Lov om barn og foreldre (barnelova)

Type Lov
Publisering 2025-06-20
Status I kraft
Departement Barne- og familiedepartementet
Kilde Lovdata
artikler 125
Endringshistorikk JSON API

Ei sak om endring av farskap kan reisast i Noreg etter § 4-5 dersom nokon av dei som kan reise sak, har vanleg bustad i Noreg, eller dersom farskapen er fastsett etter denne lova.

§ 15-3. Anerkjenning av morskap

Morskap til den som har født barnet i ein annan stat, skal leggjast til grunn i Noreg.

§ 15-4. Anerkjenning av farskap og medmorskap

Farskap og medmorskap som følgjer direkte av utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Dette gjeld ikkje dersom noko anna er fastsett etter §§ 2-8 og 4-5.

Kongen kan i forskrift gi reglar om, eller for kvart einskild tilfelle avgjere, at farskap eller medmorskap som på annan måte er fastsett etter utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Det same kan fastsetjast i avtale med annan stat.

§ 15-5. Jurisdiksjon i sak om foreldreansvar, bustad, samvær m.m.

Dersom barnet har vanleg bustad i Noreg, kan ein sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, bustad, dagleg myndigheit eller om samvær reisast for ein norsk domstol. Det same gjeld i sak som statsforvaltaren skal handsame etter § 14-1.

Ei midlertidig avgjerd kan takast i Noreg når barnet har opphald i Noreg.

§ 15-6. Lovval for foreldreansvar etter lova m.m.

Reglar om foreldreansvar etter §§ 6-1 til 6-3 gjeld for barn som har vanleg bustad i Noreg.

Foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold etter lova i ein stat der barnet tidlegare hadde vanleg bustad, skal leggjast til grunn i Noreg når dette følgjer av konvensjon 19. oktober 1996 om jurisdiksjon, lovvalg, anerkjennelse, fullbyrdelse og samarbeid vedrørende foreldremyndighet og tiltak for beskyttelse av barn artikkel 16 nr. 3. Dette gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre ei utanlandsk avgjerd som skal godkjennast etter § 15-7.

Når eit barn får vanleg bustad i Noreg, og tidlegare hadde vanleg bustad i ein annan stat, kan ein forelder som ikkje har foreldreansvar etter andre ledd, berre tildelast foreldreansvar for barnet i kraft av barnelova dersom forelderen har vanleg bustad i Noreg.

§ 15-7. Anerkjenning av utanlandske avgjerder om foreldreansvar, bustad, samvær m.m.

Ei utanlandsk avgjerd om foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold, flytting med barnet ut av landet, bustad eller om samvær skal berre leggjast til grunn i Noreg direkte i kraft av lova når dette følgjer av avtale med annan stat.

§ 15-8. Jurisdiksjon i saker om barnebidrag

Spørsmålet om barnebidrag kan handsamast av Arbeids- og velferdsetaten eller norsk domstolnår det blir reist sak om farskap, medmorskap, foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet eller samvær for avgjerdsført norsk organ, ellerdersom ein av partane eller barnet har vanleg bustad i Noreg

når det blir reist sak om farskap, medmorskap, foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet eller samvær for avgjerdsført norsk organ, eller

dersom ein av partane eller barnet har vanleg bustad i Noreg

§ 15-9. Henting og utlevering av opplysningar etter avtale med annan stat

Når avtale med annan stat med heimel i § 15-1 andre ledd i lova her eller i bidragsinnkrevingsloven § 2 har reglar om utveksling av informasjon, kan Arbeids- og velferdsetaten utan hinder av teieplikt gi andre medlemsland opplysningar om identitet, adresse eller inntekts- og formuesforhold for partane i ei bidragssak, eventuelt etter at opplysningane er henta etter § 9-5 sjuande ledd i lova her eller etter innkrevingsloven.

§ 15-10. Godkjenning av private avtalar for innkrevjing i utlandet

Når ein part med heimel i ein avtale med annan stat ber om innkrevjing av ein avtale om bidrag etter § 9-5 første ledd, skal avtalen sendast Arbeids- og velferdsetaten for godkjenning. Arbeids- og velferdsetaten skal kontrollere at vilkåra for innkrevjing av avtalen etter norske reglar er oppfylte. Om vilkåra er oppfylte, skal Innkrevjingsmyndigheita gi skriftleg fråsegn om at avtalen er godkjent og tvangskraftig i Noreg.

Kapittel 16 Andre føresegner

§ 16-1. Forholdet til andre reglar om sakshandsaming

Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter denne lova når ikkje noko anna følgjer av reglane her.

§ 16-2. Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret

Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gi dei opplysningane som er nødvendige for utføring av oppgåver etter lova her.

Kapittel 17 Ikraftsetjingsreglar og overgangsreglar. Endringar i andre lover

§ 17-1. Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik tid.

§ 17-2. Overgangsreglar

Departementet kan gi nærmare overgangsreglar.

§ 17-3. Endringar i andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, blir det gjort følgande endringar i andre lover:

Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.

Denne teksten publiseres på de vilkårene for gjenbruk som Lovdata selv fastsetter, ikke under en Legalize-lisens eller en public domain-lisens. Lovdata
NLOD 2.0 (Norsk lisens for offentlige data)
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD) distribuert av Stiftelsen Lovdata.