Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Første del – innleiande reglar
Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa
§ 1-1. Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.
§ 1-2. Verkeområde
Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.
Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden.
§ 1-3. Formålet med opplæringa
Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og dei som har læretid i bedrift, historisk og kulturell innsikt og forankring.
Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som også kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.
Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen.
Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.
Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.
Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.
§ 1-4. Mål og prinsipp for opplæringa
Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.
Departementet gir forskrift om læreplanar i fag.
§ 1-5. Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar
Forskrift om læreplanar etter § 1-4 andre ledd skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.
Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir også forskrift om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.
Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til forskrift.
§ 1-6. Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur
Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.
Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.
Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag.
§ 1-7. Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
Departementet kan gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.
Andre del – grunnskoleopplæring
Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring
§ 2-1. Rett til grunnskoleopplæring
Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.
Retten til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader etter at barnet er komme til Noreg. Dersom det er nødvendig fordi det kjem svært mange fordrivne barn frå Ukraina, kan departementet gi forskrift om mellombels forlenging av tremånadersfristen. Barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn.
§ 2-2. Plikt til grunnskoleopplæring
Barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. § 22-5.
Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader.
Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.
Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.
§ 2-3. Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
Opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første og andre ledd.
Elevane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane på 1. til 7. trinn skal ha individuell vurdering utan karakterar. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.
§ 2-4. Utsett og tidleg skolestart
Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og det etter ei sakkunnig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år.
Kommunen kan la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg.
§ 2-5. Gratis grunnskoleopplæring
Grunnskoleopplæring skal vere gratis. Kommunen skal ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter knytte til grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald eller andre skoleturar.
§ 2-6. Kva grunnskole eleven skal gå på
Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole.
Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.
§ 2-7. Straffansvar for brot på opplæringsplikta
Foreldre og andre som har dagleg omsorg for eit barn, kan straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa utan å ha rett til det.
Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa
§ 3-1. Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 3-2, 3-3, 3-4 eller 3-6.
Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.
Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er.
§ 3-2. Opplæring i og på samisk i grunnskolen
Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk.
Alle elevar som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring i og på samisk. Språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar kan gi forskrift om at elevane skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur.
Dersom minst ti elevar i ein annan kommune enn språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står ved lag så lenge det er minst seks elevar att som vil ha slik opplæring.
Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i samisk og om dei skal ha opplæring i og på samisk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.
Opplæringa på samisk kan leggjast til ein eller fleire skolar i kommunen.
Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg.
§ 3-3. Opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen
Elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn som går på grunnskolar i Troms og Finnmark, har rett til opplæring i kvensk eller finsk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i kvensk eller finsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.
§ 3-4. Opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen
Elevar med høyrselshemming har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.
Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i norsk teiknspråk, kan opplæringa givast på ein annan skole. Kommunen kan fastsetje kva skole opplæringa på norsk teiknspråk skal givast på.
Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit teiknspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i teiknspråk skal vere pedagogisk forsvarleg.
§ 3-5. Opplæring i punktskrift i grunnskolen
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.
§ 3-6. Særskild språkopplæring i grunnskolen
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Kommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
§ 3-7. Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg
Kommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Kommunen kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven eller foreldra samtykkjer. Kravet til samtykke gjeld likevel ikkje dersom opplæring gjennom eit særskilt organisert tilbod er nødvendig for å gi nykomne elevar eit forsvarleg opplæringstilbod i ein situasjon der det kjem svært mange fordrivne frå Ukraina.
Kommunen kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag, jf. § 1-4 andre ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første og andre ledd.
Kapittel 4 Skyss, leksehjelp, skolefritidsordninga, skoletur og overgang frå barnehage til skole
§ 4-1. Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen
Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skolen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skolen.
Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg.
Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.
Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga gjeld ikkje i skoleferiane.
Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.
§ 4-2. Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen
Elevar som får skyss til og frå skolen eller skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa eller skolefritidsordninga dersom dei treng det.
§ 4-3. Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg
Elevar har berre rett til skyss etter § 4-1 dersom dagleg skyss er forsvarleg.
Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til eleven og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.
Er fylkeskommunen i tvil om dagleg skyss er forsvarleg, avgjer foreldra om eleven likevel skal skyssast.
