Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for rett og nødvendig kompetanse i skolen.
§ 17-2. Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.
§ 17-3. Krav for å bli tilsett i lærarstilling
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsett i lærarstilling, har relevant lærarutdanning seinast når dei tar til i stillinga.
Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om at ei påbyrja lærarutdanning blir fullført. Kor lenge ei slik tilsetjing skal vare, avtaler arbeidsgivaren og arbeidstakaren ut frå kor stor stilling og kor lang utdanning det er tale om, og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er.
Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast mellombels også utan vilkår om påbyrja lærarutdanning, men ei slik tilsetjing skal ikkje vare lenger enn til 31. juli.
Departementet kan gi forskrift om kva utdanning og kompetanse ein må ha for å kunne bli tilsett i lærarstilling.
§ 17-4. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som er tilsett i lærarstilling, har relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i.
Krava om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje dei som kunne tilsetjast i lærarstilling før 1. januar 2014, allmennlærarar og mellombels tilsette.
Kommunen og fylkeskommunen kan fråvike krava til relevant kompetanse i undervisningsfag dersom det er nødvendig fordi skolen ikkje har nok tilsette i lærarstilling som oppfyller krava. Ei slik avgjerd skal vurderast på nytt kvart skoleår.
Departementet kan gi forskrift om krav til relevant kompetanse i dei ulike faga.
§ 17-5. Kvalifikasjonsprinsippet
Den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast i ei ledig stilling, om det ikkje er gjort unntak i lov eller forskrift.
Når kommunen og fylkeskommunen skal vurdere kven som er best kvalifisert, skal dei leggje vekt på utdanning, erfaring og kor personleg eigna søkjaren er, halde saman med kvalifikasjonskrava i utlysinga.
§ 17-6. Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling
Berre dei som er tilsett i lærarstilling, kan ha fagleg ansvar for opplæringa.
Når anna personale hjelper til i opplæringa, skal kommunen og fylkeskommunen sørgje for at dei får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.
§ 17-7. Krav om at skolane har tilgang på vikarar
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær.
§ 17-8. Fagleg og pedagogisk utvikling
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som er tilsett i lærarstilling, rektorar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
§ 17-9. Praksisplassar i skolen
Departementet kan i det enkelte tilfellet eller i forskrift gi pålegg om at kommunane eller fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen.
§ 17-10. Personalet ved leirskolar
Undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i den kommunen der leirskolen ligg. Departementet kan gi forskrift om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolar.
§ 17-11. Politiattest og forbod mot tilsetjing
Kommunen og fylkeskommunen skal krevje politiattest av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod. Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i leirskole, må også leggje fram politiattest.
Kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis på skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt. Når det skal vurderast om ein person som skal ha praksis, skal leggje fram politiattest, skal det leggjast vekt på om det alt er utført vandelskontroll etter eit anna regelverk, kor langt praksisopphaldet skal vere, og kor mykje kontakt personen skal ha med elevar.
Kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av personar som skal utføre oppgåver ved skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt.
Politiattesten skal innehalde dei merknadene som politiregisterloven § 39 første ledd fastset. I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar for brot på straffeloven (2005) §§ 251, 252, 253, 254, 255, 256, 263, 264, 272, 273, 284 og 285, straffeloven (1902) §§ 222, 223, 227, 228 andre ledd, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse §§ 1 og 2. Merknader om reaksjonar for brot på desse straffeboda skal i ordinær politiattest oppgis i samsvar med politiregisterloven § 40.
Personar som er dømde for eller har vedtatt førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.
Dersom politiattesten inneheld merknader om verserande sak eller andre straffebrot enn dei som er nemnde i femte ledd, skal det vurderast konkret om personen bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.
Departementet gir forskrift om politiattest, og kva for straffebod som skal vere omfatta av femte ledd. Departementet kan også gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.
§ 17-12. Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
Det skal vere skolefagleg kompetanse i kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen.
Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette med heimel i §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd.
Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa.
Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne
Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne
§ 18-1. Formålet med opplæringa for vaksne
Formålet med opplæringa i § 1-3 og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa med heimel i § 1-4 gjeld så langt det passar for opplæring for vaksne. Opplæringa skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning.
§ 18-2. Rett til førebuande opplæring for vaksne
Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne.
Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen.
§ 18-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Dei som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal komme inn på eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar som dei har søkt på. Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar med betydeleg realkompetanse knytt til ein viss yrkeskompetanse får høve til å formalisere denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev.
Dersom fylkeskommunen tilbyr det, kan dei som har rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, likevel velje vidaregåande opplæring etter kapittel 5. Dei får då dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1.
Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket til opplæringa.
§ 18-4. Rett til yrkesfagleg rekvalifisering
Dei som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
§ 18-5. Vidaregåande opplæring for vaksne utan rett
Fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring.
Fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som er over opplæringspliktig alder, og som ikkje har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring.
Dei som blir tatt inn til vidaregåande opplæring for vaksne utan å ha rett til det, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 18-3.
§ 18-6. Rett til læreplass eller anna tilbod i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Dei som har lovfesta rett til opplæring etter § 18-3, og som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har rett til læreplass. Dersom dei ikkje får tilbod om læreplass, har dei rett til eit anna opplæringstilbod som gir grunnlag for den sluttkompetansen dei er tatt inn på.
Når vaksne deltakarar får opplæringa i bedrift, gjeld kapittel 7 for den delen av opplæringa.
§ 18-7. Påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse
Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, har rett til påbygging til generell studiekompetanse frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.
Dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet, har ikkje rett til påbygging, men rett til vidaregåande opplæring etter § 18-3 fram til generell studiekompetanse. Dette gjeld uavhengig av den nedre aldersgrensa i § 18-3 første ledd.
§ 18-8. Realkompetansevurdering
Dei som har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert.
Dei som ikkje har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten tilrår det.
Departementet kan gi forskrift om realkompetansevurdering, om klage på realkompetansevurdering og om dokumentasjon.
§ 18-9. Gratis opplæring for vaksne
Reglane i §§ 2-5 og 5-8 om gratis opplæring gjeld også for førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.
§ 18-10. Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve
Det er eit vilkår for rett til førebuande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til førebuande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til førebuande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket.
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.
§ 18-11. Plikt til oppmøte og aktiv deltaking i opplæringa for vaksne
Vaksne deltakarar i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring har plikt til å møte opp til opplæringa og delta aktivt.
Kommunen og fylkeskommunen kan etter søknad gje permisjon frå opplæringa.
Kapittel 19 Innhaldet i og organiseringa av den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne
§ 19-1. Innhald, vurdering og dokumentasjon i opplæringa for vaksne
Opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. § 18-1, jf. § 1-4 første ledd og andre ledd i denne paragrafen. Opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne deltakaren.
Departementet kan gi forskrift om læreplanar i fag for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.
Vaksne deltakarar har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon.
§ 19-2. Organisering av opplæringa for vaksne
Den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne skal organiserast som eit særskilt tilbod for vaksne.
Opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen til deltakarane. Opplæringa kan givast som fjernundervisning.
Kommunen og fylkeskommunen kan bruke andre rettssubjekt, til dømes studieforbund, til å gi opplæring til vaksne. Kommunen og fylkeskommunen kan likevel ikkje delegere til andre rettssubjekt å dokumentere opplæringa etter § 19-1.
§ 19-3. Bokmål og nynorsk i opplæringa for vaksne
Deltakarar i opplæringa for vaksne vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet.
§ 19-4. Rett til opplæring i og på samisk for vaksne deltakarar
Samiske deltakarar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i samisk. Samiske deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring på samisk når det er nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa.
§ 19-5. Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar
Kravet i § 11-1 om tilpassa opplæring gjeld for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.
