Lov om samvirkeforetak (samvirkelova)

Type Lov
Publisering 2007-06-29
Status I kraft
Departement Nærings- og fiskeridepartementet
Kilde Lovdata
Endringshistorikk JSON API

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1. Verkeområde
§ 2. Høve til å fråvike lova

Føresegnene i denne lova kan fråvikast når det er særskilt fastsett i lova eller følgjer av samanhengen.

§ 3. Ansvarsavgrensing o.a.
§ 4. Føderativt samvirke
§ 5. Konsern
§ 6. Elektronisk kommunikasjon
§ 6a. Møte

Med møte er meint i denne lova møte kor dei som deltar anten er fysisk til stades på møtet (fysisk møte), eller deltek ved bruk av elektroniske hjelpemiddel (elektronisk møte).

§ 7. Fastsetjing av fristar

Kapittel 2. Stifting av samvirkeforetak

§ 8. Stifting av foretaket
§ 9. Krav til innhaldet i stiftingsdokumentet
§ 10. Vedtekter for samvirkeforetak

Vedtektene skal minst innehalde føresegner om:foretaksnamn for foretaket,den kommunen i riket der foretaket skal ha forretningskontor,kva verksemd foretaket skal drive,storleiken på eventuelle andelsinnskot, om dei skal forrentast, og om dei skal betalast tilbake ved utmelding,kor vidt det skal betalast medlemskontingent,korleis årsoverskotet skal kunne nyttast, jf. § 26,talet på eller det lågaste og høgaste talet på styremedlemmar,kva saker som skal opp på det ordinære årsmøtet,korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing.

foretaksnamn for foretaket,

den kommunen i riket der foretaket skal ha forretningskontor,

kva verksemd foretaket skal drive,

storleiken på eventuelle andelsinnskot, om dei skal forrentast, og om dei skal betalast tilbake ved utmelding,

kor vidt det skal betalast medlemskontingent,

korleis årsoverskotet skal kunne nyttast, jf. § 26,

talet på eller det lågaste og høgaste talet på styremedlemmar,

kva saker som skal opp på det ordinære årsmøtet,

korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing.

§ 11. Opningsbalanse
§ 12. Melding av foretaket til Foretaksregisteret
§ 13. Verknader av registreringa

Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak

§ 14. Innmelding
§ 15. Medlemsrettar
§ 16. Medlemsplikter
§ 17. Likskapsprinsippet

Eit samvirkeforetak skal behandle alle medlemmar likt. Forskjellsbehandling krev sakleg grunn.

§ 18. Medlemsregister
§ 19. Sams medlemskap
§ 20. Overgang av medlemskap
§ 21. Pant i medlemskap
§ 22. Utmelding
§ 23. Utestenging
§ 24. Mishald frå foretaket si side o.a.

Kapittel 4. Økonomiforhold

§ 25. Krav til forsvarleg eigenkapital
§ 26. Bruk av årsoverskot
§ 27. Etterbetaling
§ 28. Etterbetalingsfond
§ 29. Medlemskapitalkonti
§ 30. Forrenting og annan auke av andelsinnskot og medlemskapitalkonti
§ 31. Utdelingsskranke. Ulovlege utdelingar
§ 32. Konserntilskot
§ 33. Kreditt og trygdgiving til medlemmar o.a.
§ 34. Gåver

Kapittel 5. Årsmøtet o.a.

I. Allmenne reglar

§ 35. Mynde

Årsmøtet har øvste myndet i foretaket.

§ 36. Rett til å delta. Fullmektig
§ 37. Utsendingar
§ 38. Røysterett
§ 39. Inhabilitet ved røysting på årsmøtet

Ingen kan sjølv eller ved fullmektig, som fullmektig eller som utsending røyste på årsmøtet om søksmål mot seg sjølv eller om eige ansvar overfor foretaket, og heller ikkje om søksmål mot andre eller om ansvar for andre overfor foretaket dersom medlemmen, fullmektigen eller utsendingen har ei vesentleg interesse i saka som kan stride mot interessa til foretaket.