Elevar som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji. Elevane har også plikt til å la seg innlosjere om ikkje foreldra sørgjer for skyss og dekkjer kostnadene.
Kommunen skal sørgje for losji og ha tilsyn med innlosjerte elevar.
§ 4-4. Leksehjelp
Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Departementet kan gi forskrift om leksehjelptilbodet.
§ 4-5. Skolefritidsordning
Kommunen skal ha tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særlege behov på 1. til 7. trinn. Kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga.
Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.
Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor vere leiar. Kommunen kan gjere unntak frå kravet.
Kommunen kan nytte private til å drive skolefritidsordninga.
Kommunen gir forskrift om skolefritidsordninga. Forskrifta skal ha reglar omeigarforholdkven som er opptaksmyndigheitopptakskriteriumopptaksperiode og oppseiingforeldrebetalingleike- og opphaldsarealdagleg opphaldstid og årleg opningstidpersonale og leiing.
eigarforhold
kven som er opptaksmyndigheit
opptakskriterium
opptaksperiode og oppseiing
foreldrebetaling
leike- og opphaldsareal
dagleg opphaldstid og årleg opningstid
personale og leiing.
Departementet kan gi forskrift om gratis skolefritidsordning, moderasjonsordningar og om innhald og oppgåver for skolefritidsordninga.
§ 4-6. Skoletur med overnatting
Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.
§ 4-7. Overgangen frå barnehagen til skolen
Kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga.
Tredje del – vidaregåande opplæring
Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring
§ 5-1. Rett til vidaregåande opplæring
Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Retten gjeld berre for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng.
Retten til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet varer fram til ein har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Dei som då ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd, kan velje vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd første punktum, kan fram til det året dei fyller 19 år etter søknad i staden få vidaregåande opplæring etter § 18-3 dersom det er særlege grunnar for det. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 18-3.
Retten til vidaregåande opplæring gjeld ikkje opplæring i fag som allereie er bestått, med mindre anna går fram av forskrift gitt etter siste ledd.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring, skal komme inn på eitt av tre utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på. Dei skal deretter komme inn på vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3, dersom dei oppfyller vilkåra for inntak. Både trinn 2 og trinn 3 skal byggje på det førre trinnet.
Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, og om inntaket til vidaregåande opplæring.
§ 5-2. Studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram
Den vidaregåande opplæringa omfattar studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
Studieførebuande utdanningsprogram omfattar tre års opplæring som elev.
Yrkesfaglege utdanningsprogram omfattar til vanleg to år med opplæring som elev, og to år med læretid i bedrift.
§ 5-3. Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet
Fylkeskommunen skal i planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet leggje stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng.
Fylkeskommunen skal gi tilbod om praksisbrev.
Departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod som er ope for søkjarar frå heile landet.
§ 5-4. Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa
Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd, tilbodsstrukturen, jf. § 1-6 tredje ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 fjerde og femte ledd.
Elevane, privatistane, praksiskandidatane og dei som har læretid i bedrift, har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag eller høgt fråvær kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.
Departementet kan gi forskrift om godskriving og godkjenning av tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis.
§ 5-5. Rett til omval
Elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til så mange omval dei ønskjer, innan søknadsfristen for inntak det kalenderåret dei fyller 19 år. Dei som ikkje har nytta retten til omval før denne fristen, har rett til eitt omval seinare.
§ 5-6. Rett til læreplass eller anna tilbod på vidaregåande trinn 3
Søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har rett til læreplass. Dersom fylkeskommunen ikkje kan gi søkjaren tilbod om læreplass, har søkjaren rett til eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet han eller ho har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Departementet kan gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass.
§ 5-7. Påbygging til generell studiekompetanse
Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, har rett til påbygging til generell studiekompetanse. Retten til påbygging varer ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Dei som då ikkje har oppnådd studiekompetanse, har rett til påbygging etter reglane for vaksne etter § 18-7.
Elevane kan velje å få påbygging til generell studiekompetanse etter reglane for vaksne etter § 18-7 frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.
§ 5-8. Gratis vidaregåande opplæring
Den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. Fylkeskommunen kan likevel krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift, dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.
Departementet kan gi forskrift om at elevar skal halde seg med læremiddel og digitalt utstyr.
