Lov om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. (EØS-arbeidstakarlova)
§ 1.
EØS-avtalen vedlegg V nr. 2 (forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar, som endra ved forordning (EU) 2016/589 og forordning (EU) 2019/1149) og vedlegg V nr. 9 (forordning (EU) 2016/589 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, som endra ved forordning (EU) 2019/1149) gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.
§ 2.
Kongen kan ved forskrift gi nærmare reglar om gjennomføringa av føresegnene i lova.
§ 3.
Lova gjeld ikkje for Svalbard.
§ 4.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1 Frå same tid som lova trer i kraft, blir lov 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68) om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. innenfor EØS oppheva.
Forordning1
Nedafor er teken inn – etter Prop. 152 L (2011–2012) s. 6-14 – EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) slik Arbeidsdepartementet tolkar denne delen av EØS-avtalen med dei endringane og tillegga som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen for elles. Vedlegg I og II til frd. 492/2011 inneheld lister med endringar av den tidlegare frd. 1612/68 og «artikkelspegel» for frd. 1612/68 og frd. 492/2011 og er ikkje tekne med her.
EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området.
[Europaparlamentet og Rådet for Den europeiske unionen har –
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 46,
med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,
etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,
med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet,1
etter den ordinære regelverksprosessen2 og
ut frå desse synsmåtane:Rådsforordning (EØF) nr. 1612/68 av 15. oktober 1968 om fri bevegelighet for arbeidstakere innen Fellesskapet3 er vorten endra monaleg fleire gonger.4 Av omsyn til klarleiken og av praktiske årsaker bør forordninga kodifiserast.Fri rørsle for arbeidstakarar bør sikrast innanfor Unionen. For å nå dette målet må all forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar frå medlemsstatane avskaffast når det gjeld sysselsetjing, lønn og andre arbeidsvilkår, og det same gjeld den retten desse arbeidstakarane har til å flytte fritt innanfor Fellesskapet for å utøve løna verksemd, med atterhald for dei avgrensingane som er grunngjevne med omsynet til offentleg orden, offentleg tryggleik eller folkehelse.Det bør fastsetjast føresegner for at dei måla på området fri rørsle som er fastsette i artikkel 45 og 46 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, skal kunne oppnåast.Fri rørsle er ein grunnleggjande rett for arbeidstakarar og familiane deira. Mobiliteten til arbeidskrafta innanfor Unionen må vere eitt av midla til å sikre at arbeidstakarar kan få betre leve- og arbeidsvilkåra sine og lette den sosiale framgangen sin, samstundes som slik mobilitet medverkar til å oppfylle dei økonomiske behova til medlemsstatane. Retten til å utøve verksemd etter eige val innanfor Fellesskapet må stadfestast for alle arbeidstakarar i Unionen.Denne retten bør sannkjennast utan forskjellsbehandling for fast tilsette arbeidstakarar, sesongarbeidarar, grensearbeidarar og arbeidstakarar som utøver verksemd som del av tenesteyting.For at retten til fri rørsle skal kunne utøvast på objektive vilkår på ein fri og verdig måte, må lik behandling sikrast, både praktisk og rettsleg, på alle område som er knytte til den faktiske utøvinga av lønna verksemd og retten til bustad, og i tillegg må alle hinder for mobiliteten til arbeidstakarar fjernast, særleg når det gjeld vilkåra for at familien til arbeidstakaren skal kunne integrerast i vertsstaten.Prinsippet om lik behandling av alle arbeidstakarar innanfor Unionen inneber at alle statsborgarar i medlemsstatane får den same prioriteten til arbeid som innanlandske arbeidstakarar.Formidlingsverksemda, særleg gjennom utvikling av eit direkte samarbeid mellom både sentrale og regionale arbeidskontor og samordning av informasjonsutveksling, sikrar generelt at arbeidsmarknaden vert meir oversiktleg. Arbeidstakarar som ønskjer å flytte, bør jamleg få informasjon om leve- og arbeidsvilkår.Det finst nære band mellom fri rørsle for arbeidstakarar, sysselsetjing og yrkesretta opplæring, særleg når slik opplæring har til føremål å setje arbeidstakarane i stand til å ta imot konkrete tilbod om arbeid frå andre regionar i Unionen. Difor må dei problema som oppstår i samband med dette, ikkje lenger handterast isolert, men sjåast som nært samanhengande, samstundes som det vert teke omsyn til sysselsetjingsproblema på regionalt plan. Medlemsstatane må difor leggje vinn på å samordne sysselsetjingspolitikken sin –
vedteke denne forordninga:]
Kapittel I. Sysselsetjing, likebehandling og familien til arbeidstakarane
Del 1. Tilgang til sysselsetjing
Art 1.