§ 40. Rett og plikt for leiinga til å delta på årsmøtet

II. Årsmøte

§ 41. Ordinært årsmøte
§ 42. Ekstraordinært årsmøte
§ 43. Vedtak av forenkla årsmøte
§ 44. Gjennomføring av årsmøte

III. Innkalling til årsmøte

§ 45. Kven som skal kalle inn
§ 46. Krav til innkallinga
§ 47. Rett til å få saker opp på årsmøtet

Ein medlem har rett til å få tatt opp saker på årsmøtet. Eventuelle saker må meldast skriftleg til styret i så god tid at dei kan takast med i innkallinga. Er innkallinga allereie send, skal det sendast ny innkalling dersom den kan kome fram minst ei veke før årsmøtet skal haldast.

IV. Møtereglar

§ 48. Opning av møtet. Møteleiar
§ 49. Liste over medlemmane på møtet

Den som opnar møtet, skal før første røysting setje opp ei liste over dei medlemmane som deltar, anten sjølve eller ved fullmektig. Dersom nokon av medlemmane har meir enn ei røyst, skal det gå fram av lista kor mange røyster desse har. Lista skal nyttast til den måtte bli endra av årsmøtet.

§ 50. Saker utanom saklista
§ 51. Opplysingsplikt for leiinga
§ 52. Protokoll

V. Fleirtalskrav o.a.

§ 53. Vanleg fleirtalskrav
§ 54. Vedtektsendring
§ 55. Misbruk av mynde

Årsmøtet kan ikkje gjere noko vedtak som er skikka til å gi visse medlemmar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre medlemmar eller foretaket.

VI. Søksmål om ugyldige vedtak

§ 56. Kven som kan reise søksmål om ugyldige vedtak

Ein medlem av foretaket, ein styremedlem eller dagleg leiar kan reise søksmål med påstand om at eit vedtak av årsmøtet er ugyldig, fordi det er blitt til på ulovleg vis eller elles er i strid med lova eller vedtektene for foretaket. Slikt søksmål kan også reisast av eit fleirtal av dei tilsette eller alternativt av fagforeiningar som organiserer to tredelar av dei tilsette.

§ 57. Frist for å reise søksmål
§ 58. Dom om ugyldig vedtak

VII. Gransking

§ 59. Framlegg om gransking
§ 60. Avgjerd i tingretten
§ 61. Granskingsrapporten

VIII. Representantskap og kontrollkomité

§ 62. Representantskap
§ 63. Kontrollkomité

Kapittel 6. Leiinga av foretaket

I. Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid o.a.

§ 64. Styret
§ 65. Dagleg leiar
§ 66. Val av styremedlemmar
§ 67. Rett for tilsette til å velje styremedlemmar
§ 68. Rett for tilsette til å velje styremedlemmar i konsern og føderative samvirke
§ 69. Krav til kjønnssamansetjinga i styret
§ 69 a. Krav til kjønnssamansetjing for styremedlemmar valde av og mellom dei tilsette
§ 70. Tenestetid for styremedlemmane
§ 71. Avgang og avsetjing før tenestetida er slutt
§ 72. Suppleringsval
§ 73. Varamedlemmar og observatørar

Føresegnene i lova om styremedlemmar gjeld tilsvarande for varamedlemmar og observatørar så langt dei høver.

§ 74. Godtgjersle

Eventuell godtgjersle til styremedlemmar, varamedlemmar og observatørar skal fastsetjast av årsmøtet. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.

§ 75. Krav om tilknyting

Dagleg leiar og minst halvdelen av styremedlemmane skal vere busette i ein EØS-stat, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland eller Konføderasjonen Sveits. Departementet kan ved enkeltvedtak gjere unntak frå første punktum.

II. Oppgåver for leiinga. Saksbehandling o.a.

§ 76. Forvaltinga av foretaket
§ 77. Tilsynsansvar for styret

Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda i foretaket elles. Styret kan fastsetje instruks for den daglege leiinga.

