Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven)

Type Lov
Publisering 2012-01-20
Status I kraft
Departement Justis- og beredskapsdepartementet
Kilde Lovdata
artikler 3
Endringshistorikk JSON API

Kapittel 1. Alminnelege føresegner

§ 1. Verkeområde

Loven gjeld overlevering av personar mellom Noreg og medlemsstatar i Den europeiske unionen og mellom Noreg og andre nordiske statar for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre. Personar som er ettersøkte gjennom ein arrestordre, og som oppheld seg i Noreg, skal pågripast og overleverast til staten som har ferda ut arrestordren etter føresegnene i denne loven.

For å få pågripe og overlevert personar til Noreg for strafforfølging eller straffullbyrding her, kan det ferdast ut ein arrestordre etter reglane i loven her.

§ 2. Folkeretten si tyding for bruken av loven

Loven gjeld med dei avgrensingane som er godkjende i folkeretten eller som følgjer av avtale med framand stat.

§ 3. Forholdet til straffeprosessloven

Dersom ikkje anna er bestemt i loven, gjeld straffeprosessloven sine reglar så langt dei høver.

§ 4. Definisjonar

I loven tyder desse omgrepa:arrestordre: avgjerd fatta av kompetent myndigheit i ein medlemsstat i Den europeiske unionen, Island eller Noreg om at ein annan av dei nemnde statane skal pågripe og overlevere ein ettersøkt person for strafforfølging eller fullbyrding av fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon. I kapittel 1, 6, 7 og 8 brukt som fellesnemning på nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar.nordisk-europeisk arrestordre: arrestordre ferda ut i samsvar med avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og republikken Island og Kongeriket Noreg om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske unionen og Island og Noreg. Som nordisk-europeisk arrestordre skal også reknast arrestordre ferda ut i samsvar med Det europeiske råds rammeavgjerd 13. juni 2002 om den europeiske arrestordre og prosedyrane for overlevering mellom medlemsstatane (europeisk arrestordre).nordisk arrestordre: arrestordre ferda ut i samsvar med konvensjon om overlevering for straffbare forhold mellom dei nordiske landa 15. desember 2005. Ein arrestordre som nemnd i bokstav b som er ferda ut av eit nordisk land, skal også reknast som ein nordisk arrestordre ved bruk av loven her.utlevering: utlevering av personar for straffbare forhold etter utleveringsloven eller tilsvarande reglar i framand stat.

arrestordre: avgjerd fatta av kompetent myndigheit i ein medlemsstat i Den europeiske unionen, Island eller Noreg om at ein annan av dei nemnde statane skal pågripe og overlevere ein ettersøkt person for strafforfølging eller fullbyrding av fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon. I kapittel 1, 6, 7 og 8 brukt som fellesnemning på nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar.

nordisk-europeisk arrestordre: arrestordre ferda ut i samsvar med avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og republikken Island og Kongeriket Noreg om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske unionen og Island og Noreg. Som nordisk-europeisk arrestordre skal også reknast arrestordre ferda ut i samsvar med Det europeiske råds rammeavgjerd 13. juni 2002 om den europeiske arrestordre og prosedyrane for overlevering mellom medlemsstatane (europeisk arrestordre).

nordisk arrestordre: arrestordre ferda ut i samsvar med konvensjon om overlevering for straffbare forhold mellom dei nordiske landa 15. desember 2005. Ein arrestordre som nemnd i bokstav b som er ferda ut av eit nordisk land, skal også reknast som ein nordisk arrestordre ved bruk av loven her.

utlevering: utlevering av personar for straffbare forhold etter utleveringsloven eller tilsvarande reglar i framand stat.

§ 5. Krav til utforminga av ein arrestordre

Ein arrestordre skal førast i skjema som oppgitt i forskrift til loven, og skal innehaldenamn, adresse, telefon- og faksnummer og e-postadresse til den myndigheita som har ferda ut arrestordrenpersonalia og statsborgarskapen til den ettersøkteopplysning om rettskraftig dom, pågripingsvedtak eller ei anna avgjerd med same rettskraft som ligg til grunn for arrestordrenei utgreiing av karakteren på lovbrotet med ei påpeiking av straffebod som venteleg råkar handlingaei utgreiing av omstende omkring lovbrotet, under dette tidspunkt, stad og omfang av deltakinga til den ettersøkteden pådømde straffa eller den strafferamma som er fastsett for lovbrotet i den staten som har ferda ut arrestordrenså vidt mogleg andre følgjer av lovbrotet.