Deltakarar i den førebuande opplæringa har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa med nedsett funksjonsevne eller særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen, for å sikre likeverdige høve til opplæring.
Retten etter tredje ledd gjeld ikkje tilrettelegging som inneber ei uforholdsmessig byrde for fylkeskommunen. Når fylkeskommunen skal vurdere om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal fylkeskommunen leggje særleg vekt på effekten tilrettelegginga har for å byggje ned barrierane for deltakarar med nedsett funksjonsevne og særskilde behov, dei nødvendige kostnadene ved tilrettelegginga og kva ressursar fylkeskommunen har til rådigheit.
§ 19-6. Opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, har rett til slik opplæring. For denne opplæringa gjeld §§ 11-4 til 11-11 og § 11-13.
§ 19-7. Alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) i opplæringa for vaksne
Deltakarar i opplæringa for vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Deltakarane har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelle tilrettelegginga av opplæringa etter §§ 19-5 og 19-6.
§ 19-8. Særskild språkopplæring for vaksne deltakarar
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til særskild språkopplæring etter § 3-6.
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til forsterka opplæring i norsk etter § 6-5 første ledd første punktum.
§ 19-9. Opplæring i og på norsk teiknspråk for vaksne deltakarar
Deltakarar med høyrselshemming i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i norsk teiknspråk. Deltakarane har rett til opplæring ved bruk av teiknspråktolk eller opplæring på norsk teiknspråk.
§ 19-10. Opplæring i punktskrift for vaksne deltakarar
Deltakarar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4. Dei har også rett til mobilitetstrening etter § 11-5 andre ledd.
§ 19-11. Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne
Reglane i § 5-3 om planlegging og utbygging av det vidaregåande opplæringstilbodet gjeld for det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne deltakarar.
§ 19-12. Rådgiving om utdannings- og yrkesval i opplæringa for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne får rådgiving om utdannings- og yrkesval.
§ 19-13. Kompetansekrav i opplæringa for vaksne
Reglane i §§ 17-3, 17-4 og 17-5 om kompetansekrav for lærarar og kvalifikasjonsprinsippet gjeld i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne.
Første ledd gjeld ikkje for opplæring etter § 19-6. Opplæringa skal likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing.
Departementet kan gi forskrift om kompetansekrav for dei som skal undervise i forsterka opplæring i norsk.
§ 19-14. Politiattest og forbod mot tilsetjing i den førebuande opplæringa for vaksne
Reglane i § 17-11 om politiattest og forbod mot tilsetjing gjeld for den førebuande opplæringa for vaksne.
Kapittel 20 Medverknad, læringsmiljø, lokale ordensreglar og bortvising i opplæringa for vaksne
§ 20-1. Rett til medverknad for vaksne deltakarar
Deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Deltakarane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira.
§ 20-2. Krav til læringsmiljøet i opplæringa for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide kontinuerleg for at alle deltakarane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.
Deltakarar i opplæringa for vaksne skal ikkje utsetjast for krenkjande oppførsel. Alle som arbeider i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne, skal om mogleg gripe inn dersom ein deltakar blir utsett for krenking.
§ 20-3. Ordensreglar for opplæringa for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om lokale reglar for opplæringa for vaksne, mellom anna om orden og oppførsel (ordensreglar).
Kommunen og fylkeskommunen kan i slike ordensreglar angi kva tiltak som kan brukast når deltakarar bryt ordensreglane, og korleis slike saker skal behandlast.
§ 20-4. Bortvising av vaksne deltakarar
Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje i forskrift etter § 20-3 at deltakarar i opplæringa for vaksne kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på reglane i forskrifta, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen.
Ein deltakar kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.
Deltakarar kan visast bort frå resten av kurset eller modulen dei er tatt inn på, dersom regelbrota er særleg alvorlege.
Kommunen eller fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om at ein deltakar skal visast bort frå resten av kurset eller modulen til eit organ ved opplæringsstaden.