§ 5-9. Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til vidaregåande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket.
Kapittel 6 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa
§ 6-1. Bokmål og nynorsk for elevane i den vidaregåande opplæringa
Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 6-2, 6-3 eller 6-5.
Elevane vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
§ 6-2. Opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa
Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk.
Alle elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, har rett til opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa.
Fylkeskommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i samisk skal vere pedagogisk forsvarleg.
§ 6-3. Opplæring i og på norsk teiknspråk i den vidaregåande opplæringa
Elevar med høyrselshemming har rett til å få opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevane som går på ordinære vidaregåande skolar, og som nyttar tolk, kan i tillegg velje å få opplæring i norsk teiknspråk.
Retten til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk gjeld berre innanfor dei utdanningsprogramma og programområda som skolane har tilbod om. Delar av denne opplæringa kan givast ved hjelp av teiknspråktolk.
§ 6-4. Opplæring i punktskrift i den vidaregåande opplæringa
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.
§ 6-5. Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Fylkeskommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
§ 6-6. Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg
Fylkeskommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Fylkeskommunen kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven samtykkjer. Kravet til samtykke gjeld likevel ikkje dersom opplæring gjennom eit særskilt organisert tilbod er nødvendig for å gi nykomne elevar eit forsvarleg opplæringstilbod i ein situasjon der det kjem svært mange fordrivne frå Ukraina.
Fylkeskommunen kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag, jf. § 1-4 andre ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 fjerde ledd.
Kapittel 7 Opplæring i bedrift
§ 7-1. Verkeområdet for kapittelet, og kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb
Dette kapittelet gjeld for den vidaregåande opplæringa som blir gitt som læretid i bedrift.
Der lova viser til nokon som har eller skal ha læretid i bedrift, gjeld regelen for både lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Reglane for elevar gjeld for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar dersom fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa.
Lærling er den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 5-4. Praksisbrevkandidat er den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på praksisbrevprøve. Lærekandidat er den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Kandidat for fagbrev på jobb er den som har skrive ein kontrakt om opplæring på grunnlag av allsidig praksis og realkompetanse med sikte på fag- eller sveineprøve.
Departementet kan gi forskrift om dei ulike opplæringsordningane for den vidaregåande opplæringa i bedrift.
§ 7-2. Inngåing og endring av kontrakt om opplæring
Dei som skal ha læretid i bedrift, skal skrive kontrakt om opplæring med ei lærebedrift før opplæringa tek til. Det skal stå i kontrakten kva som er målet for opplæringa, og kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som er inngått.
Kontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen og kan berre endrast etter samtykkje frå fylkeskommunen.
Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa tek til, sjølv om godkjenninga kjem seinare.
Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om opplæring som fråvik det fastsette opplæringsløpet.
Departementet kan gi forskrift om kva form og innhald kontrakten skal ha, om endring av kontrakten, og om fylkeskommunens høve til å godkjenne kontraktar som fråvik det fastsette opplæringsløpet.
§ 7-3. Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring
Ein kontrakt om opplæring kan seiast opp dersom partane er samde om det. Lærebedrifta skal orientere fylkeskommunen skriftleg før kontrakten blir oppsagd.
Fylkeskommunen skal gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom den som har læretid, seier skriftleg frå at han eller ho ikkje ønskjer å halde fram ut kontrakttida. Fylkeskommunen kan også gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom ein av partane gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet eller ein av partane ikkje er i stand til å oppfylle kontrakten.
Før det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt om læretid etter krav frå lærebedrifta, skal den som har læretid i bedrift, få høve til å forklare seg munnleg for fylkeskommunen.
Dersom ein kontrakt om opplæring blir oppsagd eller heva, skal lærebedrifta skrive ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.
§ 7-4. Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven
Dei som har læretid i bedrift, er arbeidstakarar i lærebedrifta, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar.
Dei som skal ha læretid i bedrift, skal ha arbeidsavtale med lærebedrifta i tillegg til kontrakt om opplæring etter § 7-2. Lærebedrifta kan berre seie opp denne arbeidsavtalen dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva etter § 7-3.
