Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)
Kapittel 1. Formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting
I. Formål, verkeområde og definisjonar
§ 1-1. Formålet med lova
Formålet med lova er å leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar til beste for eigarane, rettshavarane og samfunnet. Dette skal skje ved at jordskifteretten bøter på utenlege eigedoms- og brukstilhøve, klarlegg og fastset grenser og rettar, og behandlar skjønn og andre avgjerder etter denne og andre lover.
Lova skal òg leggje til rette for rettferdig, forsvarleg, rask, effektiv og tillitsskapande behandling av sakene gjennom offentleg rettargang for uavhengige og upartiske jordskifterettar.
§ 1-2. Verkeområde for lova m.m.
Lova gjeld for fast eigedom og rettar over fast eigedom, vassdrag og sjø i heile landet, om ikkje anna er fastsett i denne eller andre lover.
Kongen kan fastsetje at lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard eller Jan Mayen, og kan da fastsetje særskilde tilpassingar etter tilhøva på staden.
Lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.
§ 1-3. Definisjonar
I denne lova tyderjordskifteområdet: den geografiske avgrensinga av jordskiftet, jf. § 6-9 første leddtiltaksjordskifte: jordskifte som følgje av iverksetjing av offentlege og private tiltak, jf. § 3-2 første ledd andre punktumvernejordskifte: jordskifte som følgje av offentleg regulering av eigarrådvelde, jf. § 3-2 første ledd tredje punktum.
jordskifteområdet: den geografiske avgrensinga av jordskiftet, jf. § 6-9 første ledd
tiltaksjordskifte: jordskifte som følgje av iverksetjing av offentlege og private tiltak, jf. § 3-2 første ledd andre punktum
vernejordskifte: jordskifte som følgje av offentleg regulering av eigarrådvelde, jf. § 3-2 første ledd tredje punktum.
II. Saksinnhald og sakstilknyting
§ 1-4. Kva det kan reisast sak om for jordskifteretten
Jordskifteretten kan behandle krav omendring i eigedomstilhøve og rettar for å skape meir tenlege tilhøve, jf. kapittel 3fastsetjing av eigedomstilhøve og rettar, jf. § 4-1fastsetjing av grenser, jf. §§ 4-2 og 4-3skjønn og andre avgjerder etter andre lover, slik det går fram av kapittel 5 og av reglane i særlovene.
endring i eigedomstilhøve og rettar for å skape meir tenlege tilhøve, jf. kapittel 3
fastsetjing av eigedomstilhøve og rettar, jf. § 4-1
fastsetjing av grenser, jf. §§ 4-2 og 4-3
skjønn og andre avgjerder etter andre lover, slik det går fram av kapittel 5 og av reglane i særlovene.
§ 1-5. Kven som kan reise sak
Krav om sak kan setjast fram av den som eig fast eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom, eller av festar.
I område med reindrift etter reindriftsloven, kan distriktsstyret, jf. reindriftsloven § 43, siidastyret, jf. reindriftsloven § 52, leiar av siidaandel, jf. reindriftsloven § 10 og leiar av sideordna rekrutteringsandel, jf. reindriftsloven § 12, krevje sak der det går fram av reindriftsloven.
Offentleg styresmakt og andre tiltakshavarar med heimel til å ekspropriere til tiltak og anlegg, kan krevje jordskifte etter kapittel 3.
Offentleg styresmakt med heimel til å regulere eigarrådvelde, kan krevje jordskifte etter kapittel 3 og grensefastsetjing etter § 4-2.
Retten til å krevje sak kan ein ikkje skrive frå seg.
Kapittel 2. Jordskifterettane
I. Organisering av jordskifterettane
§ 2-1. Jordskiftesokn (verneting)
Kongen deler riket inn i jordskiftesokn for jordskifterettane.
§ 2-2. Tilhøvet til domstolloven
Domstolloven gjeld for jordskifterettane om ikkje anna er fastsett, jf. domstolloven § 2 andre ledd.
§ 2-3. Bemanning
Jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg er jordskiftedommar, og så mange jordskiftedommarar som til kvar tid er bestemt.
Jordskifteretten skal ha teknisk personale. For teknisk personale gjeld reglane i kapittel 6 i domstolloven så langt dei høver. Domstoladministrasjonen kan skipe ei eiga eining med faglege og tekniske støttefunksjonar for jordskifterettane. Eininga kan anten vere sjølvstendig eller vere knytt til ein domstol.
Jordskifteretten kan ha minst ein jordskiftedommarfullmektig som kan utføre oppgåver på vegner av jordskiftedommaren. Domstoladministrasjonen kan gi forskrift om kva for myndigheit dommarfullmektigen skal ha, og kven som kan gi slik myndigheit til dommarfullmektigen.