§ 78. Dagleg leiing
§ 79. Plikter for dagleg leiar overfor styret
§ 80. Gjensidig opplysingsplikt i konsern og føderative samvirke
§ 81. Kravsmål om gjelds- og konkursbehandling
§ 82. Saksbehandlinga i styret
§ 83. Krav om styrebehandling o.a.

Styreleiaren skal syte for behandling av aktuelle saker som høyrer under styret. Styremedlemmane og dagleg leiar kan krevje at styret tek opp bestemte saker.

§ 84. Førebuing av saker og varsling
§ 85. Styreinstruks
§ 86. Når kan styret gjere vedtak
§ 87. Vanleg fleirtalskrav
§ 88. Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar
§ 89. Inhabilitet
§ 90. Misbruk av posisjon i foretaket o.a.
§ 91. Styreprotokoll

III. Tilhøvet utetter

§ 92. Representasjon

Styret representerer foretaket utetter og teiknar foretaksnamnet.

§ 93. Fullmakt til å teikne foretaksnamnet
§ 94. Representasjon ved dagleg leiar

Dagleg leiar representerer foretaket utetter i saker som inngår i den daglege leiinga.

§ 95. Overskriding av mynde

Har nokon som representerer foretaket etter reglane i §§ 92 til 94, ved disposisjon på vegner av foretaket gått ut over sitt mynde, er disposisjonen ikkje bindande for foretaket når foretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet vart overskride, og det ville stride mot heider og god tru å gjere disposisjonen gjeldande.

§ 96. Manglar ved val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar

Etter at val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar er registrert i Foretaksregisteret, kan manglar ved valet eller tilsetjinga ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson, om ikkje foretaket godtgjer at tredjepersonen kjende til mangelen.

Kapittel 7. Revisjon

§ 97. Val av revisor
§ 98. Bortfall av oppdraget
§ 99. Nyval av revisor
§ 100. Revisjonsmelding

Revisor skal gi revisjonsmelding til årsmøtet for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende seinast to veker før det ordinære årsmøtet.

§ 101. Revisor er med på årsmøtet
§ 101 a. Møte med revisor

Styret skal hvert år ha et møte med revisor uten at daglig leder eller andre fra den daglige ledelsen er til stede. Aksjeloven § 7-5 a gjelder tilsvarende.

§ 101 b. Berekraftsrapportering

Kapittel 8. Fusjon

§ 102. Fusjonsomgrepet
§ 103. Vedtak om fusjon
§ 104. Fusjonsplan
§ 105. Vedlegg til fusjonsplanen

Som vedlegg til fusjonsplanen skal følgje:vedtektene til overdragande og overtakande foretak,siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dei foretaka som er med på fusjonen og som har rekneskapsplikt og revisjonsplikt.

vedtektene til overdragande og overtakande foretak,

siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dei foretaka som er med på fusjonen og som har rekneskapsplikt og revisjonsplikt.

§ 106. Fastsetjing av vederlagskrava
§ 107. Rapport om fusjonen

Når fusjonsplanen er ferdig, skal styret i kvart foretak utarbeide ein skriftleg rapport om fusjonen og kva den vil ha å seie for foretaket. Rapporten skal gjere greie for grunngivinga for framlegget om fusjon, dei hovudsynspunkta som ligg til grunn for fastsetjinga av vederlaget, og kva fusjonen vil få å seie for dei tilsette i foretaket.

§ 108. Utgreiing om fusjonsplanen
§ 109. Forholdet til dei tilsette
§ 110. Melding til medlemmane
§ 111. Opplysingsplikt

Styret i eit overdragande foretak skal gi opplysingar til sitt årsmøte og til styra i andre foretak som er med på fusjonen, om vesentlege endringar i eigedelar, rettar og skyldnader som har funne stad i tida mellom signeringa av fusjonsplanen og behandlinga av fusjonsplanen på årsmøtet. Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, har styret i dette ei tilsvarande opplysingsplikt.

§ 112. Søknad til Stiftelsestilsynet
§ 113. Melding til Foretaksregisteret
§ 114. Kreditorvarsel

Foretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om fusjon i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og varsle kreditorane i foretaket om at motsegner mot fusjonen må meldast til vedkomande foretak innan seks veker frå kunngjeringa.

