Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt
§ 1.
For å sikre forsyningane av petroleum og petroleumsprodukt både nasjonalt og internasjonalt kan Kongen i forskrift avgjere at den som her i landet importerer eller produserer petroleumsprodukt og biodrivstoff, pliktar å halde lager av desse produkta.
Kongen kan vidare gi nærare føresegner omkven lagringsplikta gjeld forlagringspliktige produktomfang og oppfylling av lagringspliktabruken av volum som skal beredskapslagrast, ogreglar om rapportering og tilsyn med beredskapslagringa.
kven lagringsplikta gjeld for
lagringspliktige produkt
omfang og oppfylling av lagringsplikta
bruken av volum som skal beredskapslagrast, og
reglar om rapportering og tilsyn med beredskapslagringa.
§ 2.
Departementet kan krevje gebyr frå føretak for brot på lova dersom nokon som har handla på vegner av føretaket har brote føresegner gitt med heimel i denne lova. Gebyret for brot kan ikkje overstige 10 millionar kroner per vedtak. Endeleg vedtak om gebyr for brot er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom føretaket går til søksmål mot staten for å prøve vedtaket, kan retten prøve alle sider ved saka.
Departementet kan gi forskrift med nærare reglar om fastsetjing og gjennomføring av vedtak om gebyr for brot. Forskrifta kan innehalde reglar om oppfyllingsfrist for vedtak om gebyr for brot, rente og tilleggsgebyr dersom gebyret ikkje vert betalt ved forfall, og i særlege tilfelle høve til å avstå frå å krevje inn pålagde gebyr.
§ 3.
Denne lova tek til å gjelde straks.
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.