Domstolloven § 19 andre ledd gjeld ved tilkalling av jordskiftedommarar.
§ 2-4. Utdanningskrav
Jordskiftelagdommarar, jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektigar må ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet.
§ 2-5. Utval av jordskiftemeddommarar
I kvart jordskiftesokn skal det vere eit særskilt utval av jordskiftemeddommarar. Medlemmene i utvalet skal vere kunnige i saker som jordskifteretten i jordskiftesoknet til vanleg har. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange jordskiftemeddommarar som skal utpeikast, slik at ein kan rekne med at kvart medlem kan gjere teneste i ei sak i valperioden.
Utvalet skal utpeikast etter reglane i domstolloven om val av meddommarar. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange det skal vere i utvalet for kvar kommune. Alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst éin medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Meddommarar og skjønnsmedlemmer er ikkje fritekne for val til utvalet av jordskiftemeddommarar.
II. Samansetjinga av jordskifteretten i ulike slags saker. Lovnad frå jordskiftemeddommar med meir
§ 2-6. Samansetjinga av jordskifteretten
Jordskifteretten skal setjast med ein jordskiftedommar.
Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar.
I tiltaks- og vernejordskifte skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med fire jordskiftemeddommarar.
I omfattande saker kan jordskifterettsleiaren fastsetje at ein eller to varajordskiftemeddommarar og ein varajordskiftedommar skal følgje forhandlingane for å ta sete i jordskifteretten ved forfall.
Ei avgjerd om samansetjinga etter andre til fjerde ledd kan ikkje ankast.
§ 2-7. Oppnemning av jordskiftemeddommarar
Utan omsyn til soknegrenser skal jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar frå utvalet som er nemnt i § 2-5. Jordskiftedommaren skal nemne opp jordskiftemeddommarar som er kunnige i det saka i hovudsak gjeld. Er det nødvendig for å få jordskiftemeddommarar som er særleg kunnige på eitt eller fleire område, kan jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar som ikkje er med i utvalet.
Dersom ein oppnemnt jordskiftemeddommar ikkje møter eller ikkje kan gjere teneste, og heller ikkje nokon av dei oppnemnde varajordskiftemeddommarane kan møte innan rimeleg tid, kan jordskiftedommaren nemne opp ein annan jordskiftemeddommar for møtet. Ein slik jordskiftemeddommar treng ikkje høyre til utvalet.
§ 2-8. Innprenting og lovnad
Første gong nokon gjer teneste som jordskiftemeddommar, skal jordskiftedommaren i rettsmøte gjere jordskiftemeddommaren kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Jordskiftemeddommaren skal love at han vil gjere pliktene sine samvitsfullt og etter beste overtyding i denne saka, og i alle framtidige saker.
Domstoladministrasjonen fastset ordlyden i lovnaden.
Kapittel 3. Jordskifte
I. Utenlege eigedomstilhøve og bruk av verkemiddel i jordskifte
§ 3-1. Verkemiddel for å bøte på utenlege eigedomstilhøve
Jordskifteretten kan bruke verkemidla i §§ 3-4 til 3-10 for å bøte på utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av § 3-2. Ei jordskiftesak kan omfatte eitt eller fleire av desse verkemidla. Om jordskifteretten brukar verkemiddel etter §§ 3-4 til 3-10, kan han òg bruke verkemidla i §§ 3-11 og 3-12.
For jordskifte i bygdeallmenningar gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4. For jordskifte i statsallmenningar gjeld lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane § 16 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene § 4-2. For jordskifte i dei samiske reinbeiteområda gjeld lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift § 62 a.
§ 3-2. Utenlege eigedomstilhøve
Jordskifteretten kan halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 dersom minst éin eigedom eller bruksrett i jordskifteområdet er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tida og tilhøva. Det same gjeld dersom det er grunn til å rekne med at minst éin eigedom eller bruksrett vil bli vanskeleg å bruke på tenleg måte som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Som offentleg tiltak skal òg reknast offentleg regulering av eigarrådvelde eller vedteken reguleringsplan med tilhøyrande omsynssone.
Jordskifteretten kan ikkje gjere andre endringar enn dei som er nødvendige for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.
§ 3-3. Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet
Jordskifteretten kan berre halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 for å skape meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet.
II. Verkemiddel
§ 3-4. Ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett
Jordskifteretten kan forme ut eigedom og alltidvarande bruksrett på nytt. Bruksretten må liggje til fast eigedom, eller ha grunnlag i samisk reindrift.
Jordskifteretten kan påby at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar, gjerde, anlegg og liknande som står på grunn som går i byte etter første ledd, blir overførte til ny eigar. Det same gjeld bygningar.
