Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)

Type Lov
Publisering 2025-04-10
Status I kraft
Departement Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kilde Lovdata
Endringshistorikk JSON API
§ 1. Gjennomføring av forordning (EU) 2019/1149

EØS-avtala vedlegg V nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

§ 2. Forskrifter

Departementet kan gi forskrift om kva for forvaltningsorgan som er ansvarlege for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og om ansvarsfordelinga mellom dei.

§ 3. Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, blir følgjande endringar gjorde i andre lover: – – –

§ 4. Iverksetjing

Lova tek til å gjelde straks.

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.