Art 2.
Alle statsborgarar i ein EØS-stat og alle arbeidsgjevarar som utøver verksemda si på territoriet til ein EØS-stat, kan utveksle søknader og tilbod om arbeid, og inngå og oppfylle arbeidsavtaler i samsvar med gjeldande føresegner i lover og forskrifter, så framt dette ikkje inneber forskjellsbehandling.
Art 3.
Art 4.
Art 5.
Ein statsborgar i ein EØS-stat som søkjer arbeid på territoriet til ein annan EØS-stat, skal få den same hjelpa der som den som arbeidskontora i denne staten gjev sine eigne statsborgarar som søkjer arbeid.
Art 6.
Del 2. Sysselsetjing og likebehandling
Art 7.
Art 8.
Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein EØS-stat og er sysselsett på territoriet til ein annan EØS-stat, skal ha krav på lik behandling når det gjeld medlemskap i fagforeiningar og utøving av fagforeiningsrettar, medrekna røysterett og retten til å kunne ta på seg administrative eller leiande stillingar i ei fagforeining. Arbeidstakaren kan utelukkast frå deltaking i leiinga av offentlegrettslege organ og frå utøving av eit offentleg verv. Han eller ho skal vidare kunne veljast til organ som representerer arbeidstakarane i føretaket.
Det første leddet i denne artikkelen skal ikkje røre ved dei lovene og forskriftene som i visse EØS-statar gjev arbeidstakarar frå andre EØS-statar meir omfattande rettar.
Art 9.
Del 3. Familien til arbeidstakarane
Art 10.
Når ein statsborgar i ein EØS-stat arbeider eller har arbeidd på territoriet til ein annan EØS-stat, skal borna hans/hennar ha tilgang til allmennutdanning og lærling- og yrkesfagleg opplæring på dei same vilkåra som statsborgarar i denne staten, dersom borna er busette på territoriet til denne staten.
EØS-statane skal oppmuntre til alle tiltak som tek sikte på at desse borna skal kunne ta del i undervisninga på best moglege vilkår.
Kapittel II. Arbeidsformidling
Del 1. Samarbeid mellom EFTA-statane og med EFTAs faste komité
Art 11.
Art 12.
Del 2. Formidlingsverksemd
Art 13.
Art 14.
Art 15.
Art 16.
Bruken av dei framgangsmåtane ved tilsetjing som vert nytta av dei organa som er skipa til gjennomføring av avtaler mellom to eller fleire EØS-statar, skal ikkje vere obligatorisk.
Del 3. Kontrolltiltak for å fremje jamvekta på arbeidsmarknaden
Art 17.
Del 4. Det europeiske samordningskontoret
Art 18.
Det europeiske samordningskontoret for arbeidsformidling (hetter kalla «Det europeiske samordningskontoret»), som er skipa innanfor Kommisjonen, skal ha som allmenn oppgåve å fremje arbeidsformidling på unionsplan. Det skal særleg ha ansvaret for alle faglege oppgåver som i medhald av denne forordninga er tildelt Kommisjonen på dette området, og særleg for å hjelpe dei nasjonale arbeidskontora.
Det europeiske samordningskontoret skal utarbeide ei oversikt over dei opplysningane som er nemnde i artikkel 12 og 13, og dei opplysningane som har kome fram ved granskingar og forsking som er gjennomførd i medhald av artikkel 11, slik at alle nyttige opplysningar om den forventa utviklinga på arbeidsmarknaden i Unionen vert klargjorde; desse opplysningane skal sendast over til dei særlege kontora i medlemsstatane, og dessutan til det rådgjevande utvalet som er nemnt i artikkel 21, og til Det faglege utvalet.
Art 19.
Art 20.