Dei første seks månadene av arbeidsforholdet kan arbeidsavtalen likevel seiast opp etter reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 dersom det er inngått kontrakt om full opplæring i bedrift. Kontrakten om opplæring fell bort dersom arbeidsavtalen blir oppsagd.
Arbeidsavtalen fell bort når læretida er over, eller dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva.
Andre ledd andre punktum, tredje ledd og fjerde ledd gjeld ikkje arbeidsavtalar som partane har inngått uavhengig av kontrakten om opplæring.
Lærekandidatar har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.
§ 7-5. Godkjenning av lærebedrifter
Fylkeskommunen skal godkjenne lærebedrifter som oppfyller krava i § 7-6.
Før fylkeskommunen kan godkjenne ei lærebedrift, må ho vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Departementet kan gi forskrift om godkjenning av lærebedrifter.
§ 7-6. Krav til lærebedrifter
Lærebedrifta skal gi opplæring i samsvar med læreplanar i lærefaget. Lærebedrifta kan gi all opplæringa sjølv, eller ho kan oppfylle kravet ved avtale om at delar av opplæringa skal skje i ei anna lærebedrift. Ansvaret for opplæringa ligg hos den lærebedrifta som kontrakten om opplæring er inngått med.
Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar som har ansvaret for opplæringa, og ein eller fleire instruktørar som gir opplæring.
Departementet kan gi forskrift om deling av ansvaret mellom samarbeidande lærebedrifter.
§ 7-7. Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass
Fylkeskommunen skal rekruttere lærebedrifter med sikte på å gi tilbod om læreplass til alle søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læreplass.
Fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra til lærebedrifter.
Departementet kan gi forskrift om formidling til læreplass.
§ 7-8. Tilskot til lærebedrifter
Fylkeskommunen skal gi godkjende lærebedrifter tilskot til opplæring.
Departementet kan gi forskrift om tilskot til lærebedrifter.
§ 7-9. Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning
Fylkeskommunen skal rettleie lærebedriftene og kontrollere at dei oppfyller krava i denne lova.
Etter ei fagleg vurdering i yrkesopplæringsnemnda kan fylkeskommunen trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Godkjenninga som lærebedrift fell bort to år etter at den siste kontrakten om opplæring er avslutta.
Departementet kan gi forskrift om tap av godkjenning.
§ 7-10. Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa
Lærebedriftene skal lage ein plan som sikrar at opplæringa er i samsvar med kontraktane til dei som har læretid i bedrifta, og dei skal leggje produksjonen til rette for denne opplæringa.
Lærebedriftene skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. Den samla arbeids- og opplæringstida til dei som har læretid, skal ikkje vere lengre enn arbeidstida til andre arbeidstakarar.
Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal melde frå til fylkeskommunen.
§ 7-11. Krav til internkontroll i lærebedrifter
Lærebedriftene skal ha internkontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med denne lova. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane.
Lærebedriftene skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir. Departementet kan gi forskrift om rapporteringsplikta.
§ 7-12. Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)
Lærebedrifter som er tilknytta eit samarbeidsorgan for lærebedrifter, kan avtale at samarbeidsorganet inngår lærekontrakt etter § 7-2 og mottar tilskot etter § 7-8 på vegner av lærebedrifta.
Departementet kan gi forskrift om samarbeidsorgan for lærebedrifter.
Kapittel 8 Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa
§ 8-1. Rådgivande organ for fag- og yrkesopplæringa
Departementet skal nemne opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa som skal gi departementet råd om, og ta initiativ til å fremje, fag- og yrkesopplæringa.
Departementet skal nemne opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde i fag- og yrkesopplæringa skal vere knytt til eit fagleg råd.
Departementet skal nemne opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i fag- og yrkesopplæringa.
Departementet kan gi forskrift om samansetjinga av og oppgåvene til organa som er nemnde i denne paragrafen.
§ 8-2. Yrkesopplæringnemnder
Fylkeskommunen skal nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda skal behandle.
Saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa, skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen gjer vedtak i dei. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Departementet kan gi forskrift om kva samansetjing og oppgåver nemnda skal ha.
§ 8-3. Klagenemnd for fag- og sveineprøver
Departementet nemner opp klagenemnder for klager over vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve. Kvar nemnd skal nemnast opp for fire år, med leiar, nestleiar og éin medlem til. Minst to av medlemmene skal ha fagutdanning, og alle skal ha personlege vararepresentantar.