Kapittel 21 Skyss, reisefølgje og losji for deltakarar i opplæringa for vaksne
§ 21-1. Skyss til og frå opplæringsstaden for deltakarar i opplæringa for vaksne
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå opplæringsstaden.
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå opplæringsstaden.
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til skyss etter reglane i § 9-1 ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 24 år.
§ 21-2. Reisefølgje for og tilsyn med deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som får skyss til og frå opplæringsstaden, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.
§ 21-3. Avgrensing av rett til skyss og rett til losji i den førebuande opplæringa for vaksne
Retten til skyss etter § 21-1 gjeld ikkje dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg.
Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til deltakaren og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji.
Kommunen skal ha tilsyn med innlosjerte vaksne deltakarar om det trengst.
Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar
Kapittel 22 Privat opplæring
§ 22-1. Kven som kan drive private skolar etter lova
Private kan berre drive skole etter denne lova med godkjenning av departementet. Departementet skal godkjenne private grunnskolar dersom dei kan oppfylle krava i § 22-2. Departementet kan gi forskrift om saksbehandlingsreglar for godkjenning av private grunnskolar i samsvar med tjenesteloven § 27. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bot.
Departementet kan godkjenne private vidaregåande skolar dersom det ligg føre ein mellomstatleg avtale om drift av slike skolar. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i lova og i forskrift gitt med heimel i lova.
Godkjenninga etter første og andre ledd fell bort dersom ein skole ikkje set i gang verksemda si etter lova innan tre skoleår etter at godkjenninga vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd. Skolen skal gi melding til departementet når drifta etter lova blir nedlagd.
§ 22-2. Ansvaret til private grunnskolar
For private grunnskolar gjeld:§§ 1-3 og 1-4 første og andre ledd om mål og prinsipp for opplæringa§ 2-3 om innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa§ 3-1 om bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolenkapittel 10 om det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta§ 11-1 om tilpassa opplæringkapittel 12 om skolemiljøet til elevane§ 13-1 om bortvising og §§ 13-3 til 13-5 om skadeførebygging§ 14-1 andre ledd om skole- og feriedagar§ 14-2 om inndeling av elevar i klassar og grupper§ 14-4 om fjernundervisning§ 14-5 om forbod mot forkynning§ 14-6 om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn§ 14-7 om opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikkkapittel 16 om rådgivingkapittel 17 om personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling§ 24-2 om opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta§ 24-3 om plikt til å melde frå til barnevernet§ 25-1 om behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt§ 25-4 om plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar§ 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
§§ 1-3 og 1-4 første og andre ledd om mål og prinsipp for opplæringa
§ 2-3 om innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
§ 3-1 om bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
kapittel 10 om det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
§ 11-1 om tilpassa opplæring
kapittel 12 om skolemiljøet til elevane
§ 13-1 om bortvising og §§ 13-3 til 13-5 om skadeførebygging
§ 14-1 andre ledd om skole- og feriedagar
§ 14-2 om inndeling av elevar i klassar og grupper
§ 14-4 om fjernundervisning
§ 14-5 om forbod mot forkynning
§ 14-6 om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
§ 14-7 om opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
kapittel 16 om rådgiving
kapittel 17 om personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
§ 24-2 om opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
§ 24-3 om plikt til å melde frå til barnevernet
§ 25-1 om behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
§ 25-4 om plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar
§ 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
Kommuneloven § 25-1 om internkontroll gjeld også for private grunnskolar.
Der lova legg ansvar, oppgåver eller plikter til kommunen, ligg ansvaret ved ein privat skole til det øvste organet på skolen.
Heimkommunen skal sørgje for at elevane har same tilgang til den pedagogisk-psykologiske tenesta som elevane i den offentlege skolen.