§ 115. Motsegn frå kreditor
§ 116. Iverksetjing av fusjonen
§ 117. Ugyldig fusjon
§ 118. Fusjon mellom samvirkeforetak og heileigd dotterselskap

Kapittel 9. Fisjon

§ 119. Fisjonsomgrepet
§ 120. Vedtak om fisjon
§ 121. Fisjonsplan o.a.
§ 122. Opplysingsplikt

Styret i det foretaket som skal delast, skal gi opplysingar til sitt årsmøte og til styret i eit eksisterande overtakande foretak om vesentlege endringar i eigedelar, rettar og skyldnader som har funne stad i tida mellom signeringa av fisjonsplanen og behandlinga av fisjonsplanen på årsmøtet. Styret i eit eksisterande overtakande foretak har ei tilsvarande opplysingsplikt overfor sitt årsmøte og overfor styret i andre foretak som er med på fisjonen.

§ 123. Søknad til Stiftelsestilsynet, melding til Foretaksregisteret, kreditorvarsel o.a.

Føresegnene i §§ 112 til 115 gjeld tilsvarande ved fisjon.

§ 124. Iverksetjing o.a.
§ 125. Ugyldig fisjon

Reglane om ugyldig fusjon i § 117 gjeld tilsvarande ved fisjon.

§ 126. Fordeling av eigedelar, rettar og skyldnader

Kapittel 10. Oppløysing o.a.

§ 127. Vedtak om oppløysing
§ 128. Avviklingsstyre og andre organ i foretaket
§ 129. Melding til Foretaksregisteret

Vedtak om å løyse opp foretaket skal meldast til Foretaksregisteret straks avviklingsstyret er valt. Meldinga skal innehalde opplysingar om medlemmane av avviklingsstyret.

§ 130. Kreditorvarsel
§ 131. Stillinga for foretaket under avviklinga
§ 132. Avviklingsbalanse o.a.
§ 133. Dekning av skyldnadene
§ 134. Omgjering av eigedelar og rettar i pengar

Eigedelane og rettane til foretaket skal gjerast om i pengar så langt dette er nødvendig for å dekkje skyldnader. Utover dette skal eigedelane eller rettane gjerast om i pengar dersom ikkje medlemmane er samde om noko anna.

§ 135. Utdeling til medlemmane og anna disponering over gjenverande midlar
§ 136. Endeleg oppløysing
§ 137. Etterutlodding

Det som måtte tilfalle foretaket av summar som er sette av etter § 135 andre ledd, eller som elles måtte vise seg å tilhøyre det oppløyste foretaket, skal behandlast som fastsett i § 135 tredje til femte ledd. Er beløpet så lite at ei etterutlodding til medlemmane vil valde uforholdsmessig ulempe eller kostnad, kan avviklingsstyret i staden nytte det til samvirkeformål eller til allmennyttige formål.

§ 138. Ansvar for udekte skyldnader
§ 139. Omgjering av vedtak om oppløysing
§ 140. Tingretten overtek ansvaret for avviklinga
§ 141. Oppløysing etter orskurd frå tingretten
§ 142. Behandling av saker om oppløysing etter § 141
§ 143. Orskurden frå tingretten
§ 144. Avvikling av foretaket

Kapittel 11. Omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

§ 145. Omdanningsomgrepet
§ 146. Vedtak om omdanning
§ 147. Omdanningsplan
§ 148. Vedlegg til omdanningsplanen
§ 149. Rapport om omdanninga, forholdet til dei tilsette, melding til medlemmane

Føresegnene i §§ 107, 109 og 110 gjeld tilsvarande ved omdanning så langt dei høver.

§ 150. Søknad til Stiftelsestilsynet

Føresegna i § 112 gjeld tilsvarande ved omdanning.