Det faglege rådet for faget skal gi ei innstilling om samansetjinga av kvar nemnd.
Kapittel 9 Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring
§ 9-1. Rett til skyss til og frå skolen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle dersom dei bur meir enn seks kilometer frå skolen.
Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.
Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen.
Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.
Departementet kan gi forskrift om at retten til skyss kan oppfyllast gjennom rabattordningar for offentleg transport i område med eit godt utbygd kollektivtilbod.
§ 9-2. Reisefølgje for og tilsyn med elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar som får skyss, har rett til reisefølgje dersom dei treng det.
Elevar som får skyss, har rett til tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.
§ 9-3. Hjelp med å skaffe bustad til elevar i den vidaregåande opplæringa
Når ein elev ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen, skal fylkeskommunen hjelpe til med å skaffe eleven ein stad å bu. Er det ikkje mogleg å skaffe eleven bustad på annan måte, skal fylkeskommunen sørgje for at det blir bygd ein elevheim.
§ 9-4. Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid
Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Oppfølgingstenesta skal sørgje for at dei som har rett til opplæring etter § 5-1 og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid. Ein er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året ein fyller 24 år.
Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Oppfølgingstenesta skal formidle og samordne dei ulike tilboda.
Departementet kan gi forskrift om oppgåvene til oppfølgingstenesta.
§ 9-5. Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen.
Dersom eleven skal starte i ein vidaregåande skole som er godkjend etter privatskolelova, gjeld kommunens plikt i første ledd tilsvarande overfor den private vidaregåande skolen.
§ 9-6. Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal ha eit opplæringstilbod for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som manglar faglege eller språklege føresetnader for å delta i eller gjennomføre slik opplæring.
§ 9-7. Tilbod om meir grunnskoleopplæring
Kommunen og fylkeskommunen kan tilby førebuande opplæring etter § 18-2 til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre den vidaregåande opplæringa. Opplæringa kan gi høve til å forbetre grunnskolevitnemålet.
Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge
Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
§ 10-1. Det beste for eleven
Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.
§ 10-2. Elevane sin rett til medverknad
Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.
§ 10-3. Samarbeid med foreldra
Skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.
Departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra.
§ 10-4. Skoledemokratiet
Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.
§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
§ 10-6. Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen si oppfølgingsplikt
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.
Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
§ 10-7. Skolereglar
Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar).
Kommunen og fylkeskommunen kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast.
§ 10-8. Informasjon til elevane og foreldra
Kommunar og fylkeskommunar skal gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har. Kommunar og fylkeskommunar skal også gi elevar og foreldre informasjon om retten til opplæring i og på samisk.
§ 10-9. Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim, og skal vareta foreldra sine interesser i skolesamanheng. Mandatet til FUG omfattar grunnskolen og vidaregåande opplæring trinn 1.
Departementet nemner opp kvart utval for fire år, med leiar, nestleiar og fem andre medlemmer.
Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging
§ 11-1. Tilpassa opplæring
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine. Lærebedrifta skal sørgje for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.
§ 11-2. Tilfredsstillande utbytte av opplæringa
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder frå til rektor dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om det må til, skal skolen setje i verk eigna tiltak, jf. §§ 11-1 og 11-3.
Skolen skal vurdere om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging etter reglane i §§ 11-4, 11-5 og 11-6.
§ 11-3. Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn
På 1. til 4. trinn skal kommunen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
§ 11-4. Personleg assistanse
Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho.
§ 11-5. Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel
Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i bruk av slikt utstyr.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i mobilitet slik at dei kan komme seg til og frå skolen og ta seg fram på skolen og i heimemiljøet.
§ 11-6. Individuelt tilrettelagd opplæring
Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal utformast slik at det samla kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa samanlikna med andre elevar og i tråd med dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.
§ 11-7. Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering
Før kommunen eller fylkeskommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.
Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa.
Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen eller fylkeskommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.