§ 22-3. Unntak frå visse krav for utanlandske og internasjonale grunnskolar
Departementet kan gjere unntak frå krava i § 22-2 første ledd for utanlandske og internasjonale grunnskolar så framt unntaka ikkje svekkjer dei grunnleggjande rettane til elevane.
§ 22-4. Teieplikt i private skolar
Forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og § 13 g om teieplikt gjeld for private skolar som er godkjende etter § 22-1.
§ 22-5. Privat grunnskoleopplæring i heimen
Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskoleopplæring i heimen.
Den private grunnskoleopplæringa i heimen skal oppfylle krava til formålet med opplæringa i § 1-3, krava i § 1-4 andre ledd om at opplæringa skal vere i samsvar med læreplanar for fag og § 1-6 første ledd om fag- og timefordelinga, forbodet mot forkynning i § 14-5 og krava i § 14-7 til korleis opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp.
Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskoleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.
Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava i andre ledd, skal barnet gå på skolen.
§ 22-6. Statleg tilsyn med private skolar
Departementet fører tilsyn med private skolar, jf. § 29-2 andre ledd. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.
Kapittel 23 Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring
§ 23-1. Privatistar
Den som har meldt seg til eksamen utan å delta i opplæring i faget, er privatist. I grunnskolen er det berre dei som ville hatt rett til opplæring for vaksne etter reglane i kapittel 18, som kan gå opp til eksamen som privatist.
§ 23-2. Praksiskandidatar
Den som har allsidig praksis i eit lærefag som er 25 prosent lengre enn det fastsette opplæringsløpet for faget, kan melde seg til fag- eller sveineprøva som praksiskandidat, utan opplæring i skole eller bedrift. Fylkeskommunen avgjer om praksisen kan godkjennast og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.
§ 23-3. Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring
Den som har utanlandsk fag- eller yrkesopplæring, kan søke departementet om å få ei godkjenning av opplæringa. Departementet skal godkjenne opplæring som har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget. Opplæring som er godkjent, er sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev eller vitnemål.
Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning, saksbehandling, klage og om oppnemning av klagenemnd.
§ 23-4. Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring
Ved vurdering av søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3 kan det behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Vedtak om godkjenning kan gjerast ved heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.
Fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at ein person har eit godkjenningsvedtak, kan delast automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vedtak kan berre delast når den registrerte har bestemt det.
Dersom den som behandlar ein søknad om godkjenning, oppdagar at ein søkjar har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.
Sjuande del – forskjellige reglar
Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegner av eleven
§ 24-1. Samarbeid og samordning
Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen avgjere kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at alle tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Når det må til for å løyse oppgåvene etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.
Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19, og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.
Krava i denne paragrafen gjeld på same måte for samarbeid og samordning for vaksne deltakarar som har rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne etter kapittel 18.
§ 24-2. Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir merksame på slike forhold, av eige tiltak gir sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta alle relevante opplysningar som dei ikkje har plikt til å teie om.
§ 24-3. Plikt til å melde frå til barnevernet
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphaldnår det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssviktnår det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæringnår eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingarnår det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel
når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæring
når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingar
når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
§ 24-4. Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overtatt omsorga
Dersom barnevernstenesta har overtatt omsorga etter barnevernsloven §§ 5-1 eller § 4-2 eller vedtatt flytteforbod etter barnevernsloven § 4-3, har barnevernstenesta og fosterforeldra eller institusjonen der eleven bur, rett til å ta avgjerder på vegner av eleven. Dersom barnevernstenesta meiner at vurderingane til fosterforeldra eller institusjonen ikkje er til det beste for barnet, skal fosterforeldra eller institusjonen rette seg etter avgjerda til barnevernstenesta.
Foreldra til eleven har likevel rett til å velje privat skole etter § 2-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta etter § 2-2, velje skriftspråk etter § 3-1, krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn etter § 14-6, og krevje opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk etter §§ 3-2 og 3-3.
