om at endring av vedtektene ikkje er gyldig utan samtykke frå bustadbyggjelaget, gjeld berre for endring av vedtektsføresegner som nemnde i § 7-12 dersom endringa blir vedteken etter at lova her blei sett i kraft.
Forretningsføraravtale mellom bustadbyggjelag og tilknytt burettslag som er gjord før lova tok til å gjelde, og som etter sitt innhald er uoppseieleg i meir enn fem år eller berre kan seiast opp på visse vilkår, kan burettslaget seie opp med seks månaders varsel når det er gått fem år frå lova her blei sett i kraft, og minst ti år frå burettslaget blei stifta. Oppseiing kan berre skje dersom generalforsamlinga i burettslaget gir samtykke til det med to tredjedels fleirtal, og bustadbyggjelaget har fått høve til å uttale seg skriftleg om spørsmålet til kvar andelseigar i burettslaget seinast samtidig med innkalling til generalforsamlinga.
Tingretten kan setje ei oppseiing etter nummer 3 til side dersom oppseiinga vil verke urimeleg, og bustadbyggjelaget har reist søksmål innan 30 dagar etter at skriftleg oppseiing kom fram til laget.
§ 14-3. Stifting
Burettslag som er stifta før lova her blei sett i kraft, kan registrerast i Føretaksregisteret sjølv om stiftinga ikkje er gjennomført etter §§ 2-1 til 2-8. Registrering må i tilfelle skje seinast seks månader etter konstituerande generalforsamling.
§ 14-4. Avtalar om rett til andel o.a.
§ 14-5. Innskot
§ 14-6. Andelar
§ 14-7. Andelseigarar og forkjøpsrett
§ 14-8. Bustadene
§ 14-9. Registrering i grunnboka
§ 14-10. Forvaltning av midlar
Eldre avtalar om forvaltning av midlar som er i strid med § 8-13, gjeld i seks månader etter at lova her blei sett i kraft, om ikkje kortare tid følgjer av avtalen sjølv eller ny avtale.
§ 14-11. Vedtekter og avtalar
Vedtektsføresegner og avtalar som er i strid med lova her, fell bort seinast eitt år etter at lovføresegnene blei sett i kraft.
III Endring av andre lover
§ 14-12. Endring av andre lover
Frå lova her blir sett i kraft, skal desse lovene endrast slik: – – –
IV (Oppheva)
V (Oppheva)
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.
Denne teksten publiseres på de vilkårene for gjenbruk som Lovdata selv fastsetter, ikke under en Legalize-lisens eller en public domain-lisens.
Lovdata
NLOD 2.0 (Norsk lisens for offentlige data)
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD) distribuert av Stiftelsen Lovdata.