Lov om statsføretak (statsføretakslova)
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1. Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming som er tilpassa at statsføretak berre kan eigast av staten. Lova skal bidra til at statsføretak kan vareta samfunnsoppdraget sitt eller verksemda si på ein effektiv måte.
§ 1-2. Verkeområdet til lova
Lova gjeld for føretak som staten eig aleine, og som Kongen har bestemt at lova skal gjelde for, jf. § 2-1.
§ 1-3. Partsstilling
Eit statsføretak har sjølv rettar og forpliktingar, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstolane og styresmaktene.
§ 1-4. Kva ansvar staten har for forpliktingane til føretaket
§ 1-5. Konsern
§ 1-6. Forholdet til anna lovgiving
Forvaltningsloven gjeld ikkje for statsføretak. Statsansatteloven gjeld ikkje for tilsette i statsføretak.
§ 1-7. Om lova kan fråvikast
Føresegnene i lova kan ikkje fråvikast i vedtektene med mindre det motsette er særskilt fastsett i lova.
§ 1-8. Utarbeiding og forvaltning av dokumentasjon
Kapittel 2. Stifting av statsføretak
§ 2-1. Vedtak om oppretting av statsføretaket
Kongen i statsråd gjer vedtak om oppretting av statsføretak og fastset kva departement som skal representere staten som eigar av føretaket. Vedtaket skal uttrykkjeleg namngi føretaket som eit statsføretak som lova her skal gjelde for, jf. § 1-2.
§ 2-2. Stiftingsdokument
§ 2-3. Minstekrav til og endring av vedtektene
§ 2-4. Innskot med andre eigedelar enn pengar
Er innskotet frå staten andre formuesverdiar enn pengar, skal stiftingsdokumentet oppgi kva som skal skytast inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i balansen til føretaket. Tidspunktet for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før stiftinga av føretaket, jf. § 2-2. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje er verdsett høgare enn tillate etter andre punktum, skal leggjast ved stiftingsdokumentet.
§ 2-5. Registrering i Føretaksregisteret
§ 2-6. Rettar og forpliktingar før registreringa i Føretaksregisteret
Kapittel 3. Kapitalen til føretaket. Utdelingar frå føretaket
§ 3-1. Krav om forsvarleg eigenkapital og likviditet
Føretaket skal til kvar tid ha ein eigenkapital og ein likviditet som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i føretaket.
§ 3-2. Handleplikt ved tap av eigenkapital m.m.
§ 3-3. Forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling
§ 3-4. Registrering av forhøging av innskotskapitalen i Føretaksregisteret
§ 3-5. Forhøging av innskotskapitalen utan nyinnbetaling
§ 3-6. Utdelingar frå føretaket m.m.
§ 3-7. Ulovlege utdelingar
Er det utdelt midlar frå føretaket i strid med føresegnene i lova, skal staten eller andre som har teke imot utdelinga, føre tilbake det som er motteke.
§ 3-8. Utbyte
Føretaket kan berre dele ut utbyte så langt det etter utdelinga har att netto eigedelar som gir dekning for innskotskapitalen til føretaket. Berekninga skal gjerast på grunnlag av balansen i den siste godkjende årsrekneskapen til føretaket, men det er den registrerte innskotskapitalen på vedtakstidspunktet som skal leggjast til grunn. Aksjeloven § 8-1 tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.
§ 3-9. Vedtak om utbyte
Føretaksmøtet gjer vedtak om utdeling av utbyte etter at styret har gjort framlegg om utdeling eller annan bruk av overskot. Føretaksmøtet er ikkje bunde av framlegget frå styret om utdeling av utbyte.
§ 3-10. Nedsetjing av innskotskapitalen
§ 3-11. Berekning av tap. Krav til eigenkapital m.m.
§ 3-12. Registrering av nedsetjing av innskotskapitalen i Føretaksregisteret m.m.