§ 24-5. Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år
Dei som har fylt 15 år, tar sjølve stilling til spørsmål knytte til opplæringa, mellom anna samtykke til individuelt tilrettelagd opplæring, melding om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn og søknad om inntak til den vidaregåande opplæringa.
Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar
§ 25-1. Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.
Fylkeskommunar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebyggje fråvær frå opplæringa og følgje opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.
Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
§ 25-2. Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse skal leggje til rette forsamling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæringkontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglaropptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanningdeling av vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse
samling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
kontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar
opptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning
deling av vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse
Fylkeskommunar og andre som tilbyr vidaregåande opplæring, skal utan hinder av teieplikt levere alle vitnemål og kompetansebevis frå den vidaregåande opplæringa til databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.
Databasen kan også innehalde vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse frå anna opplæring og utdanning i den mon det tener til å oppfylle eitt eller fleire av formåla i første ledd.
Databasen kan dele fødselsnummeret eller D-nummeret til ein person og informasjon om kva for dokumentasjon av kompetansen til personen databasen inneheld automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den registrerte har bestemt det.
Departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysningar i databasen, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
§ 25-3. Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret
Offentlege styresmakter kan utan hinder av teieplikt hente inn opplysningar frå folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om kva for opplysningar som kan hentast inn.
§ 25-4. Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar
Departementet kan gi forskrift om at dei ansvarlege for opplæringa og dei som får opplæring, skal delta i evalueringar og gi opplysningar om opplæringa, så langt det er nødvendig for å evaluere, utvikle og forbetre verksemda etter denne lova. Departementet kan vidare gi forskrift om at det i dette arbeidet kan behandlast personopplysningar, og mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar. Behandlinga kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
§ 25-5. Register over barn i grunnskoleopplæring
Departementet kan etablere eit register med opplysningar om barn i grunnskoleopplæringa på individnivå for bruk i statistikk og forsking om grunnopplæringa. Registeret kan innehalde personopplysningar knytte til fødselsnummer eller andre personeintydige identifikasjonsnummer.
Formålet med registeret er å behandle personopplysningar som grunnlag for statistikk og forsking for å få fram kunnskap om effektar av tiltak og om utviklinga i sektoren.
Registeret kan berre behandle dei personopplysningane som er nødvendige å behandle for formålet med registeret. Personopplysningane i registeret kan ikkje brukast til formål som er uforeinlege med formål nemnde i andre ledd. Personopplysningane kan ikkje brukast som grunnlag for enkeltvedtak eller andre individuelle avgjerder eller tiltak retta mot dei registrerte.
Personopplysningar frå registeret kan ikkje utleverast til andre enn Statistisk sentralbyrå.
Departementet kan gi forskrift om registeret og om plikt for kommunar til, utan hinder av teieplikt, å innrapportere dei opplysningane som er nødvendige for å oppnå formålet med registeret. Departementet kan vidare gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Kapittel 26 Kulturskole
§ 26-1. Kulturskole
Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.
§ 26-2. Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.
Kapittel 27 Reklameforbud og forbod mot ansiktsdekkjande plagg
§ 27-1. Forbod mot reklame i skolen
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke haldningar, oppførsel og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi forskrift om kva slags reklame forbodet dekkjer.
§ 27-2. Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
Elevar og vaksne deltakarar skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei får opplæring. Det same gjeld når elevar deltar i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.
Tilsette i skolen skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei er saman med elevane eller deltakarane. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga, leksehjelpordninga, skolehelsetenesta eller den pedagogisk-psykologiske tenesta.
Forbodet gjeld ikkje tildekking av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking som tener pedagogiske eller sosiale føremål.
Kapittel 28 Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen
§ 28-1. Kommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar
Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne for dei som bur i kommunen, bortsett frå dei som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 28-3 til 28-6. Kommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på kommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i kommunen. Departementet kan gi forskrift om at ein kommune skal ha det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa for elevar som får slik opplæring utanfor kommunen.
