Lov om barn og foreldre (barnelova)
Foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold etter lova i ein stat der barnet tidlegare hadde vanleg bustad, skal leggjast til grunn i Noreg når dette følgjer av konvensjon 19. oktober 1996 om jurisdiksjon, lovvalg, anerkjennelse, fullbyrdelse og samarbeid vedrørende foreldremyndighet og tiltak for beskyttelse av barn artikkel 16 nr. 3. Dette gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre ei utanlandsk avgjerd som skal godkjennast etter § 84 b.
Når eit barn får vanleg bustad i Noreg, og tidlegare hadde vanleg bustad i ein annan stat, kan ein forelder som ikkje har foreldreansvar etter andre stykket, berre tildelast foreldreansvar for barnet i kraft av barnelova dersom forelderen har vanleg bustad i Noreg.
§ 84 b. Godkjenning av utanlandsk avgjerd om foreldreansvar mv.
Avgjerd om foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med eller samvær skal berre leggjast til grunn i Noreg direkte i kraft av lova når dette følgjer av overeinskomst med annan stat.
§ 85. Godkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet
Fylgjer farskapen eller medmorskapen til eit barn beinveges av utanlandsk lov som skal nyttast etter rettsreglane i vedkomande land, skal dette leggjast til grunn i Noreg, så lenge anna ikkje er fastsett etter §§ 6 og 7.
Kongen kan i forskrift eller for det einskilde tilfelle avgjere at farskap eller medmorskap som på annan måte er fastsett etter utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Det same kan fastsetjast i avtale med framand stat.
Kapittel 10. Avsluttande føresegner.
§ 85 a. Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret
Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.
§ 86. Gjennomføringsforskrifter.
Kongen kan gje dei forskrifter som trengst til gjennomføring av lova.
§ 87. Ikraftsetjing.
Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.1
§ 88. Kva lova har å seie for barn som er født før lova tek til å gjelde.
Lova gjeld også barn som er født før lova tek til å gjelde. Frå dette er gjort fylgjande unntak:Farskap som fylgjer av eller er fastsett etter tidlegare lovgjeving, skal framleis leggjast til grunn til noko anna vert fastsett etter lova her.Avtale eller avgjerd om foreldreansvar, samværsrett eller fostringsplikt frå tida før lova tek til å gjelde, står framleis ved makt til den i tilfelle vert endra etter lova her. Samværsrett direkte etter § 42 andre stykket første punktum gjeld ikkje når foreldra har skilt lag før lova tek til å gjelde.
Farskap som fylgjer av eller er fastsett etter tidlegare lovgjeving, skal framleis leggjast til grunn til noko anna vert fastsett etter lova her.
Avtale eller avgjerd om foreldreansvar, samværsrett eller fostringsplikt frå tida før lova tek til å gjelde, står framleis ved makt til den i tilfelle vert endra etter lova her. Samværsrett direkte etter § 42 andre stykket første punktum gjeld ikkje når foreldra har skilt lag før lova tek til å gjelde.
– – –
§ 89. Endringar i andre lover.
Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slike brigde i andre lover: – – –
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.
Denne teksten publiseres på de vilkårene for gjenbruk som Lovdata selv fastsetter, ikke under en Legalize-lisens eller en public domain-lisens.
Lovdata
NLOD 2.0 (Norsk lisens for offentlige data)
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD) distribuert av Stiftelsen Lovdata.