§ 151. Melding til Foretaksregisteret
§ 152. Iverksetjing av omdanninga

Omdanninga til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap skjer når omdanningsvedtaket blir registrert i Foretaksregisteret. Iverksetjinga har følgjande verknader:samvirkeforetaket er omdanna til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap,medlemmane i samvirkeforetaket er blitt aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,eigedelane, rettane og skyldnadene til samvirkeforetaket er overtatt av aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,andre verknader som følgjer av omdanningsplanen.

samvirkeforetaket er omdanna til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap,

medlemmane i samvirkeforetaket er blitt aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,

eigedelane, rettane og skyldnadene til samvirkeforetaket er overtatt av aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet,

andre verknader som følgjer av omdanningsplanen.

Kapittel 12. Skadebot m.m.

§ 153. Skadebotansvar
§ 154. Lemping

Skadebotansvar etter § 153 kan lempast etter skadeserstatningslova § 5-2.

§ 155. Vedtak om å fremje krav
§ 156. Krav på vegner av foretaket
§ 157. Ansvarsfritak

Har årsmøtet gjort vedtak om ansvarsfritak eller om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan foretaket likevel fremje krav grunna på omstende som årsmøtet på vesentlege punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysingar om då vedtaket vart gjort.

§ 158. Konkurrerande krav

Medlemmar, kreditorar eller andre som har lide tap fordi foretaket er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med foretaket, og deira krav står tilbake for foretaket sitt krav.

§ 159. Andre krav på vegner av foretaket

Føresegnene i §§ 156 og 157 gjeld tilsvarande for krav foretaket har på tilbakeføring etter § 31 andre ledd.

Kapittel 13. Rettargangsreglar

§ 160. Rettssak mellom foretaket og styret

I saker mellom foretaket og styret eller enkelte styremedlemmar skal årsmøtet velje ein eller fleire personar til å representere foretaket i saka. Blir ikkje det gjort, kan forkynning for foretaket skje til ein av medlemmane.

§ 161. Saksbehandlinga i tingretten o.a.

Kapittel 14. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover

§ 162. Iverksetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1 Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.

§ 163. Overgangsreglar

Samvirkelag eller økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, er ikkje underlagde lova før det har gått fem år frå iverksetjinga. Årsmøtet kan med fleirtal som for vedtektsendring vedta at samanslutninga skal registrerast som samvirkeforetak (SA) i Foretaksregisteret på eit tidlegare tidspunkt. Samanslutninga skal i så fall meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at vedtaket er gjort. Elles fell vedtaket bort. Foretaket er underlagt lova frå registreringstidspunktet.

Samvirkelag og økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, skal bringe vedtektene i samsvar med lova innan fem år etter iverksetjinga, eller innan eit eventuelt tidlegare tidspunkt etter nr. 1 andre punktum. Vedtektsendringane skal meldast til Foretaksregisteret.Vedtektsendringar som er nødvendige for å bringe vedtektene i samsvar med lova, kan årsmøtet vedta med fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, avgjer møteleiaren kva vedtaket skal gå ut på, sjølv om møteleiaren ikkje har røysterett.Er vedtektene ikkje brakt i samsvar med lova innan fristen etter første ledd, og gjer ikkje foretaket dei nødvendige endringane etter krav frå Foretaksregisteret, skal tingretten etter melding frå Foretaksregisteret vedta foretaket oppløyst. Føresegnene i §§ 141 til 144 gjeld tilsvarande.

Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har ei ordning med omsetjelege andelar, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk. Andelar kan berre omsetjast til andre medlemmar, eller til personar som blir medlemmar ved kjøp av andelar.

Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har vedtekter som gir dei tilsette rett til å vere representerte i årsmøte og eventuelt representantskap, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk.

Endringa i § 164 nr. 22 i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven) § 2-2 gjeld også for foretaksnamn som er tatt i bruk før iverksetjinga av foretaksnamnelova.

Det skal ikkje betalast gebyr for Foretaksregisterets kunngjering av endringar i foretaksnamn som følgje av § 164 nr. 22.

For bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap som er stifta og registrerte i Foretaksregisteret før § 164 nr. 35 og 38 blir sett i verk, skal styret vere sett saman i samsvar med lova innan to år etter iverksetjinga.

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.