§ 3-13. Avtalar mellom statsføretaket og medlemer av leiinga i statsføretaket
§ 3-14. Konserninterne transaksjonar
Aksjeloven § 3-9 første og andre ledd om konserninterne transaksjonar gjeld tilsvarande i konsern der eit statsføretak er morføretak, jf. § 1-5.
Kapittel 4. Føretaksmøtet
§ 4-1. Myndet til føretaksmøtet
Gjennom føretaksmøtet utøver departementet det øvste myndet i føretaket. Departementet kan ikkje utøve eigarmyndet i føretaket på annan måte enn i føretaksmøtet.
§ 4-2. Retten og plikta leiinga har til å delta i føretaksmøtet
§ 4-3. Ordinært føretaksmøte
§ 4-4. Ekstraordinært føretaksmøte
§ 4-5. Mynde til å kalle inn til føretaksmøte og krav til innkallinga
§ 4-6. Opplysningsplikta til leiinga
§ 4-7. Møteleiing og protokoll
Kapittel 5. Styre og dagleg leiar
I. Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid m.m.
§ 5-1. Samansetjinga av styret m.m.
§ 5-2. Dagleg leiar
Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret tilset. Styret fastset løna til dagleg leiar og andre tilsetjingsvilkår. Vedtak om å seie opp eller gi avskil til dagleg leiar blir gjort av styret.
§ 5-3. Retten tilsette har til å velje styremedlemer
§ 5-4. Retten tilsette har til å velje styremedlemer i konsernforhold
§ 5-5. Tenestetida til styremedlemer
§ 5-6. Avgang og avsetjing før tenestetida tek slutt
§ 5-7. Suppleringsval
Blir vervet for ein styremedlem avslutta før tenestetida er ute, skal resten av styret varsle føretaksmøtet om at styrevervet har opphøyrt. Dersom det ikkje finst varamedlem, skal føretaksmøtet velje ein ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld om ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143. Val av ny styremedlem kan utsetjast til neste ordinære føretaksmøte dersom styret framleis er vedtaksført.
§ 5-8. Varamedlemer og observatørar
Føresegnene i lova her om styremedlemer gjeld tilsvarande for varamedlemer og observatørar så langt dei passar.
§ 5-9. Godtgjersle
Føretaksmøtet fastset godtgjersle til styremedlemer, varamedlemer og observatørar. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.
II. Oppgåvene til leiinga, sakshandsaming m.m.
§ 5-10. Forvaltninga av føretaket
§ 5-11. Særlege avgrensingar i myndet til styret m.m.
§ 5-12. Tilsynsansvaret til styret
§ 5-13. Dagleg leiing
§ 5-14. Pliktene dagleg leiar har overfor styret
§ 5-15. Forholdet mellom dotterselskap og morføretak
§ 5-16. Krav om gjelds- og konkurshandsaming
§ 5-17. Sakshandsaminga til styret
§ 5-18. Krav om styrehandsaming m.m.
§ 5-19. Førebuing av saker
§ 5-20. Varsel om styrehandsaming
Styrehandsaming skal varslast på tenleg måte og med nødvendig frist.
§ 5-21. Styreinstruks
§ 5-22. Når styret kan gjere vedtak
§ 5-23. Alminnelege fleirtalskrav
§ 5-24. Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar
§ 5-25. Inhabilitet
Ein styremedlem må ikkje delta i handsaminga eller ved avgjerda av spørsmål som har så mykje å seie for eigen del eller for nokon nærståande at medlemen må reknast for å ha framståande personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Det same gjeld for dagleg leiar. Aksjeloven § 1-5 første ledd gjeld tilsvarande for kven som skal reknast som nærståande.
§ 5-26. Misbruk av posisjon i føretaket
§ 5-27. Forbod mot å ta imot gåver m.m.
§ 5-28. Styreprotokoll
III. Forholda til føretaket utetter
§ 5-29. Representasjon utetter
Styret representerer føretaket utetter og teiknar føretaksnamnet til føretaket.
§ 5-30. Fullmakt til å teikne føretaksnamnet til føretaket
§ 5-31. Representasjonen til dagleg leiar utetter
Dagleg leiar representerer føretaket utetter i saker som inngår i den daglege leiinga.