§ 3-5. Skiping av sameige
Jordskifteretten kan skipe sameige mellom eigedommar dersom dette bøter på dei utenlege eigedomstilhøva på ein betre måte enn det å gi reglar om sambruk mellom eigedommar etter § 3-8 ville ha gjort.
§ 3-6. Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar
Jordskifteretten kan løyse opp sameige og sambruk mellom eigedommar. Oppløysinga kan vere delvis eller fullstendig.
§ 3-7. Deling av eigedom
Jordskifteretten kan dele og forme ut ein eigedom med tilhøyrande bruksrettar etter eit fastsett høvetal.
§ 3-8. Reglar om sambruk (bruksordning)
Jordskifteretten kan gi eller endre reglar for eksisterande sambruk mellom eigedommar. Jordskifteretten kan skipe sambruk og gi reglar om sambruk der det ikkje er sambruk frå før, dersom det er særlege grunnar for det. Jordskifteretten kan ordne tilhøva mellom eigar og bruksrettshavar og mellom bruksrettshavarar. Jordskifteretten kan mellom anna avgrense feltet for utøving av bruksrett, og gi reglar om bruksmåte.
Jordskifteretten kan både gi varige og mellombelse reglar.
Jordskifteretten kan gi reglar om sambruk av uteareala til eigarseksjonar. Første og andre ledd gjeld for skiping av sambruk i uteareala til eigarseksjonar.
Jordskifteretten kan gi reglar om bruken i det samiske reinbeiteområdet der det blir drive reindrift.
§ 3-9. Pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar
Jordskifteretten kan påleggje felles tiltak og påleggje felles investeringar i samband med bruk av eigedommar eller bruksrettar.
Jordskifteretten kan òg påleggje felles tiltak og felles investeringar mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.
§ 3-10. Skiping av lag og fastsetjing av vedtekter. Driftsselskap
Jordskifteretten kan skipe lag for drift eller vedlikehald når fleire skal bruke eigedom eller har bruksrett. Jordskifteretten kan òg endre eksisterande lag.
Jordskifteretten skal fastsetje vedtekter for lag han skipar. I eksisterande lag skal vedtektene endrast i den mon endringar i bruksreglar eller endringar i laget tilseier det.
Tiltak som kan innebere stor risiko, kan berre gjennomførast av eit driftsselskap. Laget tek avgjerd om gjennomføring ved fleirtalsvedtak. Kvar av deltakarane har rett til å vere med i driftsselskapet så langt det svarar til høvetalet. Om nokon vil vere med som ikkje røysta for, skal det seiast frå så snart råd er og seinast tre veker etter at han har fått skriftleg melding om vedtaket med opplysing om denne fristen. Driftsselskapet skal svare vederlag for utnyttingsretten til laget, som fordelar dette til deltakarane etter høvetalet deira.
Når partane er samde, kan andre tiltak enn nemnt i tredje ledd første punktum gjennomførast av eit driftsselskap. Tredje ledd tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.
§ 3-11. Omskiping og avløysing av tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom
Jordskifteretten kan omskipe ein tidsavgrensa bruksrett eller ein alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom, dersom bruksretten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Fører ikkje omskiping fram, kan jordskifteretten avløyse bruksretten.
Første ledd gjeld ikkje for tomtefeste eller forpakting. Første ledd gjeld heller ikkje rett som samane har til å drive reindrift etter reindriftsloven.
§ 3-12. Avløysing av alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, og negativ servitutt
Jordskifteretten kan avløyse ein alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, eller ein rett til å forby enkelte slag verksemd, bruk eller tilstand (negative servituttar) dersom dei er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing.
III. Grunnlaget for jordskifteløysinga
§ 3-13. Eigedoms- og bruksrettstilhøva
Jordskifteretten skal fastsetje eigedomsrettstilhøva og bruksrettstilhøva slik dei er.
Dersom partane er samde om heile eller delar av grunnlaget for jordskifteløysinga, kan jordskifteretten byggje på denne semja.
§ 3-14. Kva jordskifteretten skal verdsetje
Jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte.
Fører jordskifteløysinga til at vederlag skal fastsetjast i pengar eller anna, skal jordskifteretten fastsetje vederlaget særskilt.
§ 3-15. Korleis jordskifteretten skal verdsetje
Jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte, ut frå pårekneleg bruk.
Ved verdsetjing av skog kan verdien av standskogen dragast inn i grunnlaget for jordskiftet.
IV. Jordskifteløysinga
§ 3-16. Avgrensing av jordskifteløysinga
Jordskifteløysinga skal ikkje gå lenger enn nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.
§ 3-17. Føresegner og løyve
Jordskifteløysinga skal ikkje vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk.
Nødvendige offentlege løyve skal liggje føre når jordskifteretten tek avgjerd om den endelege jordskifteløysinga. Jordskifteretten kan søkje om dei løyva som trengst for å setje i verk jordskiftet.