namn, adresse, telefon- og faksnummer og e-postadresse til den myndigheita som har ferda ut arrestordren

personalia og statsborgarskapen til den ettersøkte

opplysning om rettskraftig dom, pågripingsvedtak eller ei anna avgjerd med same rettskraft som ligg til grunn for arrestordren

ei utgreiing av karakteren på lovbrotet med ei påpeiking av straffebod som venteleg råkar handlinga

ei utgreiing av omstende omkring lovbrotet, under dette tidspunkt, stad og omfang av deltakinga til den ettersøkte

den pådømde straffa eller den strafferamma som er fastsett for lovbrotet i den staten som har ferda ut arrestordren

så vidt mogleg andre følgjer av lovbrotet.

Har arrestordren vesentlege manglar, utgjer han ikkje ein arrestordre, og påtalemakta kan, etter først å ha gitt den utferdande myndigheita ein rimeleg frist for retting, avslå han.

Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre

§ 6. Krav til straffetrusselen eller pådømd straff

Overlevering av personar til ein medlemsstat i Den europeiske unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre skjer etter reglane i loven her forstraffeforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordrenfullbyrding av pådømd fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon på minst fire månader.

straffeforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren

fullbyrding av pådømd fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon på minst fire månader.

Overlevering for fleire straffbare forhold kan skje sjølv om vilkåra i første ledd berre er oppfylte for eitt av forholda, under føresetnad om at dei andre forholda er straffbare etter norsk lov.

§ 7. Dobbel strafflegging

Overlevering på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan berre skje når handlinga som ligg til grunn for arrestordren, eller ei tilsvarande handling, er straffbar også etter norsk lov.

Dette gjeld likevel ikkje dersom arrestordren gjeld handlingar utførte av ein person som har medverka til at ei gruppe personar som opptrer med eit felles mål, utførerterrorhandling eller terrorrelatert handling som nemnd i artikkel 1 og 2 i Europeisk konvensjon om nedkjemping av terrorisme og artikkel 1, 2, 3 og 4 i EUs rammevedtak 13. juni 2002 om nedkjemping av terrorismeulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoffdrapgrov kroppsskadekidnapping, ulovleg fridomsrøving eller gisseltakingvaldtekt,under føresetnad om at handling som nemnd i bokstav a til f kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren. Handlingane må vere utførte med formål om å fremme gruppa sine mål og med kunnskap om at deltakinga vil bidra til gjennomføring av lovbrot som ligg innanfor gruppa sine kriminelle formål.

terrorhandling eller terrorrelatert handling som nemnd i artikkel 1 og 2 i Europeisk konvensjon om nedkjemping av terrorisme og artikkel 1, 2, 3 og 4 i EUs rammevedtak 13. juni 2002 om nedkjemping av terrorisme

ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff

drap

grov kroppsskade

kidnapping, ulovleg fridomsrøving eller gisseltaking

valdtekt,

Vilkåret om dobbel strafflegging i første ledd gjeld heller ikkje dersom forholdet i den utferdande staten vert rekna som ei av dei handlingane som er nemnde i forskrift til loven, og i den utferdande staten kan straffast med fengsel eller annan fridomsrøvande reaksjon i minst tre år, om ikkje den utferdande staten sjølv stiller krav om dobbel strafflegging for overlevering til Noreg for straffeforfølging eller fullbyrding av pådømd straff for tilsvarande forhold. Departementet gir forskrift om kva for handlingar kravet til dobbel strafflegging ikkje skal gjelde for på vilkår som nemnde i første punktum i leddet her.