§ 28-2. Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for dei som bur i fylket. Fylkeskommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på fylkeskommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte.
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring etter reglane i §§ 28-3 til 28-5.
Fylkeskommunar som har ledig kapasitet, skal gi tilbod om vidaregåande opplæring til søkjarar frå andre fylke dersom dei har rett til opplæring etter § 5-1. Heimfylket skal refundere utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.
Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i fylket. Departementet kan gi forskrift om refusjon av utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.
Departementet kan gi forskrift om det økonomiske ansvaret fylkeskommunen har for utgifter til opphald for elevar i vidaregåande opplæring med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk.
Oslo kommune har dei rettane og pliktene som ein fylkeskommune har etter denne lova.
§ 28-3. Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som bur i barnevernsinstitusjonar i fylket. Dette gjeld berre institusjonar som er godkjende etter barnevernsloven § 10-17.
Fylkeskommunen der ein barnevernsinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der barnet eller den unge var busett då vedtaket om plassering vart gjort. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.
Blir opplæringa gitt i barnevernsinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.
§ 28-4. Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som er innlagde i helseinstitusjonar i fylket. Fylkeskommunen skal også oppfylle denne retten for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for barnet eller søskenet.
Ansvaret til fylkeskommunen omfattar berre innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten, og barn og søsken til innlagde som får slike tenester.
Fylkeskommunen der ein helseinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten eller barnet eller søskenet til pasienten var busett på innleggingstidspunktet. Refusjonsretten gjeld berre ved innlegging i institusjonar som tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, og innlegging i institusjonar i det psykiske helsevernet. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.
Blir opplæringa gitt i helseinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.
§ 28-5. Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for innsette i fengsel i fylket.
Dersom opplæringa ikkje blir gitt på skolen, skal kriminalomsorga sørgje for dei lokala som trengst.
§ 28-6. Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for
Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne, og at ein kommune driv vidaregåande opplæring.
Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv vidaregåande opplæring i utlandet, dersom målet med opplæringa er norsk studie- eller yrkeskompetanse. Denne lova gjeld for slik opplæring. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet likevel gjere unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova. Departementet kan endre vilkåra for godkjenninga når tilhøva talar for det, og kan om nødvendig kalle ho tilbake.
Staten kan i særlege tilfelle drive grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring. Departementet kan gi forskrift om unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova når staten driv grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring.
§ 28-7. Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og for deltakarar i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne. Det er likevel kommunen som skal oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje, tilsyn og losji for grunnskoleelevar og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne.
Når fylkeskommunen sørgjer for skyss for elevar i grunnskolen og deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne, skal kommunen dekkje utgiftene som svarer til persontakst for enkeltreiser på strekninga.
Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Blir dei ikkje samde, kan statsforvaltaren gi pålegg om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast.
Kommunen har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen etter § 4-3. Fylkeskommunen har ansvar for å hjelpe elevar i den vidaregåande opplæringa med å skaffe bustad etter § 9-3.
Departementet kan gi forskrift omskoleskyss og skyssgodtgjersleheimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke
skoleskyss og skyssgodtgjersle
heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9
heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke
§ 28-8. Ulykkesforsikring
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevar og vaksne deltakarar. Fylkeskommunen skal også sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikring ikkje er dekkjande.
Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring gjeld ikkje leksehjelpordninga, skolefritidsordninga eller kulturskolen.
Departementet kan gi forskrift om ulykkesforsikring.
§ 28-9. Karriererettleiing
Fylkeskommunen skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for dei som er folkeregistrert som busette i fylket. Fylkeskommunen skal samarbeide med Arbeids- og velferdsetaten om tilbodet.
Departementet kan gi forskrift om innhaldet i og omfanget av karriererettleiinga og om korleis tilbodet skal vere organisert.
Kapittel 29 Klageinstans, tilsyn og forsøk
§ 29-1. Klageinstans for enkeltvedtak
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter opplæringslova.