§ 11-8. Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde
I ei sakkunnig vurdering skal den pedagogisk-psykologiske tenesta alltid greie ut omeleven sitt utbytte av opplæringakvifor eleven eventuelt ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringakva som er realistiske opplæringsmål for elevenkva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringakva kompetanse dei som skal gi opplæringa, bør ha, dersom det skal gjerast unntak frå kompetansekrava etter § 11-9 andre eller tredje ledd
eleven sitt utbytte av opplæringa
kvifor eleven eventuelt ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringa
kva som er realistiske opplæringsmål for eleven
kva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, bør ha, dersom det skal gjerast unntak frå kompetansekrava etter § 11-9 andre eller tredje ledd
§ 11-9. Kompetansekrav for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring
Den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring, må oppfylle kompetansekrava for å bli tilsett i lærarstilling, jf. § 17-3, og krava om relevant kompetanse i faget det skal undervisast i, jf. § 17-4.
I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava i § 17-3 dersom det vil gi eleven betre opplæring. Slike unntak kan berre gjerast dersom opplæringa skal givast av personar med ei universitets- eller høgskoleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til eleven. Slikt vedtak inneber også at kompetansekrava i § 17-4 ikkje gjeld.
I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava i § 17-4 dersom ei konkret vurdering av eleven og den individuelt tilrettelagde opplæringa som skal bli gitt, tilseier det.
§ 11-10. Individuell opplæringsplan
Skolen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring. I planen skal det stå kva som er måla for og innhaldet i opplæringa, og korleis ho skal drivast.
§ 11-11. Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa
Skolen skal éin gong i året utarbeide ei skriftleg oversikt over den individuelt tilrettelagde opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven sett opp mot måla i den individuelle opplæringsplanen. Eleven eller foreldra skal få tilgang til oversikta og vurderinga.
§ 11-12. Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Det same gjeld for dei som har læretid i bedrift.
Elevar og lærekandidatar har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter § 11-6.
§ 11-13. Pedagogisk-psykologisk teneste
Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skalstøtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengsthjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg
støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst
hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg
Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det den pedagogisk-psykologiske tenesta som skal utarbeide vurderinga.
Departementet kan gi forskrift om i kva andre tilfelle den pedagogisk-psykologiske tenesta skal utarbeide sakkunnige vurderingar.
§ 11-14. Læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring
Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring.
Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane
§ 12-1. Verkeområde for kapittelet
Dette kapittelet gjeld for skolen, leksehjelpordninga og skolefritidsordninga.
§ 12-2. Retten til eit trygt og godt skolemiljø
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
§ 12-3. Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.
§ 12-4. Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)
Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.
Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.
Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det ståkva problem tiltaka skal løysekva tiltak skolen har planlagtnår tiltaka skal gjennomførastkven som skal gjennomføre tiltakanår tiltaka skal evaluerast
kva problem tiltaka skal løyse
kva tiltak skolen har planlagt
når tiltaka skal gjennomførast
kven som skal gjennomføre tiltaka
når tiltaka skal evaluerast
Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.
§ 12-5. Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev
Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, krenkjer ein elev, skal vedkommande straks melde frå til rektor. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er openbert grunnlaus.
Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein i leiinga ved skolen krenkjer ein elev, skal vedkommande melde frå til kommunen eller fylkeskommunen direkte.
§ 12-6. Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker
Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at saka er tatt opp med rektor.
Statsforvaltaren skal avgjere om plikta til å rette opp situasjonen med eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd og plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd er oppfylt. Dersom saka ikkje er tatt opp med rektor, det er under ei veke sidan ho vart tatt opp eller eleven ikkje lenger går på den aktuelle skolen, skal statsforvaltaren avvise saka, om det ikkje er særlege grunnar til å behandle ho.
Kommunen og fylkeskommunen skal utan hinder av lovfesta teieplikt leggje fram alle opplysningar som statsforvaltaren meiner må til for å greie ut saka.
Kjem statsforvaltaren til at skolen ikkje har oppfylt plikta til setje inn eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd eller plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd, kan statsforvaltaren påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kjem til å rette forholdet, kan statsforvaltaren vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få eit trygt og godt skolemiljø. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.
Avgjerda til statsforvaltaren er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren skal setje ein frist for gjennomføringa av vedtaket og følgje opp saka.
§ 12-7. Det fysiske miljøet
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skolen som har nedsett funksjonsevne.