§ 5-32. Overskriding av mynde
Har nokon som representerer føretaket utetter etter reglane i §§ 5-29 til 5-31, ved disposisjon på vegner av føretaket gått ut over myndet sitt, er disposisjonen ikkje bindande for føretaket når føretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet vart overskride, og det ville vere uheiderleg å gjere disposisjonen gjeldande.
§ 5-33. Manglar ved val av styreleiar eller tilsetjing av dagleg leiar
Etter at val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar er registrert i Føretaksregisteret, kan manglar ved valet eller tilsetjinga ikkje påkallast overfor ein tredjepart, med mindre føretaket godtgjer at tredjeparten kjente til mangelen.
Kapittel 6. Revisjon
I. Revisjon
§ 6-1. Føretaksrevisjon
§ 6-2. Opphøyr av oppdraget til revisor. Nyval av revisor
Aksjeloven § 7-2 om opphøyr av oppdraget til revisor og § 7-3 første ledd om nyval av revisor gjeld tilsvarande.
§ 6-3. Revisjonsmelding
Revisor skal for kvart rekneskapsår gi ei revisjonsmelding til føretaksmøtet. Styret skal ha fått revisjonsmeldinga seinast to veker før det ordinære føretaksmøtet.
§ 6-4. Retten og plikta revisor har til å delta i føretaksmøtet
Revisor skal delta i føretaksmøtet når dei sakene som skal handsamast, er av ein slik art at dette må reknast som nødvendig. I tillegg har revisor rett til å delta i føretaksmøtet. Deltakinga kan skje digitalt, med mindre styret krev at revisor deltek fysisk.
II. Riksrevisjonens kontroll
§ 6-5. Riksrevisjonens kontroll
Riksrevisjonen fører kontroll med forvaltninga av interessene til staten og kan gjere undersøkingar m.m. i føretaket og dei heileigde dotterselskapa til føretaket etter lov om Riksrevisjonen.
Kapittel 7. Føretaksendringar m.m.
§ 7-1. Fusjon (samanslåing) med anna statsføretak
§ 7-2. Fisjon (deling) av statsføretak
§ 7-3. Fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap
§ 7-4. Fusjon (samanslåing) av eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit statsføretak m.m.
§ 7-5. Omdanning av statleg verksemd til statsføretak
§ 7-6. Omdanning av statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap til statsføretak m.m.
§ 7-7. Omdanning av statsføretak til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap
Kapittel 8. Oppløysing og avvikling
§ 8-1. Vedtak om oppløysing
Vedtak om å løyse opp føretaket blir gjort av Kongen i statsråd.
§ 8-2. Vedtak om val av avviklingsstyre og avviklingsmåte
§ 8-3. Melding til Føretaksregisteret
Vedtak om å løyse opp føretaket skal straks meldast til Føretaksregisteret.
§ 8-4. Kreditorvarsel
§ 8-5. Stillinga til føretaket under avviklinga
Aksjeloven § 16-5 om stillinga til selskapet under avviklinga gjeld tilsvarande for føretaket.
§ 8-6. Avviklingsbalanse m.m.
§ 8-7. Dekning av forpliktingane til føretaket
§ 8-8. Utdeling til staten
§ 8-9. Endeleg oppløysing
§ 8-10. Ansvar for udekte forpliktingar
Kapittel 9. Erstatnings- og straffansvar m.m.
§ 9-1. Erstatningsansvar
§ 9-2. Straffansvar
§ 9-3. Rettargangsreglar og berekning av fristar
Rettargangsreglane i aksjeloven § 18-1 og § 18-3 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Det same gjeld aksjeloven § 18-4 om berekning av fristar.
Kapittel 10. Ikraftsetjing, overgangsføresegner og endringar i andre lover
§ 10-1. Ikraftsetjing
§ 10-2. Overgangsføresegner
§ 10-3. Endringar i andre lover
Frå den tida lova trer i kraft, skal følgande endringar gjerast i andre lover: – – –
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.