§ 8. Obligatoriske avslagsgrunnar

Ein nordisk-europeisk arrestordre skal avslåast for forhold somdet er gitt norsk amnesti forden ettersøkte på grunn av alderen sin ikkje kan gjerast strafferettsleg ansvarleg for i Noregdet ligg føre norsk rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdastdet ligg føre norsk rettskraftig dom på overføring til tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg, og dommen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdastdet ligg føre norsk rettskraftig førelegg for, og førelegget er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdastdet ligg føre godkjend norsk avtale frå mekling i konfliktråd for, og avtalen ikkje er vesentleg misleghaldennorsk rettsforfølging er innstilt for etter at den ettersøkte først har vore sikta for forholdet, jf. straffeprosessloven § 82, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 første, femte eller sjette ledddet er gitt norsk påtaleavkall for, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 andre, tredje, fjerde eller sjette leddden kompetente myndigheita har kjennskap til at det i ein medlemsstat i Den europeiske unionen eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet ligg føre ein rettskraftig dom eller ei anna endeleg avgjerd som avskjer vidare strafforfølging, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdastbehandling eller rettskraftig dom eller anna endeleg avgjerd i ein internasjonal eller overnasjonal domstol avskjer vidare strafforfølging for, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdaster utført heilt eller delvis i Noreg, under dette på Svalbard, Jan Mayen eller i dei norske bilanda, eller andre område underlagde norsk jurisdiksjon, og forholdet anten ikkje er straffbart eller straffansvaret eller høve til strafforfølging eller straffullbyrding ville vore forelda etter norsk lovgiving.

det er gitt norsk amnesti for

den ettersøkte på grunn av alderen sin ikkje kan gjerast strafferettsleg ansvarleg for i Noreg

det ligg føre norsk rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

det ligg føre norsk rettskraftig dom på overføring til tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg, og dommen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

det ligg føre norsk rettskraftig førelegg for, og førelegget er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

det ligg føre godkjend norsk avtale frå mekling i konfliktråd for, og avtalen ikkje er vesentleg misleghalden

norsk rettsforfølging er innstilt for etter at den ettersøkte først har vore sikta for forholdet, jf. straffeprosessloven § 82, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 første, femte eller sjette ledd

det er gitt norsk påtaleavkall for, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 andre, tredje, fjerde eller sjette ledd

den kompetente myndigheita har kjennskap til at det i ein medlemsstat i Den europeiske unionen eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet ligg føre ein rettskraftig dom eller ei anna endeleg avgjerd som avskjer vidare strafforfølging, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

behandling eller rettskraftig dom eller anna endeleg avgjerd i ein internasjonal eller overnasjonal domstol avskjer vidare strafforfølging for, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast

er utført heilt eller delvis i Noreg, under dette på Svalbard, Jan Mayen eller i dei norske bilanda, eller andre område underlagde norsk jurisdiksjon, og forholdet anten ikkje er straffbart eller straffansvaret eller høve til strafforfølging eller straffullbyrding ville vore forelda etter norsk lovgiving.

Ein arrestordre som nemnd i første ledd skal også avslåast dersom overlevering vil vere i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen med endringar eller dei tilleggsprotokollane som gjeld som norsk lov.

§ 9. Politiske lovbrot

Ein nordisk-europeisk arrestordre kan ikkje avslåast for politiske lovbrudd.

Ein slik arrestordre kan likevel avslåast for lovbrot som nemnt i første ledd dersom den er utsteden av ein stat som ikkje sjølv overleverer ettersøkte personar til Noreg for politiske lovbrot.

Tingretten avgjer i tilfella som nemnd i andre ledd om eit forhold som ligg til grunn for arrestordren er å sjå på som eit politisk lovbrot i orskurden om vilkåra for overlevering er oppfylte, jf. § 14 første ledd andre punktum. Dersom retten kjem til at forholdet er eit politisk lovbrot, skal saka sendast via riksadvokaten til departementet for avgjerd.

§ 10. Norske statsborgarar

Reglane om overlevering gjeld også for arrestordrar som gjeld norske borgarar.

Dersom ein nordisk-europeisk arrestordre som gjeld ein norsk statsborgar, er ferda ut av ein stat som ikkje overleverer eigne statsborgarar til Noreg, kan han likevel avslåast. I slike tilfelle skal saka sendast via riksadvokaten til departementet for avgjerd.

§ 11. Dom kunngjord utan ettersøkte til stades. Livstidsstraff

Dersom ein nordisk-europeisk arrestordre gjeld overlevering til fullbyrding av fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon pådømd utan ettersøkte til stades, og utan at den ettersøkte er blitt informert om tid og stad for rettsforhandlingane, skal han avslåast om ikkje den utferdande staten forsikrar at den ettersøkte kan krevje saka behandla på nytt og da har høve til å vere til stades.

Dersom dei forholda som ligg til grunn for arrestordren kan straffast med fridomsrøving på livstid, skal arrestordren avslåast om ikkje den utferdande staten forsikrar at straff som nemnd vil bli vurdert omgjord eller unnlaten fullbyrda, anten etter oppmoding eller seinast etter 20 år.

Forsikring som nemnd i første og andre ledd skal liggje føre før retten avgjer om vilkåra for overlevering er oppfylte.

§ 12. Forhold som kan gi grunnlag for avslag

Overlevering til strafforfølging på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan avslåast for forhold somdet er sett i gang norsk strafforfølging mot den ettersøkte fornorsk påtalemakt har kjennskap til at det i ein annan stat enn ein EU-medlemsstat eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet, ligg føre rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast etter denne staten sine reglar.

det er sett i gang norsk strafforfølging mot den ettersøkte for

norsk påtalemakt har kjennskap til at det i ein annan stat enn ein EU-medlemsstat eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet, ligg føre rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast etter denne staten sine reglar.

Overlevering til straffullbyrding kan avslåast dersom den ettersøkte er busett i Noreg, eller er norsk statsborgar, og norske myndigheiter forpliktar seg til å fullbyrde dommen.

Den ettersøkte skal givast høve til å uttale seg før ein arrestordre vert avslått på grunnlag av eit forhold som er nemnt i første og andre ledd. Før ein arrestordre vert avslått etter andre ledd, skal også kriminalomsorga givast høve til å uttale seg.

Kapittel 3. Handsaminga av nordisk-europeiske arrestordrar

§ 13. Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel

Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk-europeisk arrestordre, skal pågripast snarast råd om ikkje det er klart at overlevering må avslåast. Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre gjennomførast dersom det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170 a gjeld tilsvarande.

Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om høvet til å samtykkje i overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar.

Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre overleveringa, skal han framstillast for tingretten med krav om fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten skal treffe avgjerd om fengsling om vilkåra for pågriping er oppfylte, jf. første ledd, med mindre det ikkje er grunn til å frykte for at den pågripne vil unndra seg eller hindre overlevering, eller formålet med fengsling kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven § 188. Retten skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om fengsling leggje opplysningane i arrestordren til grunn, om dei ikkje openbert er urette.

Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein tidsfrist på inntil 4 veker. Han kan lengjast med inntil 4 veker av gongen. Er den pågripne under 18 år, skal tidsfristen likevel ikkje overstige 2 veker eller lengjast med meir enn 2 veker av gongen. Samla fengslingstid kan ikkje overstige 12 veker, om det ikkje ligg føre særlege grunnar. Fjerde punktum gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. § 29 andre ledd, eller dersom den som vert kravd overlevert, tidlegare er overlevert eller utlevert.

Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje ledd fjerde punktum i paragrafen her gjeld tilsvarande.

§ 14. Avgjerd av nordisk-europeisk arrestordre

Påtalemakta skal etter mottak av arrestordren straks sende saka til tingretten. Tingretten avgjer ved orskurd om vilkåra for overlevering er oppfylte.

Den ettersøkte skal i retten spørjast om vedkomande samtykkjer i overlevering. I så fall skal den ettersøkte også spørjast om å gi sitt samtykke til rettsforfølging for andre lovbrot gjorde forut for overleveringa, og informerast om kva for rettsfølgjer eit samtykke har. Eit eventuelt samtykke skal givast skriftleg i rettsmøtet. Samtykkjer den ettersøkte i overlevering, treff retten si avgjerd straks og seinast innan ei veke.

Opplysningane i arrestordren skal leggjast til grunn for retten si avgjerd, om ikkje dei openbert er urette. Orskurden kan ankast etter reglane i straffeprosessloven kapittel 26. Fristen for anke er likevel tre dagar. Anke har utsetjande verknad. Rettskraftig orskurd skal om mogleg liggje føre seinast 45 dagar etter pågripinga av den ettersøkte, men innan ei veke dersom den ettersøkte har samtykt i overlevering. Den rettskraftige orskurden vert straks send til påtalemakta, som innan tre arbeidsdagar avgjer om arrestordren skal etterkomast eller ikkje.

Fristar som nemnde i første og tredje ledd byrjar å gjelde når påtalemakta har motteke tilstrekkelege opplysningar til å behandle saka. Dersom den ettersøkte har immunitet eller privilegium i Noreg for den straffbare handlinga arrestordren gjeld, byrjar ikkje fristen å gjelde før immuniteten eller privilegiet er oppheva. Dersom den ettersøkte tidlegare er utlevert eller overlevert til Noreg og overlevering vidare krev samtykke frå den staten som utleverte eller overleverte vedkomande, byrjar fristen ikkje å gjelde før vedkomande stat har gitt samtykke.

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.