Departementet gir forskrift om saksbehandlinga av saker som gjeld det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7. I slike saker gjeld ikkje § 29-1.
§ 12-8. Tvangsmulkt
For å sikre gjennomføringa av vedtak etter § 12-6 kan statsforvaltaren og klageinstansen fastsetje tvangsmulkt for kommunar og fylkeskommunar. Tvangsmulkt kan fastsetjast samtidig med vedtaket eller seinare.
Ei avgjerd om tvangsmulkt får verknad når kommunen eller fylkeskommunen ikkje held fristen for gjennomføring av vedtaket etter § 12-6, og mulkta går til vedtaket er oppfylt. I vedtaket om tvangsmulkt kan det setjast ein seinare frist for gjennomføring enn den som vart sett etter § 12-6. Ei avgjerd om tvangsmulkt får ikkje verknad dersom det er uråd å rette seg etter vedtaket og den ansvarlege ikkje kan noko for det.
Avgjerda om tvangsmulkt skal behandlast etter reglane i forvaltningsloven kapittel IV og V.
Mulkta går til statskassa. I særlege tilfelle kan tvangsmulkta reduserast eller falle bort.
Departementet kan gi forskrift om kva slags tvangsmulkt som kan nyttast, og om kor stor mulkta skal vere.
§ 12-9. Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø
Med bot eller fengsel i opp til 3 månader blir den straffa som forsettleg eller aktlaust grovt eller fleire gonger bryt reglane i § 12-4 første ledd, § 12-4 andre ledd første punktum og fjerde punktum eller § 12-5. Det same gjeld ein rektor som på same viset bryt reglane i § 12-4 andre ledd tredje punktum.
Når det skal vurderast om brotet er grovt, skal det leggjast vekt på kva slags lovbrot det er tale om, og kor stor skade det har ført til.
Dersom ein av reglane i § 12-4 første til andre ledd eller § 12-5 er broten av nokon som handlar på vegner av skolen, kan kommunen og fylkeskommunen straffast, jf. straffeloven § 27.
Straffansvaret er forelda etter 5 år.
§ 12-10. Bevisbyrde i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø
Dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane om psykososialt skolemiljø i eller i medhald av kapittel 12, skal det ved behandlinga av erstatningskrav etter skadeserstatningsloven leggjast til grunn at reglane ikkje er følgde, om ikkje kommunen eller fylkeskommunen gjer noko anna truleg.
Kapittel 13. Ordenstiltak og skadeførebygging m.m.
§ 13-1. Bortvising
Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje i forskrift om skolereglar etter § 10-7 at elevane kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på skolereglane, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen.
Ein elev kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.
Elevar på 1. til 7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. trinn kan visast bort for opp til tre dagar. Foreldra skal få melding før ein elev på 1. til 7. trinn blir vist bort for resten av dagen. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for opp til fem dagar. Det kan også fastsetjast at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret dersom regelbrota er særleg alvorlege.
Det er rektor sjølv som vedtar bortvising frå opplæringa. Om ikkje kommunen eller fylkeskommunen fastset noko anna, kan rektor gi lærarar høve til å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt som læraren sjølv har ansvaret for. Bortvisinga kan ikkje gjelde for meir enn to klokketimar. Fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om at ein elev i den vidaregåande opplæringa skal visast bort for resten av skoleåret til den enkelte skolen.
§ 13-2. Pålagt skolebyte
Kommunen og fylkeskommunen kan gjere vedtak om at ein elev skal flyttast til ein annan skole dersom oppførselen til eleven går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.
Ein elev skal ikkje flyttast dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Ein elev skal ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må flytte ut av heimen, eller gjer at dagleg skyss blir uforsvarleg. Ein elev i den vidaregåande skolen skal heller ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må byte utdanningsprogram eller programområde.
Kommunen og fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om skolebyte til den enkelte skolen.
§ 13-3. Førebygging
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette må gripe inn fysisk mot elevar.
§ 13-4. Fysiske inngrep for å avverje skade m.m.
Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elevkrenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utsett seg sjølv for fysisk fareskader eigedomviser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølvvesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar
krenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
skader eigedom
viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.
Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
§ 13-5. Meldeplikt og dokumentasjon
Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 13-4, skal melde frå om det til rektor. Rektor skal melde frå til foreldra til eleven. Dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven fleire gonger, eller inngrepet er særleg alvorleg, skal rektor melde frå til kommunen eller fylkeskommunen.
Skolen skal dokumentere alle fysiske inngrep med ei kort omtale av hendinga, inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.
Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa
§ 14-1. Skolerute og lengda på skoleåret
Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.
Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om skole- og feriedagar for elevane (skolerute). Skole- og feriedagane skal planleggjast slik at eksamen og nasjonale prøver kan gjennomførast.
§ 14-2. Inndeling av elevar i klassar og grupper
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at kvar elev høyrer til éin klasse og har så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper. Klassane og gruppene skal setjast saman slik at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse og respekt for kvarandre.
Ingen klassar eller grupper skal vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.
Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Elevane kan berre delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Elevane kan ikkje delast inn i grupper etter etnisitet.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle elevar har ein kontaktlærar. Kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen.
§ 14-3. Forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar
Departementet kan gi forskrift om forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole eller per kommune. Forholdstalet kan variere frå trinn til trinn.
§ 14-4. Fjernundervisning
Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning) dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At det må vere gode grunnar betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning. Når det skal vurderast om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sitt høve til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle.
Elevane skal få fjernundervisning på skolen. I særlege tilfelle kan ein elev få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Elevar i vidaregåande skole kan også få unntak etter avtale med rektor.
Fjernundervisninga skal gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.
Kommunen eller fylkeskommunen skal godtgjere at vilkåra i denne paragrafen er oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning.
§ 14-5. Forbod mot forkynning
Opplæringa skal ikkje vere forkynnande.
§ 14-6. Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei på same grunnlag opplever som krenkjande eller støytande. Fritaket føreset ei skriftleg melding frå eleven eller foreldra, men det trengst ikkje grunngiving.
Ein kan ikkje krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag. Elevar som får fritak frå aktivitetar i opplæringa, skal ha anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald.
§ 14-7. Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
Opplæringa om emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal samle alle elevar, og medverke til auka forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulikt syn på trudoms- og livssynsspørsmål. Emna skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.
Kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek
§ 15-1. Opplæringsspråk og talemål
Opplæringa skal vere på norsk, samisk eller norsk teiknspråk.
I den munnlege opplæringa avgjer elevane og lærarane sjølve kva for talemål dei vil bruke. Lærarane og skoleleiinga skal ta mest mogleg omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.
§ 15-2. Hovudmål på kvar skole
Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten bokmål eller nynorsk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.
I samband med skifte av hovudmål på ein grunnskole eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i kommunen krev det, skal det haldast rådgivande røysting. Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det har gått fem år. Departementet kan gi forskrift om røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga.
§ 15-3. Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel
Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.
Skolen skal bruke læremiddel på norsk og samisk som følgjer offisiell rettskriving.
Skolen skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet gjeld ikkjelæremiddel i faget norsklæremiddel i fag med årskull med 300 eller færre elevarlæremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del
læremiddel i faget norsk
læremiddel i fag med årskull med 300 eller færre elevar
læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del
Dei trykte læremidla i norskfaget i grunnskolen skal samla ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.
§ 15-4. Ordlister, ordbøker og skriveprogram
Dei norskspråklege trykte og digitale ordlistene og ordbøkene skolen brukar, skal vere godkjende av Språkrådet.
Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.
§ 15-5. Skolebibliotek
Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi forskrift om skolebibliotek.
§ 15-6. Utstyr
Skolane skal ha tilgang til nødvendig utstyr, inventar og læremiddel.
Kapittel 16 Rådgiving
§ 16-1. Rådgiving om utdannings- og yrkesval
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval.
§ 16-2. Rådgiving om sosiale og personlege forhold
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om sosiale og personlege forhold.
Kapittel 17 Personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
§ 17-1. Krav om kompetanse i skolen
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.
Denne teksten publiseres på de vilkårene for gjenbruk som Lovdata selv fastsetter, ikke under en Legalize-lisens eller en public domain-lisens.
Lovdata
NLOD 2.0 (Norsk lisens for offentlige data)
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD) distribuert av Stiftelsen Lovdata.