For enkeltvedtak som ikkje gjeld opplæring eller skoleskyss, reisefølge og tilsyn i forbindelse med skyss, gjeld likevel reglane om klageinstans i forvaltningsloven § 28. I den vidaregåande opplæringa gjeld reglane om klageinstans i forvaltningsloven § 28 også for vedtak om inntak av gjesteelevar og vedtak om kva for utdanningsprogram, programområde og skole ein søkjar skal takast inn på.
Departementet gir forskrift om kven som skal vere klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering.
§ 29-2. Statleg tilsyn
Statsforvaltaren kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller plikter som dei er pålagde i §§ 1-4 til 1-6, §§ 2-1 til 2-6, kapittel 3 til 4, § 5-1, §§ 5-3 til 5-9, kapittel 6, §§ 7-1 til 7-9, § 8-2, kapittel 9, §§ 10-1 til 10-8, §§ 11-1 til 11-13, §§ 12-2 til 12-5, § 12-7, kapittel 13 til 16, §§ 17-1 til 17-11, kapittel 18-21, § 22-2, § 22-5, § 23-2, kapittel 24 til 25, § 26-1, kapittel 27 til 28 og § 29-4 og i forskrift med heimel i desse paragrafane, og plikta til å ha internkontroll etter kommuneloven § 25-1. Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for tilsynsverksemda.
Departementet kan føre tilsyn med andre plikter enn dei som er pålagde kommunane og fylkeskommunane i lova og i forskrift med heimel i lova. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.
§ 29-3. Forsøksverksemd
Etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen, eller etter eige initiativ, kan departementet gjere tidsavgrensa unntak frå lova eller reglar gitt med heimel i lova dersom det er nødvendig for å gjennomføre pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøka skal vere etisk forsvarlege, godt fagleg underbygde, og ikkje svekkje elevane sine grunnleggjande rettar etter lova. Forsøka skal evaluerast og rapporterast.
§ 29-4. Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig
Ein kommune eller fylkeskommune skal oppfylle eit vedtak frå eit statleg forvaltningsorgan som gir ein part rett til tenester etter denne lova, sjølv om kommunen eller fylkeskommunen får vedtaket kjent ugyldig gjennom søksmål etter tvisteloven § 1-4 a. Eit vedtak av dette slaget kan berre gjerast om til skade for den private parten etter reglane i forvaltningsloven § 35 første ledd bokstav c dersom vedtaket er ugyldig fordi den private parten eller nokon som har handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt urette opplysningar eller halde tilbake opplysningar.
Åttande del – sluttreglar
Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar
§ 30-1. Iverksetjing og oppheving
Lova gjeld frå den tida1 Kongen fastset. Samstundes blir lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa oppheva. Kongen kan setje i verk ulike kapittel eller reglar i lova til ulik tid.
§ 30-2. Overgangsreglar
Forskrifter og enkeltvedtak med heimel i reglar som blir oppheva eller endra med denne lova, står ved lag til Kongen fastset noko anna. Kongen kan gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing til denne lova.
Personale i grunnskolen som var tilsett i uoppseieleg stilling 1. august 1999, kan ikkje seiast opp, og lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 24 nr. 1 andre ledd og nr. 2 gjeld for dei.
§ 30-3. Endringar i andre lover
Frå den tida lova trer i kraft, blir det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –
Vedlegg. Samisk omsetting
Sjå her for å lese lova på nordsamisk: pdf-lenke.
Lesing av dette dokumentet erstatter ikke den offisielle teksten publisert av Lovdata. Vi påtar oss intet ansvar for eventuelle unøyaktigheter.
Denne teksten publiseres på de vilkårene for gjenbruk som Lovdata selv fastsetter, ikke under en Legalize-lisens eller en public domain-lisens.
Lovdata
NLOD 2.0 (Norsk lisens for offentlige data)
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD) distribuert av Stiftelsen Lovdata.