§ 3-18. Vern mot tap
Jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene og ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett.
§ 3-19. Korleis jordskifteretten legg ut grunn og bruksrett
Jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar etter §§ 3-20 til 3-26 på tenleg måte ut frå grunnlaget for jordskiftet.
Jordskifteretten skal med unntak av § 3-20 andre og tredje ledd, § 3-21, § 3-25 eller § 3-26 leggje ut grunn og bruksrettar i jordskifteområdet slik at kvar eigedom får att tilsvarande den verdien som eigedommen misser.
§ 3-20. Utlegging av grunn og bruksrett
Jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett, grunn mot bruksrett og bruksrett mot grunn.
Jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn eller bruksrettar mot pengar eller andre verdiar dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller bruksrettane etter første ledd.
Jordskifteretten kan bruke pengar for å kompensere for ulik opparbeidingsgrad.
§ 3-21. Vederlag ved overføring av anlegg til vassforsyning, kraftoverføring og liknande
Når jordskifteretten med heimel i § 3-4 andre ledd påbyd overføring av anlegg eller bygningar, kan jordskifteløysinga vere eit pengevederlag eller vederlag i andre verdiar.
§ 3-22. Utlegging av grunn til særskilde formål
Dersom nokon part treng grunn til særskilde formål, kan han krevje dette utlagt av sin del.
§ 3-23. Utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi
Meiner jordskifteretten at grunn og bruksrett i jordskifteområdet kan få ei utnytting som gir stor verdiendring, bør grunn eller bruksrett ikkje skifte eigar utan at det trengst for eit tenleg jordskifte. Om grunn eller bruksrett skiftar eigar, skal jordskifteretten sjå til at verdiendring som nemnt i første punktum, blir så lik som råd er før og etter jordskiftet.
§ 3-24. Leigeareal
Har jordskiftet noko å seie for leigar eller ein annan som har liknande rett, skal jordskifteretten ordne høvet mellom han og eigaren om det trengst. Jordskifteretten bør ta omsyn til leigetilhøve i jordskifteområdet.
§ 3-25. Utjamning ved overføring av standskog
Jordskifteretten fastset utjamningsmåten i samband med overføring av standskog. Hogst kan brukast som utjamningsmåte for standskog som står på areal som skiftar eigar, dersom trea eller flata er forsvarleg identifiserte.
§ 3-26. Vederlag ved avløysing av rettar
Ved avløysing av bruksrett etter § 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 skal rettshavaren til vanleg få grunn eller bruksrett i staden for den bruksretten som blir avløyst. Vederlaget kan vere pengar eller andre verdiar dersom det er meir tenleg.
Ved avløysing etter § 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 kan vederlaget ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren.
§ 3-27. Omsyn ved pålegg om felles investeringar etter § 3-9
Ved vurderinga av kva for investeringar som kan påleggjast etter § 3-9, skal jordskifteretten leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane og ta omsyn til dei økonomiske evnene partane har.
§ 3-28. Fordeling av kostnader
Kostnader med investeringstiltak etter § 3-9 skal retten dele etter nytten kvar part har av tiltaket.
§ 3-29. Ansvar for gjeld
Når jordskifteretten skipar lag etter § 3-10, svarar kvar av deltakarane i laget overfor tredjemann etter partshøvet i laget.
V. Fordeling av planskapt netto verdiauke
§ 3-30. Kompetansen jordskifteretten har
Jordskifteretten kan fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar som er omfatta av ein reguleringsplan. Fordelinga kan gjerast dersom planmyndigheita med heimel i plan- og bygningsloven § 12-7 nr. 13 i reguleringsplanen har gitt føresegn om at planskapt verdiauke skal fordelast. Planmyndigheita må i reguleringsplanen ha fastsett den geografiske avgrensinga av området for fordeling.
§ 3-31. Korleis jordskifteretten skal verdsetje
Jordskifteretten skal verdsetje samla planskapt netto verdiauke i området for fordeling. Jordskifteretten skal verdsetje dei delane som kvar part skal ha av verdiauken. Jordskifteretten skal verdsetje alle eigedommane ut frå eigenskapane dei har til utbyggingsformål og uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen.
§ 3-32. Korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke
Jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke slik at kvar eigar får den delen av den planskapte netto verdiauken som følgjer av § 3-31 andre punktum.
Jordskifteretten skal ved fordeling etter første ledd, så langt råd er, tildele ein part utbyggingsrettar på eller inntil eigedommen parten har. Når ein part får tildelt ein utbyggingsrett som ikkje ligg på eigedommen parten har, følgjer eigedomsretten den tomta som utbyggingsretten gjeld.
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.