Kommisjonen kan, i samarbeid med den rette styresmakta i kvar medlemsstat og i samsvar med dei vilkåra og framgangsmåtane som Kommisjonen fastset på grunnlag av fråsegn frå Det faglege utvalet, organisere vitjingar og tenesteopphald for tenestemenn frå andre medlemsstatar og vidareutdanning for fagleg personale.
Kapittel III. Organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar
Del 1. Det rådgjevande utvalet
Art 21.
Det rådgjevande utvalet skal ha ansvaret for å hjelpe Kommisjonen ved gransking av alle spørsmål som oppstår ved bruken av traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, og dei tiltaka som vert gjorde for å gjennomføre traktaten når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar.
Art 22.
Det rådgjevande utvalet skal særleg ha til oppgåveå handsame problem i samband med fri rørsle og sysselsetjing innanfor ramma av arbeidsmarknadspolitikken til dei einskilde statane med sikte på samordning av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane på unionsplan, og såleis medverke til å utvikle økonomien deira og skape betre jamvekt på arbeidsmarknaden,å gjere ei allmenn gransking av korleis gjennomføringa av denne forordninga og eventuelle tilleggsføresegner verkar,å sende over til Kommisjonen eventuelle grunngjevne framlegg til endring av denne forordninga,på oppmoding frå Kommisjonen eller på eige initiativ, å gje grunngjevne fråsegner om allmenne eller prinsipielle spørsmål, særleg om utveksling av opplysningar om utviklinga på arbeidsmarknaden, om flyttinga til arbeidstakarane mellom medlemsstatane, om program eller tiltak som fremjar yrkesrettleiing og yrkesretta opplæring og kan leggje tilhøva betre til rette for fri rørsle og sysselsetjing, og om alle former for hjelp til arbeidstakarar og familiane deira, medrekna sosialhjelp og hjelp til bustad.
å handsame problem i samband med fri rørsle og sysselsetjing innanfor ramma av arbeidsmarknadspolitikken til dei einskilde statane med sikte på samordning av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane på unionsplan, og såleis medverke til å utvikle økonomien deira og skape betre jamvekt på arbeidsmarknaden,
å gjere ei allmenn gransking av korleis gjennomføringa av denne forordninga og eventuelle tilleggsføresegner verkar,
å sende over til Kommisjonen eventuelle grunngjevne framlegg til endring av denne forordninga,
på oppmoding frå Kommisjonen eller på eige initiativ, å gje grunngjevne fråsegner om allmenne eller prinsipielle spørsmål, særleg om utveksling av opplysningar om utviklinga på arbeidsmarknaden, om flyttinga til arbeidstakarane mellom medlemsstatane, om program eller tiltak som fremjar yrkesrettleiing og yrkesretta opplæring og kan leggje tilhøva betre til rette for fri rørsle og sysselsetjing, og om alle former for hjelp til arbeidstakarar og familiane deira, medrekna sosialhjelp og hjelp til bustad.
Art 23.
Art 24.
Medlemmene av Det rådgjevande utvalet og varamedlemmene deira skal oppnemnast av Rådet, som ved utveljinga av representantar for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane skal leggje vinn på at dei ulike sektorane i næringslivet som det gjeld, vert representerte på ein rettferdig måte.
Rådet skal offentleggjere lista over medlemmer og varamedlemmer til orientering i Den europeiske unions tidende.
Art 25.
Det rådgjevande utvalet skal leiast av ein medlem av Kommisjonen eller vararepresentanten hans. Leiaren skal ikkje røyste. Utvalet skal halde møte minst to gonger i året. Leiaren skal kalle inn til møte, anten etter eige initiativ eller etter oppmoding frå minst ein tredel av medlemmene.
Kommisjonen skal ta hand om sekretærtenester.
Art 26.
Leiaren kan invitere einskildpersonar eller representantar for organ som har brei røynsle frå området sysselsetjing eller rørsle for arbeidstakarar, til å ta del i møta som observatørar eller sakkunnige. Leiaren kan få hjelp av sakkunnige.
Art 27.
Art 28.
Det rådgjevande utvalet skal fastsetje arbeidsmetodane sine ved møteføresegner som skal ta til å gjelde etter at Rådet har godteke dei, og etter at Rådet først har motteke ei fråsegn frå Kommisjonen. Endringar som Det rådgjevande utvalet eventuelt vedtek, skal ta til å gjelde etter den same framgangsmåten.
Del 2. Det faglege utvalet
Art 29.
Det faglege utvalet skal ha til oppgåve å hjelpe Kommisjonen med å førebu, fremje og følgje opp resultata av alt fagleg arbeid og alle faglege tiltak til gjennomføring av denne forordninga og eventuelle tilleggsføresegner.
Art 30.
Det faglege utvalet skal særleg ha til oppgåveå fremje og betre samarbeidet mellom dei offentlege styresmaktene som det gjeld i medlemsstatane, i alle faglege spørsmål i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar,å utarbeide framgangsmåtar for organiseringa av den felles verksemda til dei offentlege styresmaktene som det gjeld,å lette innsamlinga av opplysningar som kan vere nyttige for Kommisjonen og for gjennomføringa av granskingar og forsking som er fastsett i denne forordninga, og å fremje utvekslinga av opplysningar og røynsler mellom dei administrative organa som det gjeld,å undersøkje på eit fagleg plan korleis dei kriteria som medlemsstatane nyttar for å vurdere situasjonen på arbeidsmarknaden, kan harmoniserast.
å fremje og betre samarbeidet mellom dei offentlege styresmaktene som det gjeld i medlemsstatane, i alle faglege spørsmål i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar,
å utarbeide framgangsmåtar for organiseringa av den felles verksemda til dei offentlege styresmaktene som det gjeld,
å lette innsamlinga av opplysningar som kan vere nyttige for Kommisjonen og for gjennomføringa av granskingar og forsking som er fastsett i denne forordninga, og å fremje utvekslinga av opplysningar og røynsler mellom dei administrative organa som det gjeld,
å undersøkje på eit fagleg plan korleis dei kriteria som medlemsstatane nyttar for å vurdere situasjonen på arbeidsmarknaden, kan harmoniserast.
Art 31.
Art 32.
Det faglege utvalet skal leiast av ein medlem av Kommisjonen eller vararepresentanten hans. Leiaren skal ikkje røyste. Leiaren og medlemmene av utvalet kan få hjelp av sakkunnige.
Kommisjonen skal ta hand om sekretærtenester.
Art 33.
Dei framlegga og fråsegnene som vert utarbeidde av Det faglege utvalet, skal sendast over til Kommisjonen og gjerast kjende for Det rådgjevande utvalet. Det skal leggjast ved ein skriftleg merknad til framlegga og fråsegnene om synspunkta til dei einskilde medlemmene i Det faglege utvalet når dei ber om dette.
Art 34.
Det faglege utvalet skal fastsetje arbeidsmetodane sine ved møteføresegner som skal ta til å gjelde etter at Rådet har godkjent dei, og etter at Rådet først har motteke ei fråsegn frå Kommisjonen. Endringar som Det faglege utvalet eventuelt vedtek, skal ta til å gjelde etter den same framgangsmåten.
Kapittel IV. Sluttføresegner
Art 35.
Dei møteføresegnene som gjaldt for Det rådgjevande utvalet og Det faglege utvalet 8. november 1968, skal framleis nyttast.
Art 36.
Art 37.
EFTA-statane skal, i tidsrommet mellom dagen for underteikning og dagen for iverksetjing, til orientering sende over til EFTAs faste komite og EFTAs overvåkingsorgan teksta til dei avtalene, konvensjonane og overeinskomstane som dei inngår med kvarandre på arbeidskraftområdet.
Art 38.
Kommisjonen skal vedta dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne forordninga. For dette føremålet skal han ha eit nært samarbeid med dei sentrale offentlege styresmaktene i medlemsstatane.
Art 39.
Administrasjonsutgiftene til Det rådgjevande utvalet og Det faglege utvalet skal førast opp i det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen, i det kapittelet som gjeld Kommisjonen.
Art 40.
Denne forordninga skal nyttast på territoriet til EØS-statane og statsborgarane deira, med atterhald for artikkel 2 og 3.
Art 41.
Forordning (EØF) nr. 1612/68 vert oppheva.
Tilvisingar til forordninga som vert oppheva, skal forståast som tilvisingar til denne forordninga og lesast slik det er vist i jamføringstabellen i vedlegg II.
Art 42.
Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Den europeiske unions tidende.